Kjærleik

Oppgave om kjærlighet. Forklarer hva, hvordan++.

Karakter: 6- (10. klasse)

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.02.14

Kjærleik er eit spesielt ord. Sjølv om dei fleste truleg assosierar det med noko som er vent og vakkert, er det til alle tider folk som ser på det som noko smertefullt og sårande.

 

Ordet kjærleik er eit fint ord. Det har ein fin klang, og det høyrest veldig poetisk ut. Dersom du sei ordet fleire gongar etter kvarandre høres du ut som ein filosof eller poet. Berre prøv sjølv: ”Kjærleik, kjærleik, kjærleik…”Det er nok ikkje utan grunn at det norske folk har vald ordet ”kjærleik” til Noregs vakraste ord!

 

Kjærleiken følgjer oss gjennom heile livet,

frå vogge til grav.

 

Den første kjærleiken vi møter når vi kjem til verda er kjærleiken mellom foreldre og barn. Å ha ei mor og ein far som er glad i deg er ei heilt spesiell kjensle. Ei mor som byssar deg i søvn kvar natt, sjølv om ho er trøtt og sliten sjølv… Ein far som følgjer deg første dag i barnehagen… Saman lærer mor og far deg å gå. Dette er ein kjærleik som du tek med deg gjennom heile livet.

 

Så byrjar ein i barnehagen. Der er det mange framande ungar som du etterkvart blir kjende med. Dette er det første møte med kjærleik til venner. Du finn deg éin, eller kanskje to personar som du er saman med heile tida. Kanskje får du òg di første forelsking i barnehagen…

 

Etter kvart byrjar du på skule. Der er det enda fleire barn enn i barnehagen, og mange fleire å bli kjend med. Du kjem i ei klasse med berre ukjende barn, og føler deg heilt åleine for første gong i livet. Sjølvsagt tek det ikkje mange timane for nokon kjem bort til deg og spør om du vil vere med og leike. Då får du endå ein gong oppleve kjærleiken i vennskap.

 

Så kjem ungdomstida, og forelsking. Du held deg meir og meir med det motsette kjønn. Forelsking er både fint og vondt. Dersom du møter nokon du likar godt, kan det følast som om du svevar på ei rosa sky. Du brukar fritida di på å skrive små kjærleiksdikt, men lukka tek brått slutt når du finn ut at den du likar ikkje føler det same som deg.

 

Dersom du får deg ein kjærast bør du sørgje for at du kjenner personen godt nok til at dykk kan vere saman. I eit forhold meinar mange at det viktigaste er at kjærastane tenkjer og meinar det same. Det er ikkje på langt nær så viktig som å vere glad i kvarandre!

 

Så kjem den ekte kjærleiken. Du møter ”den eine”. Dykk giftar dykk og får barn saman, og alt er heilt perfekt. Plutseleg ein dag vaknar du opp utan å ha kjensler for ektefellen din. Dykk pratar saman, og finn ut at dykk skal halde saman ei lita stund til. For barnas skuld.

 

For mange held ikkje forholdet lenger, og det endar i skilsmisse. Det blir då ei rift om kven som skal ha foreldreretten og mykje anna. Dette er ingen spøk å gå igjennom for barna. Mange barn slit med depresjon etter at foreldra har skilt seg.

 

Etter ”den store kjærleiken” er det få som nokon gang finn seg ein ny person å dele livet saman med. Det går fleire år, og du blir pensjonist. Plutseleg møter du ein mann eller ei dame du har lyst å vere saman med, og dykk blir eit par. Dette er siste fasen i ”kjærleik-krinslaupet”. Dykk held saman i fleire år, før dykk blir gamle å sjuke begge to. Det er då det er fint å ha nokon du er glad i og vil døy saman med. Dermed tek dykk kjærleiken med i grava.

 

Det er òg fleire ting å ha kjærleik til, for eksempel naturen. Sjølvsagt er det ikkje denne typen kjærleik folk først tenkjer på, men den er der likevel! Det er ei utruleg kjensle å få røyre seg ute i frisk luft, anten du er åleine eller saman med nokon. Denne typen kjærleik er ikkje så avansert som mange av dei andre. Kjerleik til naturen kan vere noko så enkelt som å gå ein tur i skogen to gongar i veka, berre for å høyre fuglekvitter og puste inn frisk luft. Det er nesten umogleg å ikkje like naturen. I alle fall ikkje her på Sunnmøre, med alle våre vakre fjordar og fjell.

 

Medan vi snakkar om å gå tur for å høyre fuglekvitter, kan eg fortelja deg at det finst kjærleik til fuglar og dyr også. Nokon likar godt sjeldne dyr som finst i regnskogen og ørkenen, medan nokon held seg til kjæledyret sitt heime i stova. Dersom du har eit kjæledyr kan du nytte høvet til å snakke til det når du føler deg heilt åleine. Du opplever ofte at ein lat katt er ein veldig god lyttar!

 

Om du har hatt kjæledyret ditt ei stund gjer det vondt å miste det. Dersom hunden din plutseleg vert sjuk og ikkje kan bli frisk igjen, er det best å dra til dyrlegen og få sett ei sprøyte. Sjølv om du veit med deg sjølv at det var det beste å gjere, er det like vondt. Nokon gongar kan tapet av eit kjæledyr kjennest like vondt som å miste eit familiemedlem.

 

Mange har ei heilt feil oppfatning av kjærleik, og trur at kjærleik består berre av seksuelt samkvem. Dette er heilt feil, men diverre er det mange som ikkje forstår dette. Vi høyrer stadig om pornografi og seksuelle overgrep i radio og fjernsyn. Det er synd at enkelte folk ikkje veit skilnaden på kva som er rett og gale.

 

Kva er kjærleik?

-kjærleik er varme, glede og lukke.

-kjærleik er søte små ord kviskra i eit øyre

-kjærleik er auger som møtest

-kjærleik er hender som held kvarandre

 

Kjærleik er alt!

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst