Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Unni Lindell (1957-)

Unni Lindell (1957-)

Biografi om Unni Lindell.

Skrevet i 10. klasse.

Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
14.02.2006

Fullt namn: Unni Maria Lindell

Født: 1957, Oslo

Yrke: forfattar og journalist

Bustad: Røyken

Familie: Mann: Per Christian, born: Christian og Fredrik

 

Unni Lindell vart fødd i Oslo i 1957. Ho var berre ti år gammal då ho bestemte seg for å bli forfattar. Den første boka hennar kom ut i 1986. Det var ungdomsromanen ”Den grønne dagen”. Heilt sidan 1989 har ho vore forfattar på heiltid, og ho har skrive nesten 40 bøker; både romanar, barne- og ungdomsbøker, kriminalromanar, noveller og ei diktsamling.

 

Ho har også arbeidd som oversettar av både svenske og franske bøker. Fleire av bøkene hennar har kome til i samarbeid med barn, som ”Barnetimeboka 97” og dei suksessrike sitatbøkene, som er skapt på grunnlag av intervju som blei gjort i barnehagar. Ho har delteke i fleire novelleantologiar og bøkene hennar er oversatt til ei rekke språk.

 

Unni Lindell fikk til alle tider høyre at ho måtte prøve å få seg ei skikkelig utdanning, så ho byrja å studere på Blindern for å bli adjunkt. Dette gjekk derimot ikkje så bra, sidan ho blei gravid som 20-åring. Etter det slutta ho å studere. I studietida si jobba ho i ein bokhandel i Sandvika, i tillegg til at ho var servitør. Ved sidan av det fekk ho publisert kriminalnoveller i Aftenpostens magasin.

 

Ho likte seg ikkje spesielt godt på Blindern, ho syntes det var stort og skummelt. Ho var heller ikkje den som engasjerte seg mest i studiemiljøet, og brukte mesteparten av tida si i lesesalen. No er ho berre glad for at ho droppa studiane og ikkje blei adjunkt. Ho meinar at ein bør få gjere det ein har lyst til. Sjølv om ho aldri fullførte grunnfag i Fransk, gjekk ikkje det tapt. Ho blei jo trass alt oversettar av franske bøker.

 

Unni Lindell elskar å arbeide. Noko av det beste ho veit er å sitte åleine framfor datamaskina si, drikke kaffi og kose med katten sin. Sjølv om det blir mykje reiser og boklanseringar føler ho seg berre heldig for at ho får oppleve alt dette. Ho får jo trass alt treffe mange lesarar, bokhandlarar, bibliotekarar, journalistar og forlagsfolk.

 

Prisar og utmerkingar:

- Rivertonklubbens novellekonkurranse, 1989

- Cappelens romankonkurranse, med boka ”Fluefangeren”, 1992

- Kritikerprisen for boka ”Sugemerket”, 1994

- Mads Wiel Nygaards legat for boka ”Måneorkesteret”, 1998

- Noregs beste ungdomsbokforfattar, 1998

- Rivertonprisen for boka ”Drømmefangeren”, 1999

- ”Drømmefangeren” blei innstilt til Glasnøkkelen; prisen for Skandinavias beste kriminalroman.

- ”Slangebæreren” og ”Drømmefangeren” er dramatisert og sendt på NRK, norsk TV.

 

Annas barn blei gitt ut i 1991, og blei publisert på nytt i 2005, med ny tittel; Anna + Didrik = Baby. Unni Lindell blei (av Ungdomsbokklubbens medlemmer i 1998) kåra til Noregs beste ungdomsbokforfattar på bakgrunn av denne boka.

 

Dei fire bøkene om etterforskaren Cato Isaksen er mest sannsynleg dei bøkene folk flest kjenner Unni Lindell frå i dag. Den første boka om den populære etterforskaren heitte ”Slangebæreren”, og kom ut i 1996. Etter den fylgde ”Drømmefangeren” og ”Sørgekåpen.”

 

Boka ”RØDHETTE” – verdt å vite!

- Boka har nesten berre fått positive tilbakemeldingar. Den har vorte mykje omtala i både aviser, radio og fjernsyn. Den har også blitt liggande på andre plass på bestseljarar heilt sidan den kom ut – etter Da Vinci-koden.

- Ideen til boka fekk ho då ho byrja å tenke på alt kvinner må passe seg for på grunn av menn, for eksempel sjå seg over skuldera når dei går langs ein mørk veg. Kvinner må lære å beskytte seg frå ung alder. Boka handlar om ei dame som har fått nok av dette og byrjar å drepe menn som skremmer eller irriterar henne.

- Boka vender seg mest til kvinner, så dersom det hadde funnest noko som heiter ”kvinnethriller”, hadde denne boka vore éin av få slike bøker. Boka er ein blanding av kriminalroman og thriller.

 

Unni Lindells tips for korleis ein kan bli forfattar:

- Ein jobbar seg til inspirasjon, og det viktigaste verktøyet ein forfattar må ha er viljen til å jobbe. Det blir ingen bøker utan at du arbeidar for det.

- Du må ha VELDIG lyst til å bli forfattar. Dersom du går verkeleg inn for det vil du sjå at det ikkje er så vanskeleg som mange skal ha det til.

- Historiene finn du i kvardagen. Du treng ikkje gå rundt å leite etter store intriger, historier finst overalt. Det er berre å opne augo og sjå seg rundt!

 

Mi meining:

Unni Lindell er ein kjempeflink forfattar. Ho gjer grundig forarbeid når ho skal skrive ein roman, dette gjer handlingane svært levande. Ho prøver å skrive så nært opp til det verkelege liv som mulig, og legg stor vekt på dei små kvardagslege tinga i bøkene sine. Ho er dessutan ein svært god personskildrar, noko som gjer at ein føler ein kjenner romanfigurane hennar svært godt. Ho skriv fengjande og spanande forteljingar, og det er ikkje utan grunn at bøkene hennar ligg på lista over dei bestselgjande bøkene i Noreg.

 

Bibliografi

- Den grønne dagen – ungdomsroman (1986)

- Kongen er pappaen til to tvillinger som heter Gro og Kåre – humor (1987)

- Hemmeligheten i sirkuset – barnebok (1988)

- Henrik Vipsen og hans bifokale onkel som er født i fiskebollens tegn – humor(1988)

- Bursdag – idebok (1989)

- Fire dager til fullmåne – barnebok (1990)

- Vi lager jul – idebok (1990)

- Gamle damer legger ikke egg – humor (1991)

- Annas barn – ungdomsroman (1991) - ny utgave 2005: Anna + Didrik = Baby

- Fuglefangeren – ungdomsroman (1992)

- Skjelettet er et stativ som man kan henge fra seg kroppen på–humor(1992)

- Rosamunde Harpiks, den lille heksen med de store ørene – barnebok (1993)

- Norges første statsminister het Tor med hammeren – humor (1993)

- En grusom kvinnes bekjennelser – noveller (1993)

- Sugemerket – ungdomsroman (1994)

- Alene hjemme – lettlestbok (1994)

- To fruer i en smekk – humor (1995)

- Jens Bånn, den lille spionen – barnebok (1995)

- Min fars kjole er rød som reven – dikt (1995)

- Grisen er dekket av svinepels – (1996)

- Det er alltid for tidlig å stå opp. Libresser, første bind – humor (1996)

- Slangebæreren – kriminalroman (1996)

- Jesus gikk på vannet fordi han ikke ville bli våt på beina – humor (1997)

- Den lille dameboken. Libresser i utvalg – humor (1997)

- Regjeringen bestemmer hvordan været skal bli – humor (1998)

- Måneorkesteret – roman (1998)

- Sjefen bestemmer over Gud og Hermann! – humor (1999)

- Pinocchios nye reise – barnebok (1999)

- Drømmefangeren – kriminalroman (1999)

- Sørgekåpen – kriminalroman (2000)

- Å være engel er et typisk kvinneyrke – humor (2000)

- En familie består av 4 hoder, 8 armer og 8 bein – humor (2001)

- Prinsesser er rosa om dagen og sorte om natten – humor (2002)

- Nattsøsteren – kriminalroman (2002)

- I Afrika er snøen svart – humor (2003) (illustrert av Bo Gaustad)

- Pass opp! Her kommer Gud og hun er en katt – foto/prosa (2003)

- Rødhette – kriminalroman (2004)

- Kjære Gud jeg har det godt har du noe ull – humor (2005)

- Orkestergraven – kriminalroman (2005)

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil