Julegåver, julepynt, julekaker, juleditt og juledatt. Jula, nå er den her igjen. Med pinnekjøt, sju sorter kake, gløgg og nøtter tek den oss med storm. Jula, ei høgtid som står for fred og ta vare på kvarandre…… og litt stress.
Jula er ei tid då familie og vener samlast for å slappe av saman og mimre det gamle året. Mens ungane kvart femte minutt spør kor lenge er det til me skal opna pakkane.
Du kan jo bare sjå det for deg: Det fyrste ein må gjera er å få vaska heimen fin, den skal glinsa og lukte jul. Ein vaskar i alle krikar og krokar so sveitten rennar frå morgonen til seint på kveld. Men likevel seier me når nokon kjem på besøk ”nei eg skulle ha vaska litt meir”, sjølv om det ser heilt fint ut.
Det raraste er at ein lager peparkakar og anna julebakst midt i nedvasken av heimen eller rett etter at me har vaska ned og då er det mange som byrjar å vaske på nytt.