Gisle Sursson er ein mann i sin beste alder mennesker kan sjå opp til. Det er ikkje å sjå vekk i frå at Gisle er idealmannen for fleire kvinner, i alle fall på fleire områder. Han er modig, dyktig med henda, oppteken av gammal skikk og tradisjonar og trufast mot kona si, Aud. I tillegg til dette hintar Soga om Gisle Sursson fram til at Gisle var ein særs musikals mann, over 40 gonger blir det nemnt at Gisle tek til å kvede. Musikalske menn er ikkje akkurat lite attraktivt. Soga skildrar også Gisle som ein mann med sportslege kvalitetar som kjem godt med gjennom livet.
Ein eigenskap som skilte seg ut hos Gisle var evna han hadde til å sjå fram i tid. At på til trua han hadde på lagnaden, drøymde han fleire sanndrøymde draumar. I draumane hans var det to draumekvinner, ei ond og ei god. Gjennom desse kvinnene fekk han vite lagnaden om dauden sin allereie sju år i førevegen. Men det var ikkje berre sin eigen lagnad han fekk vite, han var tydeleg ”informert” om lagnaden til andre rundt han. Som for eksempel døden til Torkjell.