Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Den svarte fuglen

Den svarte fuglen

Fortelling om en svart fugl, som viser seg å være modig.

Egenvurdering av oppgaven står nederst. Skrevet i 10. klasse.

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
08.01.2006
Tema
Fugl


Det fanst ein stor skog langt borte i hutta heiti, så langt borte at ingen mann kunne skogen sjå. Den store Ekebergskogen var delt i to. I den eine delen av skogen var det grønt og frodig, blomane syng og fuglane kvitra. Der budde alle dyra i harmoni. Der budde og den svarte fuglen Freddie. I den andre delen av skogen budde den store slemme grisen Rolf. I den delen var skogen mørk og trist. Ingen blomster og syng, berre den dystre lyden av vinden og tåka som luska og tiska rundt i skogen.

 

Ein dag forvilla dei søte søskena til Bambi, Virrveline og Virrevapp, seg inn i den delen av skogen der den store slemme grisen Rolf budde. Grisen Rolf snuste ut i lufta og kjende lukta av ferskt rådyrblod. Han følgde lukta bortover, innover, litt til venstre så over en haug, før det gjekk litt ned og så rett til vers. Der nede stod dei tett knuga saman, dei skalv av redsel. Ein anna dag ville han kanskje late dei gå, men ikkje i dag! I dag og lang tid framover skulle han ete rådyrsteik og rådyrkotelettar. Nam nam, kanskje med litt mosesalat til. Det hadde han ikkje ete på lenge. Men kor vart dei av? Han snuste ut i lufta. Det lukta framleis rådyrblod så dei kunne ikkje vere altfor langt unna. På tide å humpe seg etter dei så dei ikkje forsvann for gått.


 

”Mamma mia! Barna mine er vekke!” skeik den italiensk -ætta rådyremora Bella. Ho jamra, ropte og kvein. Men ingen Virrveline eller Virrevapp dukka opp. Alle dyra i skogen samla seg for å forhøyre seg om saka. Apekatten Julius sa at han på sin daglege bananslangtur hadde sett to prikkete dyr, med soppliknande ting på hovudet hadde gått inn i den andre delen av skogen. Bella vrælte: ”Det er dei stakkars barna mine. Dei hadde på seg hattene frå tante Frika i Italia.”

”Vi må redde dei!” sa den kloke elgen Lars. ”Ja!” stemte alle dei andre dyra i.

”Kven skal leite etter dei?” sa kråka Kråkebolle, ”Eg vil ikkje vere til hjelp med mine gamle og uttørka auge”. ”Uff, ikkje eg med min rygg, fekk noken plutslege og grusomme heskeskudd, ”sa slangen Ulf. ”Eg fekk nasa trykkt inn sist sandvolleyballkamp, og den er den einaste eg hadde å stille opp meg” beklaga spissmusa Pirrevimp seg. ”Og eg er blitt så halt og gamal i det siste!” sa nasehornet Billy.

 

Sannheita var at ingen torde, for alle dyr som hadde gått inn i den delen av skogen kom aldri tilbake, og grusomme historier var fortalt frå generasjon til generasjon om den store stygge grisen Rolf og forfedra hans. Då alle dyra hadde fortalt om sine livstruande hjarteproblem, nokon aldeles forferdelege hekseskudd og ryggplager og alle andre mystiske sjukdommar, var det berre den svarte fuglen Freddie, igjen, "Eg kan leite etter dei!" sa han. Alle dyra braut ut i latter. "Du! No har eg høyrt det og, skal du din fjompenisse av ein fugl, redde Virrveline og Virrevapp?" sa det elefantpessimistiske tvillingparet Petrus og Frank. "Ja, ingen andre kan jo, så kvifor skulle eg ikkje kunne prøve?" sa Freddie. "Han har faktisk eit poeng der, ingen andre kan, vi har ingenting å tape. Lykke til seier eg!" Ugla Meter såg seg om. Dyra begynte å mumle. Dei hadde jo ingenting å tape, sjølv om dei så gjerne skulle vore med, men på grunn av desse plutselege plagene ikkje hadde anledning. Etter ei stund med mumling sendte dei han av garde.

 

Rundt og rundt over tretoppane flaug Freddie, han kunne ikkje få auge på verken Virrveline eller Virrvapp. Tåka var tjukk og kvelden meldte sin entre ettersom sola sokk ned bak fjella i vest. Kanskje dei andre dyra har rett, at eg ikkje duger til noko sånt. At det var derfor dei ikkje ville sende meg ut for å leite etter dei. At dei visste at eg ikkje ville klare det. Dumme, dumme Freddie. Kvifor skjønte du ikkje det? No kunne du ha lege heime i seng i staden for å fly fjæra av deg her i den nifse skogen midt i ”lalle tida”. Kva var det? Noko luska nede i buskene under. Under nokon sopphattar som kunne ha øydelagt det gode sinn til dei fleste sat Virrveline og Virrevapp trykte inntil kvarnadre.

 

”De skremde jo fjærkreket ut av meg, men no må vi reise heimover. Opp på vingene med dykk,” sa Freddie. ”Jammen,” sa tvillingane Virrveline og Virrevapp i kor. ”Nei, ikkje noko jammen og anna tullball!” avbraut Freddie dei. ”Vi kan jo ikkje fly!” svarte dei frustrert. ”Aha så det er der skoen trykkjer, dykk er redd for å fly, ja men det må de ikkje vere. Det er ikkje skummelt,” sa Freddie så beroligande han kunne. ”Rådyr kan ikkje fly, Freddie!” fortalde dei. ”Å jaudå, kva tar de meg for? Hæ? Sjølvsagt kan dykk fly. No kom dykk opp i lufta” sa Freddie. Virrveline og Virrevapp stampa frustrert i bakken. ”Kvifor i all verda kunne dei ikkje sendt nokon andre for å leite etter dei? ” tenkte tvillingane.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil