Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (609) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8053) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Norsk språkhistorie

Norsk språkhistorie

Inneholder en oversikt over norsk språkhistorie fra ca. 1814-1990.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
02.01.2006


Før 1814 var Noreg sterkt prega av Danmark og det danske språket. Under den lange unionsperioden med Danmark ble bibelen, salmeboka og katekismen bare utgitt på dansk. Boktrykkeriane lå i Danmark og alle bøker og lesestoff var trykt på dansk. Når Kristian 4.s norske lov kom i 1604, var også denne skrevet på dansk.

 

I 1814 fikk Noreg si eiga grunnlov, eiget parlament og Storting, men gikk nå inn i ein periode under Sverige. Enda var det dansk som var skriftspråket. Dansk talemål med eit norsk tonefall var vanleg for embetsmenn og overklassen.

 

Likevel var det slik at størstedelen av den norske befolkninga snakka ein eller annan form for dialekt. Debatten om eit eiget norsk språk tok til i begynninga på 1930-årane. Språkdebatten blei ein stor strid, nokon ville halde på det danske skriftspråket, mens andre ville fornorske dansken litt. Nokon ville gå så langt som å bryte heilt med dansken og laga eit heilt nytt norsk språk. Henrik Wergeland var blant dei som ville fornorske dansken, han tok i bruk norske ord som fjøs og gut i plassen for de danske orda kostald og dreng. Asbjørnsen og Moe hadde det same synet som Wergeland, sjølv om dei skreiv på dansk med eindel særnorske ord. Historikaren P.A. Munch var ein av de som ville laga eit norsk skriftspråk med utgangspunktet i ein dialekt.


 

Ivar Aasen – ”Nynorskens far”

Aasen reiste rundt i Noreg og samla inn ord og gramatikkformar frå dialektane. Hensikta var å bruke det innsamla materialet til å utvikla eit norsk skriftspråk som skulle være mest muleg samlanda og ligga så nært opp til gamalnorsk dom muleg. Innsamlingsarbeidet resulterte i ”Det norske Folkesprogs Grammatikk” (1848), ”Ordbog over det norske Folkesprog” (1850) og ”Prøver af Landsmaalet i Norge” (1853). Aasen ville luka bort mange av dei tyske låneorda, og ville ikkje bruke så mange fremmendord. Det skulle vera bara ein gyldig form av kvart ord, det skulle ikkje vera nokre valfrie formar.

 

Knud Knudsen – ”Bokmålets far”

Knudsen arbeidde heile livet med vidareføringa av Wergeland og Hielms tankar om gradvis å fornorska dansken. Han ønskte at skriftspråket best muleg skulle avspeila talemålet. Med talemålet meina Knudsen den danna daglegtalen. Han gjekk også inn for å bytta ut ein rekkje framandord med ”ekte” norske ord. Nokre av Knudsens idear og forslag blei gjennomførde alt frå 1862.For eksempel ble stum e avskaffa, dobbeltvokal blei avskaffa og ph blei til f. Det offisielle namnet på det dansk-norske skriftspråket blei riksmål (frå 1929 heiter det bokmål) Knudsens viktigaste målsetjing var å bruka harde konsonantar der dansk brukar blaute konsonantar.

 

Målstriden kom for alvor inn i norsk politikk i 1870-1880-årene. I 1874 foreslo Ole Anton Quam at landsmål og gammalnorsk skulle inn som fag ved lærarskulane, forslaget blei imidlertid nedstemt. I 1885 blei jamstillingsvedtaket vedtatt, som betyr at landsmål og riksmål skulle væra jamstilte i skulen og i offentleg administrasjon.

 

I 1892 blei det vedtatt at skolestyra i dei ulike kommunane skal avgjera om elevane skulle ha undervisning og bøker på landsmål eller riksmål.

 

Same året kom det ei ny lesebok for folkeskulen, som var laga av Nordahl Rolfsen. Rolfsen gjorde språket meir nasjonalt og tilgjengeleg for skulebarna og fulgte mange av Knudsens tankar. Det oppstod eit problem, ettersom det ikkje var meininga at elevane skulle bruka alle dei formane dei fant i boka. Dette førte jo naturlig nok til ein del feil i det skriftlege arbeide til elevane. Samtidig innførde departementet ein ny skrivemåte av ein del ord og valfrie formar, utan å informera skulane godt nok. Disse valfrie formane skapte usikkerheit blant skuleelevane.

 

I 1905 går Noreg ut av unionen med Sverige, og etter ein folkeavstemning blir landet eit kongedømme. Riksmål og Landsmål var dei to offisielle språka i Noreg i 1905. Riksmålet skilte seg i liten grad frå dansk, og fornorskinga måtte fortsette. Knud Knudsen døyde i 1895, og det var Molkte Moe, son av Jørgen Moe, som tok opp arven etter ham. Hans hovudargument for ein større fornorsking av skriftspråket var at dansk rettskriving var eit hinder for den norske folkedannelsen. Etter kvart gikk også de som ville halde på det danske skriftspråket over til fornorskingslinja, ein av grunnane til dette var på grunn av den sterke framgangen for landsmålet. I 1907 måtte alle som tok examen artium skriva to norskstilar; ein på landsmål og ein på riksmål. I 1909 brukte over 1300 skolekretsar landsmål.

 

I de første tiårane på 1900-talet vaks det fram eit nytt norsk samfunn. Industrialiseringa førte til ein sentralisering, og da spesielt til byene på Austlandet. Arbeidarklassen vaks, og dei fikk politisk innflytelse og makt både i kommunanene og på Stortinget. På lang sikt førte befolkningsmessige og politiske endringar til endringar i føresetnadane for skriftspråket.

 

I 1907 kom den språkreforma som markerte eit klart brot med dansk-norsken. Dei blaute konsonantane (b, d, g) blei bytta ut med harde konsonantar (p, t, k). Denne reforma slo gjennom med ein gong. Skulane tok den i bruk, og bøkar blei trykt etter den nye rettskrivinga. Fornorskingstankane til Knud Knudsen hadde komme langt, og vunne ten stor seier.

 

Reforma av 1917 vidareførte arbeidet med å føre det dansknorske riksmålet nærmare norsk talemål. Landsmålet gjennomgikk også ein forandring ved at man i større grad tok omsyn til austlandske dialektformar. Hovudpunktet i reforma var tanken om at riksmål og landsmål ein gong i framtida skulle smeltes i hop, slik at Noreg fikk eit skriftspråk. Reforma av 1917 møtte stor motstand, særleg syntes konservative krefter at de nye valfrie formane som var blitt innførte var for radikale. Molkte Moe arbeidde vidare med denne tanken og innførte begrepet ”samnorsk” om dei to samansmelta formane for norsk. I 1920-årene fikk mange kommunar og fylkar nye namn. For eksempel ble Kristiania til Oslo, Steinkjær til Steinkjer og Bratsberg ble til Telemark. I 1917 blei det i stor grad utskifting av æ til e. Derfor ble det endring på for eksempel Steinkjær til Steinkjer.

 

I 1929 ble riksmål og landsmål erstatta med bokmål og nynorsk. 1938-reformen var svært omfattande. Tanken bak reforma var å gjøre rettskrivinga enklare, men det motsette skjedde. Enda fleire valfrie formar blei innførde for å føre tilnærminga av nynorsk og bokmål vidare. Det blei atskillig større bruk av diftongar og det ble obligatorisk –a ending i bestemt form eintal hokjønn. Reforma vakte stor motstand hos bokmålsfolk. Dei kjempa for at bokmålet ikkje skulle la seg påverka av tilnærmingstanken og nynorsken.

 

Etter 2. verdenskrig og den fem år lange tyske okkupasjonen, må lande byggjas opp igjen. Noreg er eit land i utvikling, og i åra framover fant man olje i Nordsjøen som førte til store inntekter for landet. Den tradisjonelle heimeverdane kvinna søker seg til utdanningstilbod og arbeid. Noreg blir meir og meir avhengig av den internasjonale økonomien, både i oppturar og nedturar. Samtidig hender det ting med språket. Riksmålsforbundet satte i gang ein aksjon mot språket i lærebøkene i 1951. Foreldra til mange skolebarn i de største byene, særleg på vestkanten i Oslo, ville ikkje finna seg i a-formene, diftongane og anna ”uspråk som lærebøkene blei fylte med. Foreldra ville ha dukken, sjølv, frem, nu og kuen i staden for dokka, sjølv, fram, nå og kua. Det heile utvikla seg til ein av dei mest dramatiske språkstriden vi har hatt i Noreg. Ein underskriftsaksjon blei satt i gang, og den sprette seg fort til heile landet. Dei engasjerte foreldra klarde å samla inn om lag 400 000 underskriftar mot samnorsken i lærebøkene.

 

I 1952 blei Norsk Språknemnd nedsett. Nemndas oppgåve var å fortsetta arbeidet med å fremma tilnærminga mellom bokmål og nynorsk. Motstandarane av samnorsken, særleg bokmålsfolket, raste mot dette. I 1954 begynte foreldra i Oslo-området å rette Abc-bøkene til barna sine. Enkelte ord blei strokne ut, og retta med penn og blekk. Slik ble det til at nokon leste høna og kua, mens andre las hønen og kuen. Dei sterke reaksjonane mot myndigheitenes språkpolitikk resulterte i ein kursendring. Norsk Språknemnd utarbeidde Ny læreboknormal i 1959. Den fastsette kva for nokre formar som skulle brukas i lærebøker. Fleire av tilnærmingsformene i bokmål blei tatt bort.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil