Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Den grønne kommoden" av Selma Lønning Aarø

"Den grønne kommoden" av Selma Lønning Aarø

Analyse av novellen "Den grønne kommoden" av Selma Lønning Aarø.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
06.12.2005


Novella Den grøne kommoden blei skreve av forfattaren Selma Lønning Aarø i 1995. Handling går kort sagt ut på eit kjærleiksforhold som nettopp har tatt slutt fordi jenta seier ho vil ut av forholdet for at ho har vore utru, og at ho ser på han som ein venn og ikkje som ein ho kan vara saman med. Men guten i novella høyrer nesten ikkje på kva ho sei, han er meir opptatt av at han skal få behalde den grøne kommoden når ho dreg. Slik som vi forstår det i novella, er den grøne kommoden alt for han. Kommoden kjøpte dei ein gang som felles eige frå Fretex. Den gongen var den lilla, men no har guten mala den grøn, og det er han som har alle tinga sine inni den. Han føler rett og slett at tinga hans høyrer heime i den kommoden, og derfor kan ho ikkje ta den med seg.

 

I novella får eg eit blanda inntrykk av kven som fortel historia, men eg har komme fram til at det er guten som fortel. Du kan også få inntrykk av at det er forteljaren som fortel, og at det er han som er guten, men sidan denne novella er skreve av ei kvinne, tolkar eg det slik at det er guten som fortel. På ein måte føler eg at forteljaren står utanfor novella, men på ein annan måte trur eg at ho er ein del av novella, eg føler at det er noko mellom forteljar og guten, så eg trur dette kanskje e noko ho har opplevd før, berre at ho har valt å snu karakterane i novella for å ikkje skrive rett av sanningen. Novella er på ein måte skreve i tenkereferat, det er ikkje nokon direkte talar som kjem fram.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil