Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Eit einsamt haustblad

Eit einsamt haustblad

Her skulle vi skrive om problemer tenåringer må igjennom.

Karakter: 5 (mange skrivefeil trakk ned)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
30.11.2005
Tema
Identitet


Lauv i alle haustfargar du kan tenkje deg fyker rundt i skolegarden. Gule, raude og brune blad dansar lett bortover den kalde bakken. Blad i fargekombinasjonar som varslar om haust. Kvar og eit blad var unikt.

 

Elevane storma ut av det vesle klasserommet. Klaga over kulda, men gjekk likevel ut. Når dei kom ut, fann dei sine vanlege plassar i skolegarden. Alle har vel sin plass. Nerdane gjekk til eit bord, danserane til eit anna. Dei ”populære” sat seg ned på graset. Som er så vidt dekka med frostrim. Dei tilsynelatande stille jentene sto i ei tett klynge og småprata. Dei fleste gutane spela fotball. Slik trivas dei, og slik var det.

 

Så var det meg då. Eg gjekk som oftast litt rundt, kikka på ungdommane. Så mange forskjellige, men likevel så hadde dei sin plass. I dette friminuttet, sat eg meg på ein gammal benk, som ein gong hadde vore kvit. No var malinga blitt slitt bort av vær og vind, og va ikkje så ofte i bruk meir. Den minna litt om ein gammal kyrkjebenk, som var hamna på gal plass. Slik som eg.


 

Eg sat der og tenkte. Tenkte på livet, skolen, familien. Ingen kjente meg eigentleg. Ikkje slik som Martin.

 

To blad dansar rundt kvarandre, trippar lett, og fer i sirklar i lufta. Det eine bladet er heilraudt, det andre ein aning meir oransje. I det dei susar omkring, kommer dei nær kvarandre, helsar på kvarandre.

 

Eg hadde sett han fleire gonger den dagen. Han var så vakker. Så mystisk på ein måte. Noko i hans vesen trefte ein tone i meg sjølv. Måten dei mørke krøllane hans la seg rundt hovudet hans på, fenga meg. Og dei store, mørkebrune auga hans såg liksom ut til å sjå igjennom skalet, igjennom barrikadane som eg sate opp, og inn til den eigentlege meg. Og smilet hans verka så ekte. Når han snakka med sin mjuke stemme, vart eg mo i knea. Det gikk noko magisk igjennom heile kroppen min. Eg vart rett og slett svak kvar gong eg såg han, høyrde han, møtte han eller snakka med han.

 

Eg var forelska. For første gong på ordentleg. Og det var herleg. Eg hadde aldri kjent det slik før. Aldri før hadde eg hatt det så godt, men likevel så vondt. For det var feil! Det var ikkje riktig! Så galt av meg å falle for ein som han.

 

For eg hadde verkeleg falt. Og eg landa ikkje mjukt. Det var ikkje meininga at ein som meg skulle bli saman med han. Det var ikkje sånn det skulle vere, det var ikkje sånn det skulle bli. Og eg meinte det ikkje. Det var ikkje med vilje at eg ble kjent med han, begynte å like han. Like han som noko meir enn ein venn.

Normalt skulle ei vakker, nydeleg jente vere i lag med ein gut som Martin. Ei som var populær, pen og godt likt av alle. Ei med eit vakkert smil, med raude lepper og perfekte tenner. Ei jente med moderne kjolar og trillande fniselatter.

 

Ei som rett og slett var stikk motsatt av meg sjølv.

 

Dei to blada ser ut til å få god kontakt. Svinsar rundt hjørna på skolen, leiker seg og nyter kvarandre sitt selskap. Dei henger saman, berre dei to. Vinden blåser dei rund i ei veldig fart, og dei kommer bort i nokon andre bladar. Brune bladar, gule blad. Blad i alle slags fargar og blandingar. Men ingen så raude som dei to.

 

Eg var så forvirra. Da eg møtte han verka det som han følte det same som meg. Han såg oppriktig glad og fornøgd ut når vi var i lag, berre vi to. Vi kjente kvarandre på ein magisk måte. Og eg va nesten sikker på at han hadde nokre andre kjensler enn dei vanlege vennefølelsane. Eg hadde ofte tenkt på å spørje han om det. Om han likte meg. Innerst inne visste eg vel alltid at det ikkje kunne bli noko av. Oss to. Det ville ikkje bli aksepert. Det var alt for unormalt. Det hadde begynt å bli haust på skolen vår også. Tretoppane sto nærmast tomme. Dei vart meir og meir nakne, og måtte innsjå at det var kaldare tidar som venta.

 

Det oransje bladet rotar seg inn i straumen av andre bladar, merkar kanskje ikkje det vesle raude bladet som ikkje følgjar etter. Det raude bladet slår seg til ro borte ved fotballmålet, trippar og hoppar fram og tilbake for seg sjølv, ligger nesten stille. Dei andre blada springer rundt i flokkar og samlingar rundt på plassen. Fant sin tilhørighet. Men ikkje det raude. Nokon ville seie at det var for forskjellig frå dei andre. Andre ville kanskje seie unikt?

 

Eg hadde alltid likt hausten. Den var i år, som alle dei andre åra, stormfull, men likevel så roleg. Det hadde begynt å bli kaldt, da Martin kom bort til meg. Hjertet mitt banka. Det kunne ikkje stemme! Han kom bort til meg. Kanskje var det ein muligheit? Ein ørliten sjans? Han helsa, eg helsa tilbake. Det er jo ein slags refleks. Seier nokon ”hei” til deg, svarar du ”hei” tilbake. Eg gjorde betre plass til han på den gamle benken, og han sate seg ned. Det vart stilt.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil