Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Når elevane manglar motivasjon"

"Når elevane manglar motivasjon"

Oppgaven var å gjengi hovedsyn fra artikkel "Når elevane manglar motivasjon" av Svein Magne Sirnes og kommentere de.

Karakter: 4/5

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
29.11.2005


Dagens samfunn er under stadig utvikling, og skulens stilling i samfunnet har endra seg drastisk dei siste åra. For eit halvt århundre sidan var ein gunstig stilt om ein fikk skuleplass, mens no har alle krav på det. Før i tida var skulen eit mannsdominert sted, mens no er det fleire kvinner som tar utdanning også, og skilnaden mellom jenter og gutar er blitt jamnare. Stadig fleire utdannar seg, og stadig fleire studerer lengre. Krava samfunnet stiller til skulen og dei tilsette blir stadig høgare. Debatten kring skulesystemet opptar mange og går rundt middagsbordet så vel som i media, blant både elevane sjølv, foreldre, ekspertar og politikare. I NRK Dagsnytt 22. september var hovudsaka ”Halvparten av alle elevane i den norske skulen manglar motivasjon og får ikkje tilpassa opplæring som dei har krav på”. Instituttleiar Yngve Lindvig hevda seinare at læraranes manglande kunnskapar var årsaka til dette problemet, og at det går utover alle elevane i den norske skule, sånn at lærarane nå må skjerpe seg.


 

Forfattaren av leiar artikkelen i Lektorbladet nr. 5, 2005, Svein Magne Sirnes, var overraska over denne uttalinga. Han seier at problemet ikkje er nytt, og heller ikkje noko særnorsk fenomen. Lærarane leggjar merke til det kvar dag, men årsaka er ikkje så enkel å finne som Lindvig påstår. At dei som undervisar har ansvar er klart, meiner han, men det er mange andre faktorar òg. Elevane er eit produkt av si samtid og har eit mykje meir komplisert liv å leve nå, enn for eit par generasjonar sidan. Da hadde familien meir tid til kvarandre, noko dei kanskje ikkje har til same grad i dag. Levestandarden er for dei fleste ein heilt anna no enn kva den var på den tida, og dei fleste har utalege fleire ting som sloss om deira merksemd. Di større velstand ungdommen opplev, di mindre blir interessa for fag og skule, påpeker Sirnes. Alt skal være kjapt og underhaldande, seier han. TV og andre massemedium tilfredssteller disse behova, mens han påstår elevane synest lekser og skule er utidige og brysame. Svein Magne hevdar også at mange heller satsar på ein framtid som t.d. fotballproff eller popsongar, og at den draumen nedprioriterer skulegang. Sjølv om det er mange faktorar til kvifor elevane manglar motivasjon, fortel han at skulefolk likevel har eit klart ansvar til å auke motivasjonen til elevane og ha ei positiv haldning mot dei, t.d. ved å jobbe mot eintydige og realistiske mål.

 

”Dagens elevar er sjølvsagt eit produkt av si narsissistiske samtid..” påpeiker han, og får det til å virke som noko negativt, og at det har deler av skylda for at elevane er umotiverte. Viss elevane er narsissistiske kan det i seg sjølv vere ein grunn til at motivasjonen er på topp. Ein er sjølvdyrkande person vil jo nødvendigvis sjølv vere best, og det gjeld jo sjølvsagt også skule samanheng. Målet må vere å bli best i faga på skulen, så vel som å ha kontroll på kvardagen sin elles. Ein må då disponere tida si sånn at ein når alle måla og får gjort det ein skal, og dertil blir best til det ein vil.

                                                                                                

Sirnes hevdar at di større velstand, di mindre interesse for skulefag generelt. Om dette er heilt sant kan vel diskuteras. Velstand og utdanning henger oftast saman. Dei familiane som er velståande har ofte foreldre med betre betalte jobbar, noko som krevjar høgare utdanning. Tal frå SSB visar at 9 av 10 elevar som har foreldre med høgare utdanning fullførar vidaregåande skule, motfor under halvparten av dei som har foreldre med berre grunnskule utdanning. Dette viser at velstand antageleg ikkje gjer at man har mindre interesse for skule, snarare tvert imot. Dei fleste av desse velståande familiane vet kva utdanninga er verdt, og eg vil tru at dei jobbar aktivt mot at ungane skal få ein god utdanning for å sikre framtida. Eg trur også at viss ein har større velstand, har ein større moglegheit til å ha interesse for skule fordi man kanskje ikkje treng å jobbe så mykje, berre for å klare seg, men kan ha fokus på faga og ikkje føle det som eit pes med lekser etter jobb når ein er sliten og trøtt. Så på den måten trur eg at dette kan påverke elevane frå mindre ressurssterke heim i staden for frå dei velståande familiane.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil