Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kurt Donald Cobain (1967-1994)

Kurt Donald Cobain (1967-1994)

Fakta om kongen av Grunge - fra fødsel til død.

Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
25.11.2005
Tema
Rock


Det er over ti år sidan Kurt Cobain tok sitt eige liv, men likevel seljer platene hans som varmt kveitebrød den dag i dag, og Nirvana har framleis fans over heile verda.

 

Kurt Donald Cobain vart født den 20. februar 1967 i Hoquaim, ein liten by sørvest for Seattle, USA. Like etter fødselen flytta familien til Aberdeen, og der hadde Kurt ein fin oppvekst, inntil foreldra skilte seg då han var sju år. Frå då av blei han sendt omkring til forskjellige slektningar, og somme tider var han heimlaus og måtte sove ute.

 

Etter skilsmissa fikk Kurt dårleg sjølvtillitt, og blei asosial, tilbaketrukken og vanskeleg. Han sa sjølv at han aldri følte seg trygg og elska etter dette.

 

Slutta på skulen og starta Nirvana

<bilde>
På gymnaset blei Kurt mykje mobba, noko som bare gjorde ham meir inneslutta. Han gav opp skulen og var meir opptatt av å teikne og å synge. I begynninga høyrde han mest på band som Beatles og The Monkees, men etter kvart gjekk han over til å høyre meir på Kiss, Sex Pistols og Black Sabbath.


 

Som fjortenåring fikk han sin første gitar, og i 1985 flytta han frå Aberdeen til fordel for Olympia. Der spelte han i fleire band før han starta gruppa Nirvana i 1986.

 

Ein kan kanskje sjå for seg ein dopa Kurt som aldri kjem på øving, men i så fall tek ein skammelig feil! Han gav nemleg streng beskjed at om nokon skulka ei øving, fikk dei sparken på dagen. Kurt var veldig seriøs med musikken, men hadde ingen tru på at musikken deira skulle forandre verda. Han trudde folk ikkje ville like musikken, og at alle ville hate ham igjen.

 

Suksessplata "Nevermind"

I 1989 gav gruppa ut sitt første album, "Bleach". Samme året fikk trommissen sparken, og Dave Grohl fikk den nye jobben. No bestod bandet av ham, Kurt Cobain og Krist Novoselic, dei vi i dag kjenner som det gamle bandet Nirvana.

 

Plata "Bleach" begynte å bli populær i Storbritannia, og i 1991 signerte gruppa ein platekontrakt med Geffen records. To og eit halvt år etter det første albumet kom plata "Nevermind" med låta "Smells like teen spirit". Den blei dessutan kåra til den tredje beste pop/rock låta gjennom tidane av Rolling Stone Magazine.

 

"Nevermind" skulle vise seg å bli eit meisterstykke, og gjorde Nirvana til eit av verdas mest populære rockeband. Men suksessen skulle vise seg å bli for mykje for Kurt, og hans stoffmisbruk økte voldsamt. Det var først på denne tida at han begynna å misbruke morfin og heroin.

 

Sjølvmordsbrevet

I februar 1992 gifta Kurt seg med Courtney Love frå gruppa Hole. Ho var allereie gravid med parets dotter, som seinare fikk namnet Frances Bean Cobain.

 

For ei kort periode klarte faktisk Kurt å skikke livet sitt, og då kom oppfølgjaren til "Nevermind", nemleg "In Utero". Det var eit sjølvmordsalbum frå ein tydeleg sliten og forvirra Kurt.

 

Vinteren 1993/1994 var Nirvana på Europaturné, men den blei avlyst då Kurt fikk halsbetennelse. Han dro derfor til Roma for å møte kona Courtney.

 

4. mars 1994 blei Kurt kjørt til sjukehuset i koma. Offisielt blei det sagt at han hadde vært utsatt for ei ulykke, men dei fleste meinte det var eit mislykka sjølvmord. Han hadde prøvd å ta livet av seg ved å ta omkring 50 resept-smertestillande, og skylle dei ned med champagne. Nokre dagar seinare blei han sendt heim til Seattle, kvar han blei overtalt til å leggast inn på avvenningsklinikk. Bare eit par dagar seinare stakk han av.

 

Courtney Love sendte ut ein sakna personrapport på Kurt, men 8. april blei han funne død i heimen i Seattle. Han hadde skote seg sjølv i hovudet, og dei fann eit sjølvmordsbrev skrevet med rød penn. Brevet var tydeligvis til Courtney og Frances, og dei siste orda var "I LOVE YOU, I LOVE YOU."

 

To dagar etter at han vart funne, møtte haugevis med fans opp utanfor heimen. Det brøyt ut slåsskampar mellom fansen og politiet, og fleire bilar og bygningar blei totalskadde. Dei som hadde møtt opp fikk høyre deler av sjølvmordsbrevet, som Courtney Love hadde lest opp på tape. Ein av verdas største rockeartistar var død, og etterkvart blei han ei legende på størrelse med Jimi Hendrix, Jim Morrison og Janis Joplin.

          

Mord eller sjølvmord?

Når eit så kjent rockeikon blir funne død, er det klart at mytane oppstår umiddelbart. Offisielt blei dødsfallet til Kurt Cobain konkludert som sjølvmord. Likevel er det ting som ikkje stemmer heilt med dette:

  • Kurt hadde alt for mykje heroin i blodet til at det kunne være muleg å gjere noko som helst, sekundar etter at han hadde satt dosen. Det hadde i alle fall ikkje vært muleg å skyte seg sjølv i hovudet.
  • Sjølvmordsbrevet kunne vært eit brev til fansen, kvar han seier at han ønskjer å slutte i musikkindustrien. (Eg sjølv har lest brevet på Internett, og tykkjer at dette skulle stemme ganske godt overens med korleis brevet lød.)
  • Dessutan var dei få linjene kvar det stod om sjølvmordet i brevet, var skrevet etter signaturen, og den siste delen var heller ikkje hans handskrift.
  • Eit av Kurt Cobains kredittkort vart tatt i bruk eit par dagar før og eit par dagar etter dødsfallet.
  • Pistolen han skulle ha skote seg med, låg ikkje slik den ville ha gjort om Kurt skulle ha skote seg sjølv. Det var heller ingen fingeravtrykk på pistolen, pennen som blei brukt til å skrive sjølvmordsbrevet eller eska med patroner.

 

Kjelder:

http://www.hovedporten.net/kunst/?id=1

Topp nr. 06/04


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil