Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Et dukkehjem" av Henrik Ibsen

"Et dukkehjem" av Henrik Ibsen

Gjenfortelling av Henrik Ibsens "Et Dukkehjem".

Sjanger
Referat
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
15.11.2005

”Et dukkehjem” handlar om ein familie på slutten av 1800-talet. Det er ein ganske vanleg familie med hemmelegheiter og  problem.

 

Nora, kona i huset, kjem heim etter å ha vore på julehandel. Bodet kjem med juletreet og Nora betalar. Samtidig kjem Helmer, mannen i huset, ut frå kontoret sitt for å sjå på kva Nora har kjøpt.  Dei diskuterer pengar. Nora meiner at dei har råd til å ikkje spare sidan Helmer er blitt direktør i aksjebanken, medan Helmer meiner dei bør spare i år og.   

 

Ei gammal venninne av Nora, Fru Linde, kjem på besøk. De har ikkje sett kvarandre på fleire år.  Fru Linde har hatt det tøft og er nyleg blitt enke, derfor vil ho søkje jobb hos Helmer.  For eit par år sidan var Helmer veldig sjuk.  Nora lånte pengar av sakførar Krogstad for å ta med Helmer på ferie til utlandet.  Problemet er at Nora forfalska underskrifta til faren og dette veit ikkje Helmer noko om.  Helmer er ikkje særleg glad i Krogstad og har lyst til å sparke han. Krogstad veit dette og har pressa Nora til å legge inn eit godt ord for han.  Dersom  ho ikkje gjer det, skal han vise gjeldsbrevet til Helmer.  Nora er i ein vanskeleg situasjon.  Ho prøver å leggja inn eit godt ord, men Helmer er fast bestemt på å seie han opp.  Nora er engsteleg.  Frøken Linde som har skjønt alt saman, prøver å overtale Nora til å fortelja det til Helmer.

 

Nora ser at sakførar Krogstad kjem tilbake om kvelden og legg eit brev i postkassa.  Ho skjøner at det er gjeldsbrevet. Nora prøver å hindre Helmer i å hente det.  Same kveld skal det vere kostymeball og Nora skal danse tarrantella.  Ho latar som om ho ikkje kan danse, slik at Helmer må hjelpe henne heile kvelden. Helmer lover å ikkje arbeide før neste dag.

 

Mens Helmer og Nora er på kostymeball ovanpå, snakker sakfører Krogstad og fru Linde i etasjen under. Fru Linde prøver å få sakførar Krogstad til å kreve brevet tilbake ulese. Under denne samtalen blir dei forelska.  De høyrer at ballet er ferdig og sakførar Krogstad går.  Fru Linde ventar for å snakke med Nora.  Ho fortel at Nora ikkje har noko å frykte fra Krogstad si side, men ho anbefaler Nora å fortelja alt til Helmer.

 

Etter at fru Linde er gått, kjem doktor Rank, ein god ven av familien. Både Rank og Helmer har drukke mykje vin og champagne på ballet.  Etter at Rank er gått, vel Nora å fortelje alt til Helmer.  Han blir rasande og startar å kjefte på Nora.  Han går inn på kontoret sitt, men ei lita stund etter kjem han ut i strålande humør.  Han har åpna brevet frå Krogstad, det var gjeldsbrevet. Så lenge Helmer har gjeldsbrevet kan ikkje Krogstad gjere noko. Helmer beklagar seg overfor Nora. Sjølv om alt slutta godt vel Nora å forlate Helmer og familien. Ho kjeftar på Helmer og faren for at dei har behandla henne som ein ting og ikkje som eit menneske.  Ho er lei av å bli behandla som ei dokke av ein mann ho ikkje egentlig kjenner.

 

Mi meining:

Eg syns ikkje at skodespelet var noka særlig gøy. Nora hørtes ut som ei stressa frue som kunne besvime når som helst. Helmer virka som ein gammal mann som gjorde alt for å imponere ”lerkefuglen” sin. ”Et dukkehjem” var sikkert veldig bra då det blei skrevet i 1879.  Og det at Ibsen måtte skrive ein ny slutt i Tyskland, viser at Ibsen var forut for sin tid, nesten revolusjonerande. Men likevel likte eg ikkje stykket. Det handla om ting som eg ikkje bryr meg om, og det gjorde det vanskeleg å like. Kanskje eg liker det betre om nokre år.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil