Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Sjokolade, Chilli Con Carne og vener

Sjokolade, Chilli Con Carne og vener

Om ei jente som går til kontroll på sjukehuset. Legen hennes er en fin og hyggelig mann i tredveåra.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
21.10.2005


Første gangen ho såg han var i 2004. Han vart fastlegen hennes på sjukehuset etter at den legen ho hadde hatt før hadde blitt overført til sjukehuset i Bergen. Ole Skoglund er namnet på legen. Og Marion Lysell er namnet på jenta. Han er gift og 30. Ho er forelska og 17. Eller rettare sagt, forelska i Ole Skoglund. Det var kjærleik med første blikk. Sjølv om ho hadde sett gifteringen på fingeren hans med eigne auge, hadde ho eit håp. Eit håp om at legen vil vende sin fulle merksemd på henne. På ein kjærleik måte, ho ville at han skulle komme å halde rundt henne og seie at ho var søt.

 

Marion sette foten innanfor sjukehuset den 2 oktober 2004. Dette var det første møtet med den nye legen hennes. Ho gjekk med lange skritt bort til resepsjonsluka for å seie at ho var komen. ”Hei, eg skulle berre seie ifrå at eg var komen. Namnet er Marion Lysell” sa Marion. Då ho hadde gitt beskjed om at ho var komen gjekk ho for å setje seg på venterommet. Idet ho kom ut på gangen gjekk ho forbi ein utruleg fin lege. ”Gud, han er jo kjempesøt. Håper det er den legen eg skal ha” tenkte ho, og det kom eit smil om munnen hennes. Draumande sette ho seg i ein sofa og såg på sjukepleiarane som gjekk forbi. Då klokka viste 0955 kom den same legen ut og ropte opp eit namn. Uheldigvis for henne var det ikkje hennes namn. Han begynte å leite etter personen som tydeleg ikkje var komen. Då han ikkje fann han eller henne, gjekk han igjen.


 

”Marion Lysell?” spurde ein stemme og ho vart reven ut av tankane sine. Det var HAN. Ho reiste seg og gjekk med spente skritt etter han, mens ho såg på rumpa hans i smug. Den var perfekt. So stoppet han og snudde seg. På namneskiltet på døra stod det Ole Skoglund. Han strakk ut handa si, ho tok den imot og dei presenterte seg for kvarandre. Inne på kontoret fann dei kvar sin stol og sette seg. Og han begynte å stille spørsmål om alt mogleg. Marion studerte han mens ho følgde med på det eine øyret. Håret var brunt med lyse striper og auga var brune. Leppene var fyldige og sikkert utruleg gode å kysse. Ho skulle verkeleg ønske at ho fekk prøve ein gong i næraste framtid.

 

Då pasienten kom tilbake på skulen, fortalde ho venene sine om denne draumelegen. At ho var forelska i Ole Skoglund. ”Kor gamal er han då?” spurde ein av venene henne. ”Eg trur han er rundt tredve år. Kva då?” svarde ho. Det var ikkje første gangen ho var forelska i ein mann som var over 25 år. Og sikkert gift. ”Det er berre at eg ikkje skjønar kvifor du alltid skal forelske deg i ein ”gamal gubbe”. Han vart ein gamal gubbe i forhold til henne, men ho ville vere forelska i han uansett kva dei sa.

 

6. oktober året etter var reservert til henne. For ny kontroll av sjukdommen. Legen var fortsett Ole Skoglund. Marion gleda seg og tekte ikkje på anna. Venene ønskte henne lukke til og gav henne klemmer som ”avskjedpresangar”.

 

Bilen dura av garde mot sjukehuset og fastlegen hennes. Marion hadde omtrent gløymd korleis han såg ut, men ho hugsa han i korte trekk. På sjukehuset gjorde dei det same som førre gang, ”hei, eg skulle berre seie at eg var komen. Namnet er Marion Lysell” sa ho. Marion og hennes mor, Anna, gjekk og sette i venterommet. Marion og Anna hadde avtalt at ho skulle gå aleine inn til timen, og det var ho glad for. Marion ville ikkje at Anna skulle sjå at ho såg på han. Klokka 1300 kom ein lege, som likna veldig mykje på hennes lege, ut og ropte opp namnet hennes. Hadde ho skifta lege ein gong til?. Nei, det var same lege. ”Det kunne det ikkje vere” tenkte ho. Ho såg på namneskiltet på dressen hans, der stod det Ole Skoglund. Han var ganske forandra sidan sist. Men det var den same perfekte rumpa som alltid hadde vore der. No hadde han fått svart, kort hår. Og verst av alt; han hadde fått skjegg og bart. No viste ikkje dei fyldige leppene hans so godt. Men ho kunne godt kysse han fordi, det var ingen hindring. det kom berre til å stikke litt. Dei sette seg igjen på kvar sin stol og han begynte å stille spørsmål om henne. Dei same spørsmåla som sist. No var ho heilt desperat etter å få kysse han. Ho måtte no snart. For til neste år var det siste legebesøket. Han fortalde at no var ho begynt å bli vaksen og søtare enn ho var før. Det skjedde visst ingenting denne gangen heller. Ho reiste seg og gjekk mor døra. Då ho tok tak i dørhandtaket spurde han henne om noko. ”Vil du..” han stoppet litt opp, og ho snudde seg mot han. ”Vil du vere med meg på kino og kafê? Eg kunne godt tenkt meg å bli betre kjend med deg.” spurde han. Sølvsagt ville ho det. Ho vart kjempe glad. Kanskje han kom til å kysse henne der? Men han var jo gift. ”Kvar då?” spurde ho. At ho ikkje kom på noko på nok betre å spørje om. Dei avtalte å møtest utanfor kinoen fredagen i haustferien for å sjå ”Charlie og sjokoladefabrikken” med Jonny Depp. Gjett om ho var glad no.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil