Straff kjem eigentleg frå personhemn, kor prinsippet auge for auge, tann for tann herska. Etter kvart som samfunna voks fram, og makta til staten vart auka, hevda staten at hemnen tilhøyrde han. Ettersom åra gjekk vart det da staten som avgjorde og sette straffa ut i live. Dei vanlegaste straffemetodane var dødsstraff, brennemerking og gapestokk. Ikkje før i det syttande hundreåret kom ein skikkeleg i gang med straff som tok frå ein fridomen. Fridomsstraff, har vore meir og meir brukt. I starten var det vanleg å nytte tortur, i dag er fengsel og bøter mest brukt. Korleis utviklinga kjem til å bli er vanskeleg å spå. Nokre er for ei ytterlegare liberalisering av straffereaksjonane medan andre vil gå nokre steg attende i tida.
I Noreg hev me fleire former for straff. Straffene som er mest brukt er førelegg og bøter. Vi har også straffer som samfunnstjeneste, tap av rettar, sikring og fengsel. Vi har to formar for fengselsstraff: Uvilkårleg dom og vilkårsdom. Ved uvilkårleg dom, er ein nøydd til å sitje i fengsel, men ved vilkårsdom får ein på ein måte ein ny sjanse, men dersom du gjer noko gale medan du er under straff, vil du få den betinga straffa i form av fengselsstraff pluss straffa for det nye brotsverket.