Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Team mates: Et gufs fra fortiden.

Team mates: Et gufs fra fortiden.

Bok av Paul Cockburn

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Tema
Team Mates


Fakta
Forlag: Stabenfeldt AS
Originalspråk: Engelsk
1. utgåve (engelsk): 1996
Oversettelse: Olga May Bore
Sidetal: 192
Målform: Bokmål

 

TEAM MATES

 

Boka er med i ein serie av bøker som heiter TEAM MATES. Desse bøkene handlar om Nicky Fiorentini og Chris Stephens, som er bestekompisar og lagkameratar i Riverside Colts og på skulelaget til Spirebrook ungdomsskule. Chris spelar spiss, medan Nicky er ving. I ei tidlegare bok er dei på tur til Old Trafford der dei blant anna møter Ryan Giggs og Peter Smeichel. Favorittlaget deira er sjølvsagt Oldcester United, det lokale eliteserie laget, og draumen deira er at dei ein gong skal få spela med det gamle storlaget. Laget eksisterte nemleg allereie før fyrste verdskrigen, og det er allereie på denne tida historia byrjar… Boka

 

Ein gong Chris går ein tur i Memorial Park for å møta Nicky, møter han ein gut som vert jaga av ein mann. Heilt plutseleg rekkjer han ut ein arm, og gøymer han bak ein busk. Då faren er over, går han tilbake for å henta han fram igjen, men då er guten vekk. Det samme var ballen han hadde med seg…

 

”Det gjekk ein augneblink før Chris oppdaga at han ikkje hadde den lenger. Han trudde han kunne hugsa at han hadde lete ballen trilla bort til hekken ved sida av stien berre eit lite stykke bortanfor gøymestaden han hadde drege guten inn i.

 

Han sjekka stien i begge retningar, men han var allereie overbevist om kva som hadde skjedd. Den utakknemlege vesle rakkaren hadde stelt den! Og det etter at Chris hadde redda han! -Utruleg! brølte han, og sparka til litt laus bork i rein frustrasjon. Borkbitane landa mellom buskane.

 

-Hei! Ikkje øydelegg plantane, laud ei stemma. Chris heldt på å hoppa ut av sitt gode skinn. Han snurra rundt mens han lurte på om han var blitt teken på fersken av parkvakta eller kven det no var som hadde skremt guten. Det var ingen av delane. Ein mann hadde dukka opp på stien ved svingen som førte til fontena. Chris måtte mysa då han såg på mannen – ein skarp vegg av solskin vart filtrert gjennom greinene på eit tre bak det mørkhåra hovudet til mannen. Han kom litt nærmare for å gjera det lettare for Chris å sjå han.

 

-Eg har ikkje skada nokre av plantane, svarte Chris irritert, før han la til: -Ein gut stal nettopp ballen min. Han høyrde med ein gong at det ikkje var den minste samanheng mellom dei to setningane, men no var det for seint. Mannen sendte han eit breitt smil, og det var tydeleg at utbrotet til Chris mora han. No då Chris kunne sjå mannen betre innsåg han at nykomlingen ikkje var så gammal som han hadde gissa i byrjinga – kanskje ikkje meir enn nitten, eller noko sånt. Fyren hadde skinande blå auge, og ansiktet hans var bleikt og plettfritt. Han hadde glinsande svart hår som var kortklipt på ein ganske brutal måte, med unntak av ein ganske stor pannelugg som hang ned i panna på samme måte som Nicky sitt alltid gjorde.”

 

Slik vert Chris kjent med William som påstår at han har spelt for Oldcester. Han har på seg ei gammal Oldcester-drakt. Dei spelar litt fotball i parken, og avtalar å møtast igjen for å spela fotball seinare. Når dei har gjort alt dette, forsvinn William igjen like mystisk som han dukka opp.

 

Samtidig gler Chris seg til han skal prøvespela for Oldcester. Prøvespelinga skal vera neste helg, og viss Chris får plass der, får han plass på den nye fotballskulen til Oldcester der dei både får trena fotball og gå på skule. Det einaste som manglar før dei kjem skikkeleg i gang med bygginga av skulen er ein skikkeleg sponsoravtale. Om morgonen den samme dagen Chris møtte William, las han i avisa om at Virgin Cola har inngått ein avtale med Oldcester der Virgin Cola gjev 10.000.000 £ til fotballskulen, og får namnet sitt på draktene til laget.

 

Chris tenkjer at han sikkert får høyra meir om sponsoravtalen på privatkampen som skal gå til inntekt for Sean Priest, ungdomsutviklaren til United samme ettermiddagen, og det får han. Etter at han har vore i parken der han traff William, reiser han, faren og Nicky på Star Park for å sjå kampen. Før kampen har dei litt tid til overs, så dei reiser inn på klubbmuseet til Oldcester. Chris finn fram til ei liste over alle som hadde spelt på a-laget dei siste 25 åra. Dei granskar lista nøye, men dei finn ikkje noko om noko som heiter William. Dei finn ikkje nokon som heiter Bill heller. Det dei derimot finn, er eit gammalt lagbilete frå 1905 der dei brukar drakter som var identiske med den drakta William hadde på seg. Han finn ut at heilt frå 1922 og fram til no hadde det ikkje vore nokon som hadde brukt ei liknande drakt.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil