Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Blodraud kjole med silkeband

Blodraud kjole med silkeband

Handlingen utspiller seg i en konsentrasjonsleir under 2. verdenskrig.

Karakter: 6 (10. klasse)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
19.07.2005


- Kom hit din forbanna jøde! Skreik han så høgt han berre kunne, mens han dytta jødeguten ned i søla. Geværet slengte han på skuldra, mens han greip tak i det håret jøda hadde på hovudet, og drog han etter seg. Guten hengte på slep. Halvveis gjekk, og halvveis blei dradd. Lua hans låg i ein søledam, han hadde havna der etter vakta reiv han bort. Han skunda seg og tok tak i den med den eine handa, og prøvde febrilsk å ikkje falla rett på trynet. Vakta stoppa, dytta han mot veggen, og held geværet mot tinningen hans. Begge hendane til guten holdt eit godt grep om lua som han pressa hardt mot brystet. Hjartet dunka så hardt at han var forundra over at det ikkje hoppa ut.

- Kven sa du kunne ta pause?!! Eg synes du stadig vekk tar pauser eg. Man kan ikkje berre ta pauser sånn heilt utan vidare!!

Vakta ropte rett inn i øyra hans. Han kunne kjenne den dårlege ånden og dråpar av spytt på kinnet.

- Nå? Kva har du å seie i ditt forsvar?! Ingen ting, eller kva?! Ikkje eit siste ynske ein gong?!!


Geværet blei pressa hardt mot tinningen, guten krympa seg. Seks skot vart høyrd. Jødegutten, låg i ein søledam av blod.

 

- Bra jobba Hirschmann!. Sa offiseren og gav han eit vennleg klapp på skuldra.

- Du kan gå av og få deg litt velfortjent søvn

Vakta, Hirschmann, tok til seg rosen. Han ante ikkje at offiseren hadde sett på.

- Takk. Svarte han, gjorde honnør, og gjekk mot rommet sitt. Stoltheita syntast der han gjekk med hovudet høgt heva. Munnvikane strakk seg sakte opp i eit ekkelt, lurande smil. Han hadde ein god følelse etter vakta. Var det noko han kunne, så var det jobben.

Offiseren hadde då fortalt alt om jødane. Korleis deira hjerne var mykje lettare enn vanleg, og at det var jødane som drap Jesus. Den ariske rasen var den beste, jødane hadde visst planer om å ta over, det skulle dei ikkje få moglegheita til. No kunne dei angra!

 

Han bevega seg med stødige skritt mot si eiga brakke. Det var berre snakk om eit par dagar til før han kanskje kunne jobba seg opp i rangen. Fingrane surra litt med den vesle barten i det han stoppa mellom to av brakkane. Han heva hovudet og kikka opp på dei tre etasjes høge bygningene. Kanskje han fekk ansvaret for begge helt åleine. Då hadde faren vore stolt. Det var ingen ting så verdsatt i hans familie som det å følgje sin fars fotspor. Om han berre fekk seg ein god natts søvn no, så skulle han klara det fint.

Han gjekk mot brakka si med håpet om ein god natts søvn, og ein vellukka neste dag på jobb.

 

Ein lang rekke med menneske gjekk mot han. Alle hadde augo vid åpne. Dei var fulle av hull, blodet var som klistra til kroppen, og det kvite skummet rundt om munnen rant nedover ansiktet. Dei kom for å ta han! Han løp og løp. Det føltes som han løp i ein evigheit. Hjartet slo fortare og fortare. Så slutta det heilt å slå! Døden var der, døden skulle ta ham som han hadde tatt dei!

- Nei!!!! Hylte han og satt seg fort opp i senga.

- Det var berre ein draum, berre ein draum.

Han vugga fram og tilbake. Lenge. Som eit lite barn satt han der og vugga. Pulsen roa seg gradvis. Så stoppa vugginga heilt. Det vart heilt stille. Kvifor draumde han denne draumen kvar natt? Det var veker sia han ikkje hadde draumd denne draumen. Det blei visst ikkje noko god natts søvn allikevel, tenkte han skuffa, mens han roleg la seg ned i senga igjen, og stirra ut i rommet. Han kom ikkje til å få sove noko meir i natt. Det var sikkert.

 

Vinden blåste surt. Skyane låg tungt over leiren i dag. Dei bar på regn, det kune han sjå. Han stakk haka ned i jakke gropa, og trekkte den godt rundt seg. Dagen blei ikkje så fin som han hadde håpa på. Draumen låg framleis friskt i minnet. Alle dei han hadde drepe utan grunn.

Nå så han med ett kor trist leiren eigentleg var.

Nei, kva var det han sa?! Korleis kunne han seie det?! Det var gode moglegheitar i denne jobben. Det var dette han hadde jobba for!

Han gjekk vidare, bestemt på å gjere jobben ordentlig, då han oppdaga ei kvinne som stod og varma hendane sine. Ho stod og blåste varm luft på dei. Skikkelsen var krumma i ryggen, og den syltynne kroppen stod og skalv.

- Hei der! Kva er det du tror du gjer?! Ropte han mot henne.

Ho skvatt til.

- Eg berre, berre varma meg litt. Sa ho med skjelvande stemme.

- Du veit du ikkje har lov! Men du gjer det allikevel!!! Kva?! Da blir det eit døgn i straffecella på deg! Eller skal me seie to? Sa han, tok ho hardt i armen, og drog ho av gårde. Ein stemme ropte plutselig bak han. Han snudde seg.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil