Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Svangerskapet

Svangerskapet

Nynorsk tekst om babyen som endå ikkje er født.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
07.06.2005

Barnet som vert til er eit menneske som ingen kjenner. Ingen veit om det skal verta ei jenta eller ein gut, eller om det skal ha lyst eller mørkt hår, eller verta stor og tjukk eller liten og tynn. Det har heller ikkje noko navn, ikkje ein gong mora, som har barnet inni seg veit korleis det ser ut før barnet kjem ut av magen hennar. Rett etter fødselen er putseleg den store magen til mora vorte til ei dotter eller ein son, eit nytt familiemedlem som skal ha eit navn og som er ulik alle andre menneske her i verden.

 

Men det vesle barnet vert ikkje til på sjukehuset når det kjem ut av magen til mora. Det vart laga for om lag 9 månader sidan då ei sædcelle frå faren befrukta ei eggcelle frå mora. Men korleis kan to små, celler, som aldri før har laga noko barn utvikle seg til å verta ein liten gut, eller ei jente? Korleis hadde det seg at fingrane vart plasserte på hendene og ikkje på magen?

 

Kva skjer med barnet i mors liv?

 

Befruktinga

Det fyrste som skal til for at det skal verta eit barn er at det må komme ei sædcelle inn i kroppen til ei dame, der den kan befrukte ei eggcelle. Når ei dame og ein mann har samleie overfører mannen faktisk fleire millionar sædceller inn i kroppen til kvinna, hadde det vore ferre enn det hadde sjansen for at ei sædcelle nokon gong skulle kome seg dei 20 cm lengre inn i kvinnas kropp og møte ei eggcelle som den kunne befrukte, vore svært liten.

 

Sjølv om dei får hjelp på vegen er dei 20 cm som er att ein ganske lang tur når du berre er omlag ein 60 tusendels millimeter. I vaginaen møter sædcellene den største faren av alle; innsida av sjeden er dekka med ein slags slim, for å beskytte kvinna mot eventuelle bakteriar som prøver å trengje inn. Dette slimet er dødeleg for sædcellene, og av dei omlag 5 millionane som kom frå mannen er det faktisk berre eit par tusen att etter at dei har passert vaginaen og etter berre ein time er det berre nokre hundre att.

 

Inni kvinna er det noko som liknar ein stor kvit ball. Det er eggstokken. Ein gong i månaden kjem det fram noko som liknar eit sår på eggstokken. Kanten av eggleiaren gnir mot dette såret i takt med pulsen til kvinna, og når det etter ei stund går hol kjem det ut ei klissete, nesten gjennomsiktig kule. Inni den ligg eggcella, det som er rundt er ca 5 millionar næringsceller til egget. Eggcellene vart laga allereie då kvinna berre var rundt 8 veker gamal. Ei kvinne har berre eggsløsyng omlag 400 gongar i løpet av livet og på eit år er det rundt 30 dagar ho har sjanse til å verta gravid. Når eggcella først har forlate eggstokken og tatt fatt på vegen gjennom eggleiaren for å bli befrukta av ei sædcelle kan den berre overleve i rundt 24 timar utan å ha vorte befrukta.

 

Viss egget ikkje møter noko sædcelle på vegen mot livmora er det ikkje noko vits i  å samle på det egget, så då kvittar kroppen seg med det, ved at det ikkje stoppar i livmora, men vert ført vidare ned sjeden og ut av kroppen. Kvar gong dette skjer må neste egg byggast orndteleg opp slik at cellemassen til det egget vert nok til det nye barnet sine fyrste eigne celler. Men det er også andre ting utanfor egget som må ordnast på: Kvar gong skal livmorshinna byggjast opp slik at den vert klar for å ta i mot det nye livet. For at dettte skal kunna skje må det for kvar gong verta laga ein ny hormonkjertel (det ytterste cellelaget til folikkelveggen), som stumulerer slimhinna til ny vekst etter menstruasjonen.

 

Men det hender jo også i blandt at eggcella møter sædceller på vegen gjennom eggleiaren. Då vil sædcellene prøve å trengje gjennom eggets ytre del og komme inn slik at det kan verta befrukta. Egget er ein av dei største cellene i kroppen vår, omtrent 0,13 mm i diameter – så vidt synleg for det blotte auge. Sædcella er 100 gongar mindre enn egget. Utanpå eggcella er det eit gelè-aktig lag, dette er den siste hindringa til sædcellene. Det er viktig at egget har dette beskyttande laget, fordi det er berre ein hannleg og ei kvinnleg celle som skal smelte saman, utan dette laget ville det vore vanskeleg å hindre alle dei hundre ivrige sædcellene å komme in samtidig. Når først ei sædcelle har brote gjennom vil ingen andre klare det etterpå.

 

Då er altså egget befukta, og det skal til å dele seg. Dei første delingane går langsamt, det kan gå opptil eit halvt døger mellom kvar deling, og dei nye cellene veks ikkje. Cellene deler seg om att og om att, men har alikevel plass inne i den hinna egget opprinnleg var beskytta inni.

 

Dei tre fyrste månadane

 

Fyrste veka

Den første veka av utviklinga svever det nye embryoet fritt omkring i veskestraumen til eggleiaren på veg ned mot livmora, som er endestasjonen til den befrukta cella. Sjølve passasjen til livmora vert halden lukka i så lang tid som det tar egget å gjera seg klar til å grava seg ned i slimhinna i livmora. Og fantastisk nok, når egget vert sluppe inn i livmora er det ikkje berre ein klump med celler, men ein velorganisert samanslutning av celler som allereie har klart å gjennomføra ei bestemt arbeidsfordeling.

 

Cellene deler seg ikkje samtidig, slik at det etter 2 vert 4, så 8, 16, 32 osv, men til ulik tid, dette vert vist frå andre celledeling – etter 4 kjem 5, i staden for 8. slik går det oppover med ulikt tempo. Dette  tyer på at det no har vorte fleire forskjellige typer celler.

 

Det viktigaste akkurat no er ikkje å begynne å lage eit barn. Det som skal verte barnet, er foreløpig berre eit lite embrio, som gradvis vert danna av cellene som langsomt deler seg. Fyrst skal dei andre cellene fortsette å dele seg fortare og danne veggen i den vesle væskefylte cellekula der barnet sine første celler sitt festa på innsida. Det er cellene i det ytre laget til kula som festar seg til slimhinna i livmora og deretter grev seg ned.

 

Veke 4 & 5

No er embryoet vorte ganske stort lett å sjå med det blotte auge, det er rundt 3 mm langt. Hjartet har byrja å slå, og det har utvikla seg nerver. Det er også sikkert at embryoet ikkje har noko bevisstheit, enno..

 

Sidan mennesket er ryggradsdyr byrjar ryggrada å utvikle seg. Fyrst utviklar det seg 40 små sjelettklossar, 32 eller 33 av desse klossane vert til ryggrada. Klossane veks ikkje heilt saman, då hadde nemleg ryggen vorte stiv, men vert butne til kvarandre av elastisk bindevev og musklar -ryggmargen. Så byrjar ribbeina å vekse og forma seg rundt lungeanlegga, ribbeina veks ut frå dei tolv brystvirvlane litt over midten av ryggrada. Dei 7-8 gelettklossane som er att vil etter kvart vekse saman, i staden for å verta til hale.

 

Mellom åpninga til munnen og hjertet veks det ut seks utløparar til halsvirvelsøyla. På dette stadiet liknar dei mykje på gjellene til ein fisk. Dette vert seinare til underkjeve, hals og ansikt. Men enno har ikkje embryoet noko ansiktstrekk.

 

Det er desse vekene den utrulege prosessen med at millionar av forskjellige celler vert til spesialforma byggjesteinar.

 

I slutten av veke 5 er embryoet vorte omlag 10 mm.

 

Veke 6 & 7

I løpet av den 6. veka utviklar fosteret seg mykje: Hovudet, brystet og magen byrjar å ta form. Det vert danna blodceller, som sirkulerer rundt i takt med hjarteslaga. Sjølve hjartet er ikkje ferdig utvikla enno, og er foreløpig berre eit enkelt røyr.

 

Små groper vert til der augo og munnen seinare vert til og det kjem fram små stumpar som seinare vil utvikle seg til å bli armar og bein.

 

Det vert også sterkare forbindelse mellom mor og barn, ved at det vart danna blodårer i navlestrengen til morkaka.

 

Ut i den 7. veka vert små groper synlege der dei indre organa byrjar å verta ferdig utvikla. Hovudet set i gang sin utviklingsprosess: Dei indre delane av øyrene og augo vert til, det kjem hol til nasa og i kraniet, som før berre var brusk, oppstår det beinceller.
Lengda til embryoet er no omlag 2 cm.

 

Veke 8

Eit 8 veker gamalt embryo har fått ei lengd på rundt 3 cm, noko som så klart varierer frå dei forskjellige embryoa. Nå er dei indre organa ferdig utvikla. Ikkje slik at dei kan fungere utanfor livmora, ombyggjing og tilbyggjing skjer no uavbrutt dei neste månadane. Hjernen, som skal styre alt, er langt i frå ferdig utvikla enno og det vil ta lang tid.

 

No som embryoet har kome så langt i utviklinga vert det kalla eit foster, men enno er det nesten 7 månader til det er heilt ferdig utvikla.

 

No er graviditeten kome inn i ein meir stabil fase, og dei store farane for at embyoet eller fosteret ikkje skal overleva er no over.

 

Veke 9 & 10

I den 9. veka av svangerskapet utviklar hendene og føtene (sjå eige ark) seg svært fort. Munnen byrjar å verta forma og nasa kjem til. «Høyremaskina» inni øyra har utvikla seg og fosteret kunne ha oppfatta lydar utanifrå hadde berre hjernen vore utvikla. I 10. veka byrjar det ytre av øre å utvikla seg og auga er også etter kvart ganske bra utvikla.

 

Fosteret har også begynt å bevege seg ein del inne i magen, men ettersom det berre er omlag 4 cm langt og veg rundt 2 til 3 gram, kjenner ikkje kvinna noko særleg til det, om ho kjenner det i det heile.

 

Hovudet til barnet er fortsatt stort i forhold til resten av fosteret og det er under sterk utvikling. Fingrar og tær er no godt synlege, men fortsatt heng dei saman med hudfoldar. I slutten av 10. veka er lengda rundt 5 cm og vekta like mange gram..

 

Veke 11 & 12

Inne i fosteret er det no vorte danna eggstokkar og testiklar, på utsida ken du tydeleg sjå at kjønnsorgana byrjar å verte ferdig utvikla og ein kan skilje mellom jente og gut. No har hjarta byrje å pumpe blod ut til alle kropsdelane og mot slutten av den 11. veka er alle indre kjønnorganar i funksjon. No er risikoen liten for at fosteret skal ta skade av infeksjonar, kjemikal eller medikament som mora bruker. Risikoen aukar så klart betrakteleg viss kvinna bruker mykje ukjende kjemikalar, røyker eller drikk.

 

Dei lukka augelokka vert no tydeleg synlege ettersom ansiktet formar seg. Musklane til fosteret veks og bevegelsane vert større og hardare slik at mora no merkar dei.

 

Store ting skjer ellers med kroppen: Hjernen og musklane vert koordinert, ledda trekk seg saman og strekk seg, tær og fingrar -som no er ferdig utvikla med negler- krøllar seg og det byrjar å suge på tommelen. Dette er den måten barnet lærer seg til å suge på, noko som vert svært nyttig seinare, når den byrjar å få morsmjølk. Fosteret har lært seg å svelje og tar inn fostervatn. Lengd 9 cm, vekt 30 gram.

 

Mellomstadiet 4. -6. månad

Mellomstadiet i svangerskapet er dei tre midterste månadane, og i denne tida vil kvinna kjenne ein del til fosteret som ligg i magen hennar, graviditeten byrjar å verte synbar. Fosteret liknar meir og meir på ein «orndteleg» baby, med hår, musklar og til og med  augevipper..

 

Veke 13 & 14

No er babyen, eller fosteret som det fortsatt heiter, heilt ferdig forma. Gjennom resten av svangerskapet vil simpelten berre størrelsen auke, slik at når barnet vert fødd er alle organa klare for eit liv på eiga hand.

 

Når fosteret har kome ut i veke fjorten av utviklinga har vekta auka betydeleg frå dei 30 gramma det vog for to veker sidan har vekta no vorte meir enn dobla og lengda er vorten rundt 11 cm.

 

Alle hovudmusklane reagerer no på beskjedar frå hjernen, og fosteret kan kontrollere kva det skal gjere med armar og bein. Det er ikkje lenger noko problem å bøta armen frå albogen og håndleddet, bøye fingrane og lage knyttnevar.

 

Går den gravide kvinna no til ultralyd er det ikkje lenger vanskeleg å høyre dei varsame hjarteslaga til fosteret.

 

4. månad

Alle lemmar og ledd på fosteret er no heilt ferdig utvikla. Musklane byrjar å verte større og dermed bevegelsane livlegare, men alikevel kjenner ikkje kvinna så mykje til dei på dette stadiet av det fyrste sbangerskapet.

 

Det byrjar å vekse fint dun over heile kroppen til fosteret og anna hår, som augevipper og augebryn byrjar å vekse ut. I 16. veke er lengda kome opp i 16 cm, mens vekta, som aukar meir og fortare, no er rundt 135 gram.

 

5. månad

No veks fosteret fort. Tennene byrjar å danne seg inne i kjeven og det vert stadig meir hår på hovudet dets. Bevegelsar og musklar byrjar å vert sterke, men fosteret er fortsatt svært tynt, sidan det enno ikkje har noko fettreservar. Huda har fortsatt ikkje forandra seg, og er franleis heilt gjennomsiktig.

 

Fosteret har no byrja å hikke og hoste i tillegg til tommel-suttinga. Mora kjenner bevegelsane til barnet som lette bobler og brister mot magen.

 

Eit 5 månader gamalt foster kan utruleg nok beskytta seg sjølv mot infeksjonar og sjukdom. Oppbyggjinga av immunforsvaret kom nemleg svært tidleg i gang.

 

Veke 28

No er endeleg størrelsen på hovudet meir samsvarande med størreslen på kroppen. Før var størrelsen på hovudet ein tredjedel av resten av kroppen, mens no er kroppen vorte så pass mykje større (37 cm) at det ser normalt ut.

 

Når ein person badar eller dusjar vil han etter ei stund få skrukkete hud på grunn av all fuktigheita. Så korleis er det då mogleg at eit foster ikkje er heilt skrukkete, det ligg tross alt å badar i fostervatnet. Heile kroppen til fosteret er no nemmeleg vorte dekka med eit tynt lag talg for å beskytta huda og håret dets.

 

Lungene er no ferdig utvikla, og viss fosteret skulle vere så uheldig at det vart fødd no, klarar det fint å puste alikevel. Vekta til fosteret er no oppe i 1 heil kilo.

 

7. - 9. månad

I desse vekene vert barnet  rekna for levedyktig. Med det er det meint at dersom barnet  vert fødd no kan det overleve ved hjelp av moderne spesialutstyr som hjelper det å puste og å halde varmen. Barnet har rundt 60% sjanse for å overleve  om det vert fødd i 7. månad.

 

32. veke

Fosteret er no så proporsjonert som det er venta ved fødselen. Det er mykje sterkare, og feittlageret byrjar å byggje seg opp. På denne tida ligg over 90% av alle foster med hovudet ned mot bekkenet til mora. Grunnen er at fosteret nå er vorte så stort at det ikkje lenger greier å snu seg meir, med ei lengd på ca 40 cm vil det vera vanskeleg å vente lenger med å snu seg rett veg.

 

Morkaka er no moden.

 

36. veke

I løpet av dei fire vekene som (forhåpentleg vis) er att av svangerskapet kjem fosteret til å leggje på seg rundt 28 gram om dagen. Dette merkar mora godt, og ho byrjar å verte veir utsleten for kvar dag som går. Babyen rommar no heile livmora, og bevegelsane er meir som støt når den legg seg til rette for fødselen.

 

Neglene på fingrar og tær har no vakse heilt ut til finger-/tåtuppane. Det er normalt at håret er mellom 2,5 – 5 cm langt. Er barnet ein gut, bør testiklane no ha falle ned.

 

Lengde: 46 cm – Vekt: 2,5 kg.

 

Termin

40 veker sidan siste menstruasjons fyrste dag er babyen endeleg heilt klar til å verta fødd. Men berre 5% av alle born som vert fødde vert fødd akkurat den dagen termina er. Det vil seie at av alle dei 1 million borna som vert fødde på ein dag er det berre (berre og berre) 50 000 av dei som eigentleg skulle vorte fødd den dagen.

 

Det meste av talgen som var på fostereret er nå borte. Dei einaste stadene det fortsatt er noko att er rundt halsen, i armholene og i skrittet. I tilegg er det meste av dunhåret som før dekka kroppen også borte. Fingerneglene er no vorte svært lange, og mange babyar klorer seg sjølv stygt med neglene. Dei skal alltid klippast rett etter fødselen.

 

No søv babyen mykje, men når den er vaken har den dei blå auga sine opne, og den kan sjå lys.

 

Hovudet til barnet festar seg  i bekkeninngangen ein gong mellom ei veke og like før fødselen. Gjennomsnittleg er størrelsen no 51 cm og tyngda 3,4 kg.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil