Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kvitebjørn Kong Valamon

Kvitebjørn Kong Valamon

Analyse av "Kvitebjørn Kong Valamon".

Karakter: 5+ (VK2)

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
03.06.2005
Tema
Om eventyr


”Kvitebjørn Kong Valamon” vart fyrste gong gjeve ut i eventyrsamlinga ”Norske Folkeeventyr” i 1844. Som alle dei andre folkeeventyra våre, har denne historia vorte tradert frå generasjon til generasjon i årevis, før Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe starta arbeidet sitt med å samle dei inn og gje dei ut. Det finst ein mengde ulike versjonar av dette eventyret, sjølv har eg blant anna høyrt ein der jenta ikkje er fattig, men kongsdotter.

 

I ”Kvitebjørn Kong Valamon” høyrer me om ei fattig jente som vert gifta bort til ein kvitebjørn i byte mot velstand til familien hennar. Ho blir hjå Kvitebjørnen i tre år, og kvar natt er det ein mann som kjem til henne. Ho får tre døtrer, men alle vert teke frå henne av Kvitebjørnen, og etter kvart byrjar ho å lengte heim. Kvitebjørnen innvilgar eit besøk til familien, men åtvarar ho mot å følgje eit kvart råd som mor hennar gjev ho. Jenta høyrer ikkje på ham, og som mor hennar rår ho til, tek ho eit talglys og lyser på mannen som kjem til henne om natta for å sjå kven han er. Medan ho gjer dette vaknar han og fortel at han er nøydd til å reise; han er ein forheksa prins – om dagen er han kvitebjørn, om natta mann. No må han gifte seg med ei trollkvinne.


 

Jenta dreg ut for å leite etter prinsen, og på vegen møter ho fleire hjelparar. Når ho kjem til slottet der trollkvinna bur, får ho tre netter saman med prinsen i byte mot tre gylne gåver. Dei to fyrste nettene har prinsen fått sovemiddel, og vaknar ikkje. Den tredje natta lurer han seg unna sovemiddelet, og dei to får tale saman. Etter ei siste prøving – der jenta må vaske skjorta til prinsen, sprekk trolla av sinne og dei to kan leve lukkeleg i alle sine dager.

 

Eg vil seie at dette eventyret, som så mange andre, handler om kampen mellom det gode og det vonde, og kanskje også om korleis kjærleiken overvinn alt.

 

I ”Kvitebjørn Kong Valamon” skjer handlinga i kronologisk rekkjefølgje. Historia har ei enkel oppbygging, og personane er ukompliserte og stiliserte. Hovudpersonen er Jenta, me får ikkje høyre namnet hennar. Ho er god, vakker og tydeleg glad i kvitebjørnen når ho vert kjend med han, men også nysgjerrig. Ho klarer ikkje la vere å prøve å finne ut kven den ukjende mannen, som søv saman med henne kvar natt, er. Denne nyfikna blir hennar ulukke.

 

Kvitebjørnen er også god, men han er under ein forbanning, og kan ikkje fortelje sanninga til jenta. Sjølv om ho ikkje får noko val om ho vil gifte seg med ham, lar han henne dra heim når ho ber om det, og han synest vera veldig glad i jenta. At han tar frå henne barna hennar synes brutalt, men han er kanskje nøydd om det?

 

Faren og mora til jenta motarbeider forholdet deira, men eg trur ikkje dei kan definerast som vonde. Handlingane deira er nok eit forsøk på å gjera det som dei trur er best for dottera. Trolla, derimot, er absolutt ikkje gode. Dei (og spesielt trollkvinnfolket som skal giftast med prinsen) gjer alt for å hindre dei to i å få kvarandre.

 

Dersom me brukar aktant-modellen, kan me sjå at på kommunikasjonsaksa er Faren Sendar, Den yngste dottera Objekt, og Kvitebjørnen Mottakar. Faren giftar bort dottera si til Kvitebjørnen.

 

På konfliktaksa vil Hjelparane vera dei Tre kjerringane i hyttene, dei Tre jentungane og Smeden. Kvitebjørnen er Subjektet, og Faren, Mora og Trollene er Motstandarar. Prosjektaksa viser Kvitebjørnen som Subjekt og Jenta som Objekt. Kvitebjørnens prosjekt er å få jenta.

 

Eventyr er tid- og stadlause. I tråd med den enkle stilen er det ikkje mange miljøskildringar. Me får høyre at hytta til Kvitebjørn Kong Valamon ligg i ein stor skog, at jenta går gjennom skogen for å finne ham, at ho vandrar ”både langt og lenge”, at ho kjem til eit bratt stup, at Trollslottet ”lyste og blenkte” på lang veg, og ”både vegger og tak var av reint gull”. Desse er korte og konsise, og heilt nødvendige for handlinga. Det er ingen lange tiradar om korleis hytta til Kvitebjørnen ser ut, eller skildringar av personane.

 

Sjølv om det ikkje er nokre detaljerte skildringar av naturen, er det ihvertfall heilt klart i eit typisk norsk landskap historia foregår. Nasjonale symbol og element - som fjell, skog og troll - er hyppig brukt i folkediktinga.

 

Synsvinkelen i ”Kvitebjørn Kong Valamon” er det me kallar ein autoral, refererande synsvinkel. Me opplever handlinga gjennom forteljaren, som fungerer som ein slags ”fluge-på-veggen”. Det er inga metakommentarer i eventyret, i motsetning til i til dømes ”Askeladden og dei gode hjelparane”.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil