Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Ei jul eg aldri vil gløyme

Ei jul eg aldri vil gløyme

Bidrag til påskekrimkonkurransen 2000.

Sjanger
Novelle
Språkform
Bokmål
Lastet opp
27.05.2000


Festen var i full gang, og dei fleste var begynt å bli rusne.
     Dette skulle bli den perfekte festen. Alle var her og alle drakk.
Beate, det er telefon til deg. Det er mor di.
Kvifor ringde mamma til meg her? Eg hadde sagt at ho kunne ringe viss det var noko viktig. Eg gjekk bort til telefonen.
- Hallo, det er Beate her.
- Beate, Øystein kjem og hentar deg no med ein gong, du er nøydd til å kome heim no.
     Eg høyrde på henne at noko var alvorleg gale, så eg sa at eg skulle vere klar om ti minutt.

Eg hadde gledd meg til juleferien i mange veker. Eg hadde trudd at jula kom til å bli like kjekk som ho brukte å vere.
Julaftan hadde vore ein kjempefin dag, den var akkurat slik eg ville den skulle vere. Eg var i den rette julestemninga, og alt var heilt flott.
Men på 1.juledag vart brått alt forandra. Då vart heile livet mitt snudd opp ned. Dagen hadde starta så bra. Eg vakna opp til julefrukost med heile familien ; meg, Karoline, Øystein, mamma og pappa.
Seinare på dagen var det familiemiddag. Det er alltid like koseleg på 1.juledag. Då kvelden nærma seg, køyrde pappa meg til venninna mi, Elisabeth. Der skulle vere "vorspiel", også skulle vi på fest etterpå.
Eg hadde med meg drikke, ikkje mykje, men nok til å bli i godt humør. Festen starta heilt fint, men brått ringde mamma, ho ville ha meg heim. Eg høyrde på henne at noko var gale, så eg måtte berre bli med når Øystein kom og henta meg.
På veg heim sa ikkje Øystein eit ord, sjølv om eg prøvde å få ut av han kva som hadde skjedd. Det var ikkje hjelp i . Øystein såg berre tomt framfor seg, og køyrde berre fortare og fortare.
Då vi kom heim, sat mamma i stova og gret. Eg fekk fullstendig panikk. Kva var det som hadde skjedd? Dei kjem og hentar meg frå ein fest, og ingen vil seie kvifor.
Etter ei stund klarte mamma å få fram det ho ville seie.
Beate...då pappa var på veg heim etter å ha køyrt deg til Elisabeth, då skjedde det ei ulykke. Det var glatt på vegen, og pappa fekk sleng på bilen. Han køyrte rett i fjellveggen. Og….det gjekk ikkje så bra med han.
Kva meinar du med det? Er han på sjukehuset, var det noko alvorleg?
     Då begynte mamma å gråte, igjen.
Så kom det frå Øystein, det eg minst hadde venta: Beate, pappa er død.
Det vart heilt stillt, det einaste som høyrdest var mamma sine såre hulk. Karoline sat og stirra på TVèn, den avslåtte TVèn.
Eg fekk ikkje fram eit ord. Eg var lamma av sjokk. Eg klarte ikkje å tenke klart, det einaste som surra rundt i hovudet mitt var det siste pappa sa til meg: Oppfør deg fint no, jenta mi.
Alt dette var min feil, det var eg som hadde trygla pappa for å få han til og køyre meg. Eg hadde ikkje orka å vente i ein halvtime på bussen. Hadde det ikkje vore for meg, så hadde ikkje dette skjedd.
     Det er 4.januar, det er i dag pappa skal begravast.
Først var eg ikkje sikker på om eg ville gå i kyrkja, var ikkje sikker på om eg ville klare det. Men eg bestemte meg for å gå, pappa fortjener såpass. Eg har til og med skrive eit dikt til han. Eg er ikkje sikker på om eg kjem til å lese det opp, men han skal iallfall få høyre det.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil