Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Skulesamfunnet

Skulesamfunnet

Handler om det som skjer i skulemiljøet.

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
03.05.2005


Eg har valt å skrive ein essay om skulesamfunnet sånn at eg kan få ein oversikt om korleis skulesamfunnet i ungdomsskulen og elevane er her i Noreg. Eg har søkt litt på internett og funne litt informasjon, men eg har skreve det meste frå det eg veit om skulesamfunnet, og  for at eg sjølv er ein del av det. Eg har tatt for meg litt av kvart, ikkje berre det som skjer innan for skulen. Men også litt om skulepolitikk og skuleøkonomi

 

I skulesamfunnet er mobbing eit stort problem, me høyrer stadig om det i nyheitene på tv, og i klasserommet frå lærarane. Det er mykje mobbing blant born og unge gjennom mobiltelefon og internet. Mobbing via sms (tekstmelding) eller Chat på Internettet er blitt svært vanleg blant ungdom. Det fins heimesider på internett som er oppretta spesielt for mobbing og terging mot enkeltpersonar. Personar som har vanskeleg for å få venner eller har det vanskeleg heime, på skulen eller i fritida søker trøyst på Chat på Internettet. Der kan dei snakke anonymt med folk dei ikkje kjenner.


 

I dei siste to åra har bort imot alle elevane på ungdomsskulane fått mobil. Mobbing som føregår via mobiltelefon føregår i det skjulte, og er difor veldig vanskeleg å oppdage visst ikkje offeret sjølv seier ifrå. Når det føregår mobbing er det alltid ein plagar og eit offer. Den som plager gjer det for å vare tøff å vise seg for andre som ser på. Når han/ho plagar ein som er svakare enn han/ho føler han/ho seg sterk og tøff og då aukar sjølvtilliten til plagaren. Men offeret føler seg svak og pinglete når han/ho blir plaga, i hvert fall visst det gjentar seg.

 

Gutar er ofte meir fysiske og direkte enn jenter, medan jentene mobbar med utestenging og baksnakking. Det er like gale som det gutane gjer. Gutar er meir utsett for å bli mobba enn jenter.

 

Mobbing er gale sjølv om det er for og hevna seg på nokon. Mobbing i grupper er noko av det verste. Når fleire går på ein har ikkje offeret ein sjanse til å forsvare seg, då blir offeret liten og ynkelig og visst dette gjentar seg hender det at offeret ikkje vil gå på skulen eller andre stader der det er andre folk. Sjølvtilliten til offeret vert mindre og mindre for kvar gong. Etter det eg trur, så vil mobbinga halde på lenge og kanskje bli endå verre enn den er no.

 

Blant 36 land ligg norske elever på botn når det gjeller disiplin og bråk i klasserommet. Ingen land bortsett frå Hellas, har større problem med disiplin og uro enn Noreg. Samanligningen baserer seg på svar frå 4000 norske ungdomsskuleelevar ved 180 skuler. Borna her i Noreg blir ikkje lært opp heime at dei skal ha respekt for foreldra og lærarane. Foreldra er ikkje strenge nokk. Og då blir læraren sin rolle mykje mindre og ubetydeleg. Bråk fører til lite jobbing og då er det ingen som lærer noko. Ikkje alle er innblanda i uroa, nokon prøver faktisk å jobbe, men blir forstyrra av bråket. Enkelte er så vant med bråk at dei rett og slett berre lukker øyrene mens dei jobbar, men då høyrer dei heller ikkje kva læraren sei, (det er kanskje like greitt).

 

Kanskje timane rett og slett er for kjedelig. Ungdom liker litt fart og spenning, å sitja rett opp og ned på ein stol i klasserommet er ikkje noko gøy. Hadde det gått an å lære matte mens ein spelar fotball, så hadde nok Noreg vert blant dei fem beste i verda i matte og naturfag. Så er jo me norske elever så dårlig på skulen at det er jo ein skam, men det ser jo ikkje ut til at me elever bryr seg så veldig om det. Kanskje foreldra og lærarane gjer så altfor mykje ut av det? Det er jo ikkje krise, er det vel? Eller kanskje lærarane og foreldre berre vil det beste for oss…?

Det er ca. 60 000 elevar i kvart klasse trinn til saman 120 000 elevar på ein ungdomsskule i Noreg. I fjor blei kvar klasse delt i to og blei storgrupper. No har me ikkje ein klassestyrar, men to klassekontaktar, ein til kvar gruppe. Dette er ein av Kristin Clemet sin ”gode idear”. Ho vil også ha fleire naturfag og matte timer, og sjølvsagt vil ho at skulane skal bruke minst mulig pengar. Kristin Clemmet vil spare pengar mens skulane heldt på å ramle frå kvarandre fordi dei ikkje har pengar til vedlikehald. Elevar får fri på grunn av helsefarlege skuler, det kan rett og slett vere farlig å ha undervisning.

 

Spesielt er praktiske fag tatt til side, det er dei faga som får minst pengar. I enkelte skular må ei heil storgruppe ha for eks. sløyd i eit lite rom med lite utstyr. Det er dei praktiske faga me elevar liker best, og det er dei faga som forsvinn meir og meir. Er det rart me elever ikkje er blide? Elever må dele på bøker fordi skulen ikkje har råd til nokk bøker til alle elevane. Kristin Clemet burde gå av! Ho er ikkje heilt god.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil