Barokken utgjer i musikkhistoria den perioden som var fra år 1600 til år 1750. Samfunnsmessig hadde kyrkja og staten framleis stor makt og innflytelse, noko som kom til å forsterkja seg i den kommande epoken.
Deira maktposisjon ser me i både kunst, musikk, maleri, og dikting. Store og stilreine kunstverk frå rennesansen vert erstatta av overdådige utsmykninger, og i Frankrike byggjer Ludvig XIV sitt praktfulle slott Versailles i barokkstil. Elles i Europa blir det bygd ein mengde med nye teatrar, operahus og kyrkjer, alle storslåtte og elegante.
Saman med den nye musikken skjedde det også merkverdige ting innanfor andre kunstartar. Her i Noreg var Petter Dass og Ludvig Holberg dei personane som merka seg ut i denne perioden.
Konsentrerer me oss om musikken hadde barokken to av musikkhistorias største komponistar, nemlig Bach og Händel. I motsetning til den tidlegare epoken, renessansen, der mykje var bygd opp etter èin melodisk strøm, oppstår ein ny stil der sopran og bass står mot kvarandre.