Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Eric Clapton

Eric Clapton

Oppsumering av den kjente artistens liv og virke.

Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
21.04.2005
Tema
Rock
Eric Clapton Barndomen

Patricia Molly Clapton var berre seksten år då ho fødde Eric Clapton, den 30. mars 1945. Det var i mange år hemmeleg at Eric var barn av Pats krigsromanse med den gifte kanadiske soldaten, Edward Fryer, medan han var stasjonert i England. I førtiåra i England var det ikkje lett for unge, ugifte mødre. Og ei framtid med Fryer var ikkje eit val som stod ope for Patricia Clapton. Difor, full av anger, lét ho sonen bli adoptert av foreldra hennar, Rose og Reginald Clapton. To år seinare forelska ho seg i ein ny kanadisk soldat, Frank McDonald. Men Frank og hans strenge romersk-katolske familie ville ikkje godta Pats utanomekteskapelege barn. Ho måtte difor overlate Rick, som ho kalla han, til Rose, som etter mannen sin død hadde gifta seg igjen. Rose hugsar Eric som ein sky og uvanleg høfleg gut som elska dyr. Då han var fem byrja han på Ripley Church of England Primary School.

 

Byrjinga

I 1958, då Eric var tretten år, var Buddy Holly, Chuck Berry og Elvis Presly på dei engelske hitlistene og Eric vart fascinert av denne nye musikkstilen som hadde røter i amerikansk blues. Alt han ynskte seg var ein gitar. Eric overtalde besteforeldra sine til å kjøpe ein gitar til han. Gitaren vart ei besetting for Eric, og han øvde dag og natt: Eg måtte herme etter andre for å lære. Eg hadde aldri ein lærar. Når eg høyrde ein fin melodi på radioen tok eg gitaren og prøvde å etterlikne den. Til gjengjeld for at han fekk ein gitar av besteforeldra sine, hadde han lova å prøva å studere vidare på Hollyfield Road School, for å kome inn på Kingston School of Art to år seinare. Men etter ei stund byrja han å skulke timar for å øve seg på gitaren og vere i musikkbutikkar. Til slutt vart han utvist og då byrja han å hjelpa bestefaren med murararbeid. Når han hadde fri var han ofte å finne i pubar og barar. Han søv på benkar i parken og etter ei stund slutta han òg i murarjobben. I 1963 introduserte ein ven frå kunstskulen han for Tom McGuinness, og saman med trommeslagar Robin Mason, pianist Ben Palmer og vokalist Terry Brennon starta dei eit bluesband: The Roosters. Men Eric ville prøve andre musikkstilar enn berre blues, og etter seks månader braut dei opp. Clapton og McGuinness vart med i eit nytt band: Casey and The Engineers. Men Eric likte ikkje so godt deira musikkstil og slutta etter berre seks veker.

 

Ein søndag kveld i oktober 1963 var Eric på Crawdaddy Club på Station Hotel i Richmond for å høyre eit band, leda av vokalist Keith Relf, ein ven frå Kingston Art School. Det nye gruppa, The Yardbirds, hadde teke over den faste plassen kvar søndag på Crawdaddy Club etter Rolling Stones, som nettopp hadde fått platekontrakt med Decca. Clapton likte det han høyrde og sidan bandet sin gitarist, Topham, skulle slutte fekk Eric plass i bandet. Det var då Eric fekk sin fyrste elektriske gitar. Òg denne var frå besteforeldra, sjølv om bestemora åtvara han med at han kasta vekk tida si. Men Clapton tente raskt £20.00 i veka og det tok ikkje lang tid før han fekk eit godt rykte på seg. Etter fleire platekontraktar byrja dei, i 1965, å få problem i gruppa. Eric syntest at leiaren i gruppa (Paul Samwell-Smith) var blitt for snobbete og i tillegg at gruppa var blitt for kommersiell. Difor avgjorde Clapton at han ville slutta. Seinare same året tilbaud John Mayall han ein plass i bandet sitt The Bluesbreaker. På ein av konsertane møtte Eric trommeslagaren Ginger Baker. Dei danna eit nytt band saman med Jack Bruce. Bandet kalla dei Cream. Men etter nokre år følte Eric at han ville endre Cream. Men han var ikkje sjefen i bandet, og sjølv om han fekk overtydd dei andre, visste han ikkje korleis han kunne endre det. Difor avgjorde han igjen at han ville slutta.

 

I 1968–69 vart Clapton kjent med vokalisten, gitaristen og keyboard-spelaren, Steve Winwood. Dei vart einige om å laga ein trio, men mangla ein trommeslager. Òg medan dei prøvde å få tak i det, dukka Ginger Baker opp igjen. Clapton blei veldig imponert av Winwood si keyboard-speling, og Winwood likte Baker sine briljante trommeferdighetar. Men Eric ville ikkje ha nokre restar av Cream. Ginger uttala ein gong at han ikkje forsto før fleire år etterpå at Eric ikkje ville ha han i bandet sitt. Men bandet, Blind Faith, blei populært og fekk platekontrakt. Då trengde dei ein bass-spelar og valet fall på Rick Grech. Seinare reiste dei på turné, men var lite førebudde, og då dei byrja å spele gamle songar frå tidlegare band var bandet sin identitet øydelagt. Å spele med Blind Faith hadde ein negativ effekt på Clapton. Han møtte Delaney og Bonnie Bramlett, som var Blind Faith sitt backup-band, og byrja å opptre med dei. Eric hadde heile tida prøvd å kome ut av gruppa si og no fekk han sjansen. Ein turné i Amerika, Delaney and Bonnie and Friends, var delvis finansiert av Clapton, og Dave Mason, George Harrison, Rita Coolidge, Bobby Keyes, pluss Clapton sjølv var med. Dette påverka Clapton sitt første soloalbum som vart spelt inn i Los Angeles. Det heitte berre Eric Clapton. Men kritikken var ikkje so bra.

 

Layla

Clapton følgde opp plata med eit nytt eksperiment. Saman med medlemmer av Bramlatt sitt band danna han bandet Derek and the Dominos. Dei hadde ein turné frå 1970 til 1971 i England og USA. Kjernen av Derek and the Dominos var Eric Clapton (gitar og vokal), Carl Radle (bass), Bobby Whitlock (keyboard og litt vokal) og Jim Gordon (trommer). Dave Mason spela gitar på ein veldedighetskonsert og Duane Allman vart med på gitar i innspelinga av albumet Layla. Layla er Eric sin mest kjende og uforgløymelege song frå Derek and the Dominos. Han er skriven i April 1970, med grobotn i ein av dei mest berømte kjærleiksdrama i rockehistorien: Eric, venen hans George Harrison, og Harrison si kone, motemodellen, Pattie Boyd – det må ha vore ein av dei største rocke kjærleikssongane skrive nokonsinne. Eric innrømde at han hadde skrive den lidenskaplege songen i eit desperat forsøk på å få Pattie sin merksemd. Pattie seier: Han spela Layla til meg to eller tre gongar. Intensiteten hans var både skremmande og fascinerande. Det var ei veldig kraftig plata. Eg vart forvirra, smigra, sjokkert og forbløffa. Eg tenkte ikkje på at han ville finne på å skriva ein song til meg. Singelen dukka opp på albumet Layla and Other Assorted Love Songs, og er ein av høgdepunkta i Clapton si karriere.

 

Jimi Hendrix

På slutten på 1970-talet skjedde det ein serie av tragiske hendingar. Den 17. september hadde Eric planlagt å treffe Jimi Hendrix. Med seg hadde han ein sjeldan venstrehendt gitar som han hadde tenkt å gje til Jimi, som ofte spelte på ein vanleg gitar opp-ned. Men Hendrix møtte aldri opp. Det var ikkje før neste dag at Clapton høyrde at Jimi hadde tatt ein overdose og døydde. Etter det hadde Clapton det forferdeleg og følte seg veldig einsam. Han hadde elska Jimi sin musikk og hadde spela med han. Berre seks veker etterpå kom beskjeden om at bestefar hans, Jack Clapp, hadde døydd av kreft.

 

Comeback

Men so gjorde Clapton comeback med eit album, 461 Ocean Boulevard , som var oppkalla etter adressa til platestudioet, Criteria Studios, der han spelte inn albumet. I juli 1974, vart Bob Marley sin I Shot the Sheriff Eric sin første hit. Til tross for manageren, Roger Forrester si redsle for Eric si framleis dårlege helse, starta Robert Stigwood ein diger turné i USA for albumet. Dominos bass spelar Carl Radle, saman med organist Dick Sims, trommeslagar Jamie Oldaker, gitarist George Terry og den kvinnelege vokalisten, Marcy Levy, som tidlegare hadde synge med Bob Seeger, var det nye bandet. Marcy Levy var med Clapton til 1978 og skreiv Lay Down Sally med ham. Tidleg i nittiåra skifta ho namn til Marcella Detroit (hennar heimby) og hadde stor suksess med Siobhan Fahey (frå jentegruppa Bananarama) i Shakespeare’s Sister.

 

Alkoholproblem

Psykisk og fysisk kunne ikkje Clapton klare presset med to gonger daglege opptredenar. Han hadde òg starta med å drikkemykje og kunne til tider so vidt stå når han skulle spela. Han uttala ein gong at når han vart narkotikafri var det mest som om han var fylt med eit stort vakuum, som han ikkje kunne fylla. Det einaste han kunne fylla det med var alkohol. Han hugsa at han ein gong var so full på ein konsert at han måtte liggje på ryggen i ein kombinasjon av dei merkelegaste klesplagga, for han klara ikkje å kle på seg skikkeleg. so snart han var ferdig med turneen gjekk han tilbake til studio, denne gangen Jamaica’s Dynamic Sounds, for å laga sitt neste album. Resultatet var There’s One in Every Crowd, utgjeven i april, 1975. Kritikarane syntest at den nye plata var so langt ifrå Cream som mogeleg. Oppfølgjaren til I Shot the Sheriff var på den plata. Don’t Blame Me heiter han. Men plata vart ikkje so populær og selde dårleg.

 

Orden på livet

I 1975 fekk Eric overtala Pattie Harrison til å forlata mannen hennar og flytta inn med han. For mannen hennar, George, var so opptatt med meditasjon at han brydde seg mest ikkje om kona si. Eric sa ein gong til George på ein fest at han var forelska i Pattie, og George svarte at han berre kunne få ho. Snart etter forlét Pattie mannen sin for godt, men merkeleg nok fortsette dei å være gode vener. Dei kunne til og med spøke om deira kjærleikstrekant. Pete Townshend var imponert over at Eric hadde fått orden på livet sitt igjen. Over atten-månads perioden frå 1975 til midten av 1976 var Clapton på turné. I 1976 spelte Clapton inn No Reason to Cry, i The Band’s Malibu Shangrila Studios. Der var Billy Preston, George Harrison og Bob Dylan med. Sjølv om Eric seinare sa at han syntest prøvane var mykje betre enn albumet sine ferdige spor, var kritikarane einige om at Clapton leid av ei identitetskrisa og slapp opp for damp.

 

Wonderful tonight

Ei milepæl i livet til Clapton kom i 1977 då han utgav sitt nye album, Slowhand. Han fekk då eit heilt nytt publikum. Albumet, som vart utgjeve i november, blei Clapton sin største hit til då, og kom på nummer 2 på dei amerikanske hitlistene. Han hadde tre topp 10 hit: Lay Down Sally, den ofte misforståtte Cocaine og Eric sin klassiske ballade for Pattie, Wonderful Tonight. Han forklara songen: Pattie var klar til å gå ut. Vi var omtrent to timar for seine. Eg gjekk opp for å sjå kva ho gjorde på, og ho var der med ei av veninnene sine og prøvde forskjellige klede. Eg gjekk ned igjen og tok opp gitaren og starta å skriva den songen. Eg gjorde det berre for å få tida til å gå og var ganske sint. Sjølv om bakgrunnen for songen er triviell og ikkje noko sers romantisk, er denne songen rekna som ein av dei mest romantiske og vakraste balladane frå Eric. so reiste Clapton på turné igjen. Den 19. mai kom Clapton tilbake til ein storslått bryllaupsfest. Der var The Rolling Stones, fleire medlemmar av Cream, Lonnie Doegan, Denny Laine, David Bowie og Elton John. Høgdepunktet var samling av dei tre i Beatles (minus John Lennon). Men musikkvaliteten kunne diskuterast. Pattie og Eric forsvann tidleg om morgonen for å starta deira liv som gift. Eit hit album, ein suksessfull turné og no giftemål med kvinna han hadde vore avstandsforelska i so lenge. Kunne livet bli betre?

 

Det harde livet

Clapton laga so albumet Backless som var country-/western-inspirert, langt ifrå Eric sin tidlegare bluesstil. I eit desperat forsøk på endring slutta Eric i det amerikanske bandet sitt og laga eit nytt engelsk band med Gary Brooker på keyboard og Albert Lee som gitarist. Dette var eit mistak. Prosjektet var uinspirert og utan retning. I byrjinga av 80-talet hadde den tidlegare drikkinga hans auka til å verta livstruande. På USA-turneen hans i 1981 tok han opp til førti og femti smertelindrane tablettar om dagen. I mars kollapsa han og legen fann fem sår i bukspyttkjertelen hans, det eine like stort som ei appelsin. Berre nokre få veker seinare var han i ei bilulykka. Legen sende han attende til England for å verte bra og fekk ordre om å ikkje drikke meir. Denne ordren følgde ikkje Clapton, etter berre nokre månader drakk han framleis to flasker om dagen. I november var han på turné i Japan og då fekk han eit stort utslett over heile kroppen. Årsaka til dette var alkoholen. Clapton nekta å følgje signala kroppen gav han, men i jula var det ein dag at Eric hadde drukke mykje heilt i frå morgonen og då det var lunsj oppdaga Pattie at mannen hennar hadde vore vekke i mange timar. Slektningar og vener vart sende ut på leiting. Dei fann Clapton i kjellaren, sovande og full. Heldigvis skjøna Eric alvoret denne gongen. Han sa seg villig til å la seg handsame på ein rehabiliteringsklinikk i Minnesota. Då han hadde kome seg var han ivrig etter å kome attende til jobben. Han laga so Money and Cigarettes.

 

Ekteskapet sprekk

I 1983 var han på ein ny turné. Denne gongen var det Camel Cigarettes som sponsa han. Dette førde til mange klagar frå den amerikanske lungeforeininga, som meinte at Clapton ikkje brydde seg om det sosiale ansvaret han hadde. På denne tida drakk Pattie òg, og dette laga ei stor sprekk i det vaklande ekteskapet deira. Clapton var motstandar av denne drikkinga og var svært streng mot henne. I 1984 klara Eric å lappe saman ekteskapet etter ein seks månaders separasjon. Eric kjende no ei trong til eit endring. Han fekk Phil Collins til produsere den neste plata si: Behind the Sun i 1985. I dette året var Live Aid-konserten og der var Clapton med. I 1986 vart son hans, Conor, fødd. Av den italienske Lori Del Santo. Denne hendinga var ein bodskap om at hans 15 år gamle forhold til Pattie no var over. Forholdet til Lori vart for mykje for Pattie. Han hadde òg ei dotter som vart fødd under forholdet til Pattie, men dette var hemmeleg i mange år. Etter at ekteskapet var over sa Clapton: Pattie er den einaste kvinna eg har nokosinne verkeleg elska. Skilsmissa var endeleg i 1988 samstundes som Eric feira sin 25-års dag i musikkbransjen. Crossroads vart utgjeve som ei markering av jubileet.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil