Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Tsunamien

Tsunamien

Den handlar om to jenter som er på ferie i Indonesia medan tsunamien herja der.

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
14.04.2005


Det var 2. juledag og sola lyste over heile byen. Det var ein dag eg og Sissel, venninna mi kunne nyte ferien vår på stranda. Klokka var halv åtte og eg satt ved frukostbordet på Rainbow Hotell med ei avis i handa. Hotellet låg nær stranda i den vesle, men koselege byen Surat Thani, sør i Thailand.

 

Når klokka var åtte, så var Sissel stått opp og me var ferdige med frukosten og pakkinga til turen på stranda. Når me kom fram var stranda fullpakka med mange turristar og nokre innbyggjarar. Me var visst ikkje dei einaste som hadde funne ut at det var ein fin dag til å vera på stranda. Me sat oss på ein liten plass som var litt avskjerma frå dei andre folka på stranda. Me var så varme at me nesten desperate, hoppa uti vatnet. Det var perfekt temperatur, me ante ingen fare.

 

Når me hadde bada ei stund og var litt svoltne begynte me å gå opp strandkanten. Då høyrte me folk som ropte og skreik! Me kunne ikkje skjønna kvifor det var sånt oppstyr. Men då me såg at folk i all hast begynte å springa vekk frå stranda skjønte me at det var noko gale. Det virka som om det kom noko bak oss, opp frå sjøen. Eg snudde meg og såg at Sissel sto urøyreleg og såg ut mot sjøen. Det var fleire bølgjer, store som hus, som kom inn mot strendene. Først trakk havet seg ned, men så blei det til kjempe digre bølgjer. Då eg såg det sjølv blei eg med eit stum, heilt til eg drog motet i meg og fekk Sissel med meg i all hast vekk. Eg var vettskremt men me måtte komme oss vekk frå det.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil