Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kjære Margit Sandemo

Kjære Margit Sandemo

Brev til Margit Sandemo, hvor jeg forteller henne hvor levende hun skriver, og takker henne for alle de gode bøkene hun har gitt oss.

Sjanger
Annet
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
12.04.2005


Eg er ei 15 års gammal jente frå ein liten plass i Nordland som heiter Tysfjord. For over eit år sidan begynte eg å lese din ”Sagaen om Isfolket”, men eg klarte ikkje å finne bok nr. 12, 13 eller 15, så da slutta eg å lese dei. Heilt til eg flyttet til Tysfjord, der hadde dei alle bøkene dine på biblioteket. Eg hugsa kor bra eg likte å lese om Sol, Tengel og Silje, og da begynte eg å lese bøkene dine om at. Etterkvart har dei blitt så levande for meg at dei er akkurat som familie for meg.

 

Da Sol døde, blei eg så reven med at eg satt der og gråt lenge. Sameleis var det da Dominic døde og Villemo vakna opp med ein død Dominic på sida av seg. Dei skulle jo døy saman. Ho var så lei seg at eg fekk vondt inni meg, da tok eg til tårane igjen.

 

Eg kjenner meg mykje igjen i Villemos sinne. Ho blir så sint at ho nesten kan sprute eld, slik er eg også. Av og til innbiller eg meg at eg har same krefter som ho. Men det veit eg jo sjølvsagt at eg ikkje har. Det er bare så morosamt å leike med tanken.


 

Da Villemo også døde, og eg fekk møte dei gamle frå Isfolket var eg plutseleg så glad at eg satt å smila og lo for meg sjølv. Det var så ubeskriveleg godt å treffe Tengel den gode igjen. Han var slik eit fint menneskje.

 

Da Shira skulle gå igjennom alle grottene, var det så vidt at eg klarte å leggje frå meg boka for å ete. Det var så spennande. Om det hadde vore eg som måtte gå den same vegen som ho, ville eg ikkje klart meg igjennom den fyrste grotten eingong.

 

Da eg leste om Heike og Peter i den forheksa borgen og landsbyen var det akkurat det same. Det gjekk frysningar på ryggen min da eg forstod at Nicola i røyndommen var den ikkje-daude heksa Anciol. Eg klarte ikkje å leggje boka frå meg, endå eg visste at eg måtte på skulen dagen etter. Eg har alltid vore så fascinert av overnaturlege ting.

 

Du skrivar så levande at man blir heit gripen. Man føler det som om man har kjent Sol, Mathias, Kolgrim og alle dei andre heile livet. Eg synes så synd på stakkars gode Mathias som blei tvungen til å jobbe i fleire år i ei kullgruve. Men eigentleg er det like synd på Kolgrim som fekk forbanninga over seg.

 

Eg e no komme tel bok nr. 20 ca, og eg kan ikkje venta til biblioteket opnar i dag, så eg kan leie meg nye bøker om Isfolket.

 

Da Sol fant ut at den mannen ho trudde var mørkets fyrste, som ho var så betatt av og hadde samleie med i røyndommen var Hemming Fogdedreparen, trudde eg at eg skulle døy. Eg var bare glad til da ho spidda han med høygaffelen, det er vell kanskje litt stygt å sei sånt, men han fortjente verkeleg å døy. Han som var skuld i at nesten alle i Isfolkets dal blei drepen. Dei einaste som overlevde var jo nettopp Sol, Dag, Liv, Silje og Tengel den gode.

 

Om eg ikkje hadde fått lest dei bøkene som eg mangla, 12, 13, og 15, ville eg jo aldri ha funnet ut at på Tengel den vondes vandring, klarte han å gjere ei uskyldig jente gravid. Og at barnet hennar var ein rammet frå Isfolket. Og at Isfolket hadde ukjente slektningar der.

 

Korleis klarar du å skrive så bra? Eg leser nøye gjennom et par sider i boka, og bryr meg fint lite om kva som står der, for det er måten du skrivar på som fascinerar meg. Du beskrivar ting så levande at eg nesten kan ta på dei. Det er akkurat som om boka mi er ein liten tv der eg må lese meg til bilde. Men når eg fyrst har begynt, ruller filmen sakte men sikkert. Bildane berre kjem av seg sjølve, og dansar framfor meg i boka så levande at eg nesten blir skremt. Men på same tid elskar eg det.

 

Som da eg leste om Kolgrims tur til Isfolkets dal. Da utspilte heile scenen seg framfor meg i boka medan eg satt og så på. Eg kunne tydeleg sjå for meg uttrykket i ansiktet til Kolgrim da han fekk sjå Tengel den vonde. Han såg ut som om han hadde sett døden sjølv. Kanskje hadde han det?

 

Eg lurer på korleis du klarer å bevare Sol så ung og levande og ertande framleis. Hugsar du ikkje hennes ville ferder til Helvete, eller da ho drap ein prest. Det meste eg hugsar om Sol er morosame ting. Som da ho blei døypt da ho var fire år gammal og sa ”prestefaen sølte vann på meg!”. Eg kan enno sitje å le av det!

 

Men kvifor må du skrive så mykje om krig? Det er ikkje interessant synes eg. Eg forstår at du måtte skrive om krigar da du skreiv om Trond, for det var jo slik alle fekk vete at han var ein rammet. Det slo ut da han fekk drepe. Eller da du skreiv om Cecilie og Aleksander Paladin. For Aleksander fikk ein skot skade i krigen, som Cecilie måtte hele.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil