Tenåringer og deires verste fiendar, foreldra.

En nynorskstil (sidemål) om foreldreforhold. Tentamen julen i 10. klasse.

Karakter: 6

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.04.05
Tema
Familie

Forholdet mellom foreldre og tenåringar kan vere ganske hardt til tider. Både tenåringane og foreldra bråkar, på kvar sin måte. Det kan føre til kranglar, truslar og det som verre er. Men dei færreste av dagens tenåringar kunne klart seg utan foreldra sine, og eg trur ikkje at det er så mange tenåringsforeldre som ville bytta barnet deira i noko som helst anna barn. Men til tider, ja da kan nok foreldre vere like lei avkommet deira som me tenåringer er av gamlingane.

 

Me har til eksempel puberteten. Ein vis mann sa ein gong at puberteten, det er ein periode i barns liv da foreldra kjem i trassalderen. Men eg trur egentlig ikkje det er foreldra som er problemet. Det er nok me ”små englane” som er dei verkelege bråkmakerne. Hormona rasar rundt om i kroppen, og me er i ein tøff periode. Det er ikkje vår feil, men me burde nok vere litt varsammare med å leggje alle problema våre over på den eldre generasjon. Ja, det er faktisk dei som skulle ha oppdratt oss, og uvanane har me lært av dem og så vidare. Men me må ikkje gløyme at me faktisk er tenkjende individ me også. Det er ikkje våre foreldre som tar valga våre, det er faktisk me sjølve. Men foreldra er nok ikkje heilt uskyldege dei heller, dei burde jo ha lært oss bedre.

 

I forholdet mellom tenåringar og foreldre så er det nok ikkje berre tenåringane som har skulda heller. Foreldra våre har faktisk det med å trø på ein del sensitive nervar av og til. Faktisk trør foreldre på slike sensitive nervar veldig ofte. Me har klassikeren med at poden har vore ute saman med vennane sine og foreldra er nyskjerrige. Kun ein ting er verre enn ein forelder som spørr og grev om ting, og det er ein forelder som snokar. Ingenting er flauere enn når ein er ute og går saman med vennar, og så kjem mora di og blandar seg inn på ein eller anna måte. Det er verkeleg plagsomt! Ein forelder burde aldri, absolutt aldri spørje om kva me har gjort. Og heller ikkje komme og blande seg inn i sakane våre. Da blir me irriterte og slår oss vrang. Me har som oftest ikkje gjort noko galen, og om me har gjort noko alvorleg så får nok foreldra tidsnok vite det. Men same kva me har gjort så vil nok dei færreste ungdommer i dag fortelje foreldra det. Ikkje nødvendigvis fordi foreldra ikkje har godt av å høre det, men det er eit spørsmål om privatliv.

 

Og akkurat dette med privatliv er veldig viktig for oss tenåringar. Viktigare enn kva mange litt eldre mennesker trur. Det er ein måte å markere seg på. Ungdomstida er jo ei tid kor ein skal utvikle personligheita, finne ut kvem ein er etc. Ein har eit behov for å markere seg. Dette kan ein blant anna gjere ved å kreve å ha visse steder man er heilt privat, eller i det minste utan foreldra. Det er jo ei tid for lausrivelse, og dette kan mange foreldre merke. Så til dykk foreldre der ute: Gi poden litt privatliv. Om han heng ein lapp på døra si kor det står ”ikkje forstyrr” eller noko slikt, så har det allereie gått litt for langt. For ein tenåring seier det seg sjølv at ingen skal forstyrre han eller ho når dei har gått opp på rommet. Ha det som ein regel, bank alltid på soveromsdøra til guten eller jenta deira, og ikkje snok på rommet til avkommet når han eller ho ikkje er heime! Det kan ligge ein del ting der som de ikkje vil finne, og om dykk finn noko så blir ikkje deres kjære barn særleg glad. Eg kan personlig garantere at om de har ein tenåring i huset og har vore og snoka på rommet hennes, vil ho bli fra seg av sinne. Det samme gjeld selvfølgeleg også gutter. Underteiknede har sjølv vori fra seg av sinne fordi foreldra har vori på rommet og snoket, og det er enda verre om dei har funni ting dei ikkje burde ha sett, slik som brev, blader og bøker som er private. I det hele tatt, foreldre skal halde seg langt unna rommet til tenåringsbarnet sitt!

 

Me tenåringar burde kanskje også halde oss unna rommet til foreldra våre. Eg trur at det å komme inn på rommet til den eldre generasjon og se dem i full aksjon i sengehalmen kan vere noko av det verste som fins. Mange tenåringar lever i den trua av at det sekundet de ble født, sluttet foreldra å ha sex. Enda ein god del av oss har mindre søsken. Me veit jo egentleg at dei er menneskjer dei også, og dei har samme lystane som andre folk, me berre benektar det. Akkurat som tenåringsrommet er eit lite sted me kan vere aleine, eller to-eine om ein føler for det, så gjeld akkurat det samme for foreldrerommet.

 

Og skulen. Huff, dette tullet av eit påfunn. Eller er den no så ille? Mange tenåringer er ganske avhengig av den, enten dei vil innrømme det eller ikkje. Der lærar ein mykje rart, både i friminuttane og på skoleveien. Det hender jo at det skjer noko interresant i timane også, som gjør at me ungdommar faktisk huskar det, men som oftest forsvinner det som skjer i klasserommet i timane rett ut av hovudet når me går heim, og det er ikkje enkelt å få dei tingane tilbake heller. Og det er litt ugunstig, siden ein som oftest treng det ein lærar på skolen seinare også. Her burde foreldra hjelpe til. Det er viktig med litt hjelp fra foreldra av og til, både til det eine og det andre. Det er hardt å innrømme det, men gamlingane veit faktisk ganske mykje. Eg vart faktisk overraska heile tida over kor mykje min far og mor faktisk veit. Så foreldre kan hjelpe oss mykje med skolearbeidet. Det er berre nødvendig med litt initiativ, både i me tenåringar og i foreldra. Me må tørre å spørje dei om hjelp, men dei må også hjelpe oss utan at me treng å spørje. I det hele tatt liker me tenåringar at foreldra våre bryr seg. Så lenge dei ikkje trengar seg inn på dei tidligare nemnte private områdane, så blir me veldig glade om foreldra våre visar at dei bryr seg, for eksempel om dei møtar opp på dugnader eller hjelper til med andre ting på fritida.

 

Samfunnet i dag er blitt slik at det er ”in” at foreldra og tenåringane kranglar og har eit dårleg forhold. Dette er galt. Eg er kjempeglad i både mamma og pappa, og er utruleg glad for at me har eit så flott forhold som me har. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan dei. Eg hadde rett og slett ikkje klart meg. Dei gjør så mykje for meg, og eg er bra sikker på at alle foreldre gjør så godt dei kan for at me tenåringar skal ha det bra. Men eg håpar at det ville slute å vere slik at foreldre og tenåringar skal vere uvennar heile tida. Det er så mykje morsomare når ein kan vere vennar med foreldra sine! Så eg oppfordrer alle foreldre til å vere mykje saman med barnet sitt mens de har sjansen. De aller fleste tenåringar vil nok innerst inne vere saman med foreldra sine dei også skal du se.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst