Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Guten om trollet

Guten om trollet

Selvlagd norsk eventyr.

Sjanger
Eventyr
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
20.05.2000
Tema
Eventyr

Det var ein gong tre gutar som budde i ein stor skog. Dei kom alle frå same familie. Den største guten vart kalla for Tor. Den nest størst heitte Pål. Minstemann i familien var Inge. Han kom alltid til sist i køen, når det var f.eks mat.

 

Ein dag blei Tor sendt av stad for å kjøpe ei ny sag til far hans. Det var ikkje enkelt å få tak i ei sag i dessa tider, så Tor måtte gå heilt til byen på den andre sida. Før Tor gjekk spurde Inge om han kunne få bli med, men faren sa "Du er jo minstemann, du vil ikkje klare denne oppgåva". Så Inge måtte bli heime.

 

Det var tre dagar langt til byen, så Tor sette ut for å kome heim tidsnok. Han hadde ikkje gått meir enn tre timar da han møtte på ein liten mann. "Del litt av nistepakka di med meg?" spurde den lille mannen med ei tynn stemme. "Nei, du gamle far. Den treng eg sjølv. Eg har ein lang tur framfor meg," sa Tor og drog vidare. Etter tre nye timar møtte han på eit troll. "Kor skal du," grynta trollet. Tor blei så redd da han sŒ trollet, at han sprang heim så fort beina kunne bere han.

 

Faren måtte ha denne saga , så Pål blei sendt ut etter ho. Da Pål kom til den gamle mannen gav han mannen litt mat. Den gamle mannen takka og gjekk sin veg. Det skjedde ikkje meir den dagen.

 

Da Pål vakna neste dag så han den gamle mannen at. "Kan eg få vere med deg til byen?" spurde den gamle mannen. "Nei, eg har ikkje tida til å vente på ein gammal kar som deg," sa Pål og så drog han vidare. Etter om lag tre timar møtte Pål eit digert troll. Dette trollet var større enn det Tor hadde sett. " Kor skal du?" spurde trollet. "E..e...eg skal til byen," hiksta Pål. "Ingen slepp forbi meg, og nå kjem eg og et deg," brølte trollet. Pål blei så redd at han sprang heim så fort beina kunne bere han.

 

"Jaja, da blir det ikkje nokon sag da," sa faren da Pål kom heim. "Men, men eg kan prøve meg," sa Inge med ei spørjande stemme. "DU! Nei dette er nok ikkje ei oppgåve for smågutar, men dersom du vil prøve deg så nektar ikkje eg deg det," sa faren i det han lo.

 

Inge la ut på turen med ei stor nistepakke. Etter tre timar møtte han på den gamle mannen. "Kan eg få litt av nistepakka di?", spurde den gamle mannen med ein sprø stemme. "Ja, eg har nok til både deg og meg," sa Inge og delte litt med den gamle mannen. Så tok dei farvel og Inge haldt fram mot byen. Neste dag trefte han på den gamle mannen igjen. "Kan eg få vere med deg til byen?" spurde den gamle mannen. "Ja, det er klart det. Eg har ikkje dårleg tid, og det er ikkje nokon som ventar på meg heime," sa Inge og så la dei i veg. Etter tre timar møtte dei på eit digert troll. Ingen hadde nokon gong sett eit så digert troll. "Kor skal de?" brølte trollet. "Vi skal til byen," sa Inge. "Ingen slepp forbi meg, og nå kjem eg og tar dykk," ropte trollet medan det kom springande mot dei. Det skjedde veldig fort. Den gamle mannen rekte hendene opp i været og sa nokon ord. Med eitt ble trollet borte, og Inge og mannen kom trygt til byen.

 

"Nei, så flink du har vore," sa faren da Inge kom heim. Som løn for strevet fekk Inge arve garden etter faren, og dei to andre måtte arbeide for Inge i all den tida dei levde. Og dersom eg ikkje tar feil, så arbeider dei to der enda.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil