Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Lurki

Lurki

Et eventyr på nynorsk om en liten pike som leter etter sin far. Fikk sterk 4'er på denne. Og etter litt retting en 5'er.

Sjanger
Eventyr
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
07.03.2005
Tema
Eventyr


Det var ein gong for lenge sida ei jente som heitte Lurki, ho budde med far sin, Nano heitte han. Då Lurki var lita hadde mora hennar gått ut for å hente vatn, men ho hadde aldri komt tilbake, og no var det 13 vintrer sida, og ho kunne nesten ikkje hugse ho.

 

Dei budde langt vekke frå alle andre, på ein topp i ein skog.

Kvar kveld måtte Lurki gå ned den lange bakken og hente vatn slik at ho og Nano kunne ha reint vatn å vaske seg i. Dei fleste pleide ikkje å vaske seg kvar kveld på den tida, men Lurki og Nano hadde ei elv som rant ned langs toppen.

 

Ein dag sa Nano til Lurki at no måtte ho dra ut å leite etter mor si, for no var det så lenge sidan han hadde sett ho, at han holdt på å glemme korleis ho såg ut. Lurki hadde egentlig ikkje så lyst å dra ut å leite etter mor si, for ho trudde ikkje det var stor sannsynlighet for å finne ho. Men Lurki høyrde alltid på kva pappa Nano sa, og dermed tok hu ei lita taske med tre skalker og ei flaske med vann.


 

Då ho hadde gått ei stund vart ho trøyt og satte seg ned under eit stort grønt tre, og der sovna ho tilslutt.

Då sola holdt på å komme opp igjen neste morgen vakna ho av at nokon kvistar knakk rundt ho. Og foran ho stod ei gammal kone, og vakker var ho ikkje å se på, heller stygg, mager og krokete.

- Hei lille pike. Kva gjer du her i området? Det er ikkje trygt for ei så søt lita pike som deg å vandre aleine i skogen her.

- Eg veit, eg veit. Men no skal du høyre, eg leitar etter mi mor, men ho vart borte for 13 vintrar sida, og eg veit ikkje om eg nokon gong kom til å finne ho, ei heller kjenne ho igjen!

- Eg veit ikkje om eg kan hjelpe deg vesle jente, men om du gjer meg litt mat kan eg gjerne gje deg eit råd i det minste.

- Eg har berre 3 skalker, men det ser no ut som du kan trenge dei meir enn meg, så du får få ei skalk du då.

- Takk skal du ha snille pike, no skal du gå rett ned bakken til treet som kommer på di høyre side. Dette treet skal du sove ved.

 

Lurki visste ikkje kva dette skulle være godt for, men ho visste ikkje kva ho ellers skulle gjere, så ho gjorde som kona hadde sagt. Gikk til ho fant eit tre på si høgre side og la seg til å sove ved det.

 

Då ho hadde sove til morgengry vakna ho igjen av tasling rundt ho. Då ho åpna augo såg ho ei endå eldre kone og ho var mykje styggare å sjå på, det var nesten slik at Lurki ikkje orka å sjå på ho. Og dobbelt så mager så ho første var og i tillegg.

 

- Neimen god morgenvesle pike. Kva gjer ei lita jente som deg her i skogen no?

- Jo no skal du høyre, eg mista mi mor for 13 vintrar sida, og no har eg dratt ut for å leite etter ho. Men eg veit ikkje om eg nokon gong kjem til å finne ho, eg veit ikkje ein gong kor eg skal leite!

- Eg trur nok ikkje eg kan hjelpe deg stort, men om du har litt mat å gi meg kan eg gjerne gi deg eit lite råd.

- Å, men no har eg berre to skalker igjen, men sidan du ser ut til å trenge det meir enn meg får du vel få ei skal du då.

- Takk vesle jente, du er meir snill enn du har godt av. No skal du høyre, gå så langt du klarer og forbi 11 tre. Når du har komt så langt legg du deg ned ved det 12 treet, og sov der til morgengry.

 

Lurki syntes det begynte å bli rart å bli fortalt kvar ho skulle gå, men ho høyrde på denne kona også, og gikk i vei.

Då ho hadde traska i nesten to dagar og forbi ti trer hadde ho mest lyst å kaste seg ned å kvile, den siste skalken hadde ho ikkje spist fordi ho tenkte at noko måtte ho jo ha på veien heim.

Då ho endelig såg det siste treet sprang ho heilt til det tolvte, der falt ho om og sovna.

Da ho vakna av seg sjølv stod det ei gammal kone foran ho. Denne kona såg rett og slett grusom ut, og Lurki ville helst ikkje snakke med ho, og fikk vondt i av å sjå på ho. Ho var så tynn at ho såg ut som ei slags kvist.

 

- God morgen vesle pike. Kva gjer ei jente som deg i skogen?

- Nei, eg er på leit etter mi mor, ho forsvann for 13 vintrar sida, og no var det på tide å leite.

- Eg trur gjerne eg kan hjelpe deg med det, men då må eg nok få meg litt mat først. Har du litt mat til meg?

-  No har eg berre ei skalk igjen, men sidan du ser ut til å trenge den meir enn meg og siden du kan hjelpe meg å finne mamma skal du få den.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil