Gjennom tidene har mange gudeskapnader vorte tilbedne her i Norge, med den dyrkinga som oppstod rundt den mektigaste guden Tor, har ein aldri sett maken til.
Tor var den guden som vart dyrka mest i vikingtida. Han var sonen til Odin og Jord, den sterkaste av gudane og heimen hans låg i Trudvang og hette Bilskirne.
Det viktigaste våpenet hans var hammaren Mjølne, "knusaren" som dvergane hadde smidd til han. Den kunne gjere han så stor eller så liten som han ynskte, han trefte alltid det han sikta på, og når Tor kasta han så kom han alltid attende til Tor igjen. Tor har og eit styrkebelte, Megingjord, som gir han dobbelt styrke og sinne når han tek det på seg.
Vikingane var oftast modige og krigerske, men når det var uver med lyn og torever, såg dei opp mot himmelen med skrekk og redsel, for dei hadde sett korleis lynet kunne splintre tre og få dei til å brenne. Dei trudde at det var Tor som lagda lyn og Tor-dønn, torever, saman med dei to bukkane sine, Tanngnjost og Tanngrisne. Dei trudde nemleg at Tor kjørte i ei open vogn over himmelen og av vogna slo det gnistar og vogna ramlar avgarde med torebrak.