Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Island på 900-tallet

Island på 900-tallet

Island på 900-tallet

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
20.05.2000


I fylgje sagaene kom nokre vikingar som hadde drive ut av kurs, til Island på slutten av 800-talet. Dette var starten på vikingtida på Island. Dei møtte nokre irske munkar, men dei forlet øya da nybyggjarane frå Vesterhavsøyane og Noreg byrja å busette seg der frå 860-årane.

 

På 900-talet var Island delt opp mellom noe over 400 høvdingætter. Det var desse 400 ættene som styrte Island på denne tida. Mange av dei som var høvdingar var norske stormenn som hadde utvandra frå Noreg. Utvandringa kunne ha fleire motiv: nokre ville ikkje bøye seg for Harald Hårfagre som overkonge eller dei kunne vere fredlause. Men mest sannsynleg var det nok eit anna motiv som var avgjerande: På Island kunne ein rydda nye gardar utan blodig erobring.

 

På Island var det ikkje mange, om nokre, gardar. Det førte til at det ikkje berre var enkelt å rydde ein gard, men ein kunne også vere selektiv, slik at ein fikk den beste plassen med den beste jorda.

 

Arbeidet på garden blei i mange høve overlate til slavar. Ofte var desse slavane av irsk eller skotsk avstamming. Slavane var sannsynlegvis tekne til fange av vikingar som hadde vore på tokt på de britiske øyene. Dei islandske høvdingane kan ha kjøpt dei på handelsplassar rundt om i Skandinavia. Som bønder dreiv dei med jordbruk, men dei hadde også gode skip slik at dei kunne fiske.

 

På 900-talet hadde ein utvikla gode våpen og rustningar, og nybyggjarane på Island var ingen unnatak, noe dei svære arsenala fortel alt om. Ein hadde utvikla knivar og sverd som var lagt av det beste jern. Dei var også godt slipt, noe som gjorde dei til perfekte våpen i kamp. Når det gjeld rustningar brukte dei gjerne skinn og lær. Dette var dugeleg forsvar mot piler.

 

Som dei andre menneska i vikingtida hadde dei ei åsalære. Denne truen på dei norrøne gudane med Odin som den fremste av dei var svært utbreidd på Island. Det blei reist mange hov, hus til bruk for heidensk tilbeding. Her kunne ein be til gudane. Og det var veldig viktig å gjere gudane til lags, elles kunne det gå ein gale. Avlingane og mykje anna avhang på ein manns forhold til gudane. Ein kunne gjere dei til lags ved å be til dei og lovprise dei. Ein annen måte var å ofre til gudane. Det var ymse ting som ein kunne ofra til gudane, og det var ikkje uvanleg å ofre den beste oksen. Det hendte også menneskeofring. Ofte var det gjerne ein slave, men det kunne gå så langt som å ofre sin eigen son. Dette fortel mykje om gudane sin sentrale posisjon i folks førestellingsliv.

 

På denne tida sto viking og helteidealet høgt. Det var gjævt å vere viking. Ein viking var ein djerv krigar som ikkje var redd for å dø. Å dø i strid var den gjævaste måten å dø på. Krigarane hausta stor respekt, og var eit førebilete for dei unge. Det faktum at desse ideala sto så høgt må sjåast i samanheng med åsalæra. I fylgje mytane blei dei som fall i kamp brakt til Valhall av Odin på hans hest Sleipner. I Valhall moroer einherjene, det vil sei dei som har falle i kamp og kome til Valhall, seg med å krige kvar einaste dag, og kvar kveld har dei fest, med all den mjøden dei orkar. Dette løfte om eit slikt "paradis" gjorde sitt til at vikingane gjekk til kvar kamp utan noe som helst frykt.

 

Det var hemntanken som dominerte. Dei fleste hadde ein gammal testamentarisk holdning, med "øye for øye og tann for tann" mentaliteten. Da var det kanskje ikkje så rart at det var så mye mord og dreping. Et "lite" drap kunne føre til store kampar mellom de ulike ættene.

 

Sjølv om dei hadde myntar av sølv skjedde store deler av handelen ved at dei bytta varer seg i mellom. Sølvet fungerte mest som eit statussymbol. Stormennene handla med andre stormenn på andre plassar. Attraktive varer kunne vere husdyr, hestar og våpen. Det kom ofte store handelsskip, blant anna frå Noreg. Dei hadde ofte med seg varer og nyheiter frå, for nokon, gamlelandet.

 

På denne tida hadde dei ikkje noe rettsvesen, langt mindre lover og reglar. Dette var i og for seg relativt naturleg sidan det for ikkje lenge sidan ikkje hadde budd noen på øya. Dette førte til at ein stort sett kunne gjere som ein sjølv ville. Jungelloven, med den sterkaste sin rett, var den loven som fungerte i praksis.

 

Viss ein samanliknar det samfunnet som kjem til uttrykk i filmen, som høgst sannsynleg er eit Island på slutten av 800-tallet - byrjinga på 900-tallet, med det samfunnet som kjem til uttrykk i Soga om Gunnlaug Ormstunge, ser ein mykje fellestrekk, men også nokre store forskjellar.

 

I filmen ser ein eit samfunn utan orden, lover og reglar. Vi får oppleve mykje vald og dreping mellom ættene. Vi kan sjå at vikingidealet står høgt. Æra tel svært mykje.

 

I Soga om Gunnlaug Ormstunge kan ein lese om eit samfunn som har blitt langt meir sivilisert. Hovudskilnaden er at ein har innført Alltinget. Høvdingane hadde funnet ut at dei hadde behov for felles rettsregler. Med den norske Gulatingsloven som mønster oppretta dei Alltinget. Men dei hadde ingen organ som kunne sette Alltinget sine vedtak ut i livet, så det blei overlate til høvdingane, som i blant rauk saman i blodige feidar. Æra stod framleis høgt.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil