Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Silje

Silje

Novelle som følger Silje og Christer, som liker hverandre uten å tørre og si det.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
07.01.2005
Tema
Sjekking


Silje så kritisk på spegelbildet sitt. Den lyse jenta sterra tilbake på henne med et surt uttrykk i ansiktet. Ho prøvde seg forsiktig på et smil, men det blei bare ein forvrengt grimase. Med eit irritert sukk sette ho seg tungt ned attmed sminkebordet og byrja å ta på seg maskara. Ho kunne jo finne på ein grunn for å ikkje gå. ”Det var jo berre eit vanleg diskotek.”, sa ho høgt til seg sjølv. Men det var ikkje sant. Det var eit ganske spesielt diskotek, som Silje hadde gleda seg til i mange ukar fordi ho skulle gå saman med Christer…trudde ho. Men da det var tre dagar igjen og han ennå ikkje hadde bedt ho om å bli med, hadde ho hørt litt på sladderen rundt på skulen, og sjølvsagt; Michelle, den litle bimboen frå parallellklassen hadde fått følgje med ham. Det var jo eigentlig ganske patetisk, tenke Silje medan ho fiksa på kajalen, å tru at han ville ha ho med. Ho hadde bare fått inntrykk av han likte ho, men sida ho ikkje var sikker, turte ho ikkje å gjøre noko. Ho gjekk berre rundt saman med den vanlege gjengen og prøvde å sjå pen ut. Ikkje at det hadde virka så bra akkurat. Det var jo sjølvsagt andre gutar som ville ha henne med ut, men Christer var spesiell. Ho reiv seg laus frå tankestraumen og fortsette med sminka, sjølv om det ikkje hadde så mykje å seia korleis ho såg ut. Han ville sikkert ikkje ha ho uansett.


 

Christer flytta uroleg på seg medan han satt i bilen. Han var på vei heim frå ein fotballkamp og hadde berre ein halv time igjen før han måtte være hos Michelle. Han ville eigentlig ikkje gå med ho på diskoteket, men ho hadde mast så mykje på han at han ikkje orka meir. Eigentlig, eigentlig, hadde han lyst å gå saman med Silje, men han torde ikkje å spørje ho. Ho virka så sjølvsikker, så populær. Det ville bli altfor flaut viss han spurde ho og ho svara nei. Han fikk vel berre klara seg med Michelle, tenke han og gjekk inn på rommet sitt. Han skulle til å opna klesskapet da eit bilde på skrivebordet fanga blikket hans. Han tok det opp, og kjente med det same tårer som pressa bak augo. Det var klassebildet frå 8. klassen. Der var han…og der var Silje. Heilt fremst. Ho satt der og smila og var den Silje han var så glad i. Nei, tenka han, og sette bildet på plass igjen. Silje var ikkje noko for han. Det var bare å komme over ho og slå seg til ro med det han kunne få.

 

”Biip biip! Biip biip!” Det var Siljes mobil. Endelig, tenkte ho. Ei melding. Kven frå, tro? Ho krysset fingrar for det umulige, nemlig at det var Christer som i siste liten hadde ombestemt seg og ville gå saman med henne. Men nei, det var bere ei av venninnene som spurde kva ho skulle ha på seg på diskoteket. Ho orka ikkje svara. Eigentlig hadde hun mest lyst til å setja seg ned og skrive all sin frustrasjon i ei melding som hun kunne sende til ein person hun stolte på…men sjølvsagt kunne hun ikkje gjøre det! Kule, sjølvsikre, populære Silje, ville ikkje gå på ein enkel liten fest, bare fordi ein viss gut ikkje skulle gå saman med ho! Snakk om å være dum. Ho kasta eit blikk på klokka. Shit! Tida hadde løypt frå henne. Om fem minuttar hadde ho avtalt å møte venne sine, og ho hadde ennå ikkje funnet ut kva ho skulle ha på seg! Ho styrta inn på rommet sitt og røska til seg det første skjørtet og toppen ho så. De var vel greie nok saman? Ja, sikkert. Hun kasta kleda på seg i ei fart og ropte eit fort ”ha det” til foreldra, på turen gjennom stua. Tre sekunder seinare var ho på gata, i full fart mot vennene som antakelig sto og venta på henne i same augeblikk.

 

Michelles hus kom stadig nærmare. Christer syntes det likna på et fengsel. Ein skrekkinngytande bygning full av kaldblodige mordarar og tjuvar. Han ristet på hodet som et forsøkte på å riste ut tankane. Han burde jo eigentlig glede seg. Ho var jo søt, sa han til seg sjølv. Søt, grei populær. Kanskje meir populær enn Silje… Han stoppet opp. Nei, det var ho ikkje. Ho kunne ikkje måle seg med Silje, verken i popularitet eller noe anna. Silje var unik. Michelle var…han hadde ikkje ord for det. Ho var bare ein slags erstatning! Han begynte å gå, men stoppa igjen. Han kunne ikkje gjøre detta. Det var feil! Han kunne ikkje dra saman med Michelle når han ikkje ville det. Da fikk han heller dra aleine. Det fikk bli Silje eller ingen! Han svinga av frå gata mot Michelles hus, og mot det steda kor diskoteket skulle være.

 

Gjengen til Silje nærma seg festen mens de snakket om sminke, kler og ikkje minst: guter! Anette og Kristina diskuterte høglydt om Elijah Wood eller Brad Pitt var kjekkast. De tre andre mora seg med å høre på, sjølv om Silje ikkje helt klarte å sleppe taket i håpet om Christer. De kom stadig nærmare diskoteket og begynte å høre musikken dunke. De andre ramlet inn døra til festen, mens Silje nølte. Ho følte det som om det var dommedag som stod bak døra og bare venta på å huke tak i henne og slenge henne utfor et stup. Fortapelsens stup. Hun trakk pusten dypt og tok skrittet over dørstokken.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil