Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Realismen

Realismen

Artikkel om den realistiske perioden i litteraturhistorien

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk


Georg Brandes er rekna som realismen sin far. I sin essaysamling "Det moderne gennembruds mænd" skriv han mellom anna "Det at en litteratur i våre dager lever, viser seg ved at den setter problemene under debatt." Denne setninga skulle bli sjølve grunnpilaren i realistisk dikting. I denne artikkelen vil eg ta føre meg realismen som litterært fenomen, og sjå litt på "Et dukkehjem" som vart skriven av Henrik Ibsen i 1879. Denne perioden varte frå omtrent 1875- 1890. Det er ikkje mogleg å skriva ein artikkel om realismen utan å komma litt innpå naturalismen. Desse litterære stilane er så nært knyta opp mot ein annan, at òg naturalismen må få litt spalteplass i ein artikkel om realismen. Me skal sjå at samfunnsforhold påverka litteratur, og til ein viss grad og vice versa.

 

La me først sjå kva den realistiske litteraturen var ei reaksjon mot. Som eg nemnte i den siste artikkelen min er språk- og litteraturutvikling ofte ei reaksjon på samfunnsforhold, og den dominerande litterære genren. Til dømes var opplysningsperioden ei reaksjon på barokken, og på kyrkja sitt syn på menneske. Ein kan heilt enkelt sei at realismen var eit motsvar til romantikken. Ein hadde sett seg lei på det romantiske og urealistiske bildet som den romantiske litteraturen presenterte av menneske og samfunnet. Darwin sitt verk "Artenes opprinnelse" var eit skot i baugen for romantikken sitt menneskesyn. Romantikken hadde sett menneske som ei perfekt skaping, og var påverka av den kristne skapelsesbertninga. Darwin påsto at menneske var eit resultat av ei langvarig utvikling og altså ikkje ei skaping. 1850- 1875 ført med seg store forandringar i samfunnet. Medan ein tidlegare hadde dyrka jorda og hollt husdyr, gjekk ein no over til ei pengebasert hushaldning. Dette var ei følgje av at fleire flytta inn til byane, og vart industriarbeidarar. Denne urbaniseringa førte i annan rekke til at fattigdomen auka, slumkvartera vokste fram, og at det blei stadig fleire sosiale problem. Samstundes med at fattigdomen vokste fram, vokste òg den sosiale avstanden mellom borgarskapet, og proletariatet (arbeiderklassen). Denne utviklinga var ikkje så langt komen her i Noreg som i mellom anna Storbritannia og USA, men han var på god veg. Derfor kom kravet blant litteratane om litteratur som kunne skildra samfunnet og menneske slik dei var, uten romantikken sitt "tåkesyn". Ein del forfattarar i ein overgangsperiode (1850-1875) bana veg for meir radikale forfattarar seinare. Ibsen og Bjørnson var aktive og i denne perioden. Dei henta historisk stoff, men valde aktuelle problemstillingar.

 

Realismen sitt kjenneteikn var i første rekke valet av emne. Forfattarane skulle som Brandes sa det "sette problemene under debatt." Det naturlege var da å velja å skriva om problem som fanst i samfunnet rundt dei. Dei skulle skrive om borgarskapet slik dei eigentleg var, og kritisera forhold i samfunnet. Måten dei gjorde dette på var å framstilla det som karakteriserte personane, haldningane og forhold i samfunnet. Forfattarane skulle ha ein bodskap. Dei skulle sette problema under debatt, og avsløra det som eigentleg var. Ibsen sa ein gong "mitt kall er ei at svare, kun at spørge." Han meinte at hans oppgåve var ikkje å komma med ei ny samfunnsordning, men å setta problema som var i samfunnet under debatt, og gje folk ei aukande bevisstheit om dei.

 

Dei realistiske forfattarane satte og søkelys på kvinna si rolle i samfunnet. På denne tida hadde ikkje kvinner same rettane som menn hadde, dei blei sett ned på og ofte ikkje behandla med respekt ein mann fekk. Kvinner sitt kjønnsliv var og eit tema som var ein gjengangar. Ibsen sine kvinneskikkelsar er som regel sterke og eigentleg svært uavhengige. Men dei er på ein måte fanga i eit avhengighets forhold til ektemennene deira. Dei hadde og til ein viss grad ei moralsk oppgåve. Borgarskapet blei ofte skrivne om som folk av lav moral. Dette viser seg mellom anna i romanane til Kielland, Lie og i Bjørnson sitt drama om grosserar Tjælde. Alle forsøk på å forlenga kreditt, eller gje inntrykk av at soliditeten er sterkare enn han eigentleg er, vart sett på med fordømmande auge. Leserene skulle ikkje berre få borgarskapet sine dårlege sider, dei skulle òg få moralsk og etisk rettleiing. Her ser ein tydeleg at tankegods frå Kyrkjegard heng igjen, så ein var kanskje ikkje heilt fri frå romantikken, men ideane vart brukte på ein annan måte enn under romantikken. Ein av dei mest kjende realistiske forfattarane er Kielland, som gav ut mellom anna "Gift" og "Garman og Worse". Andre er Lie som til dømes gav ut romanen "Gaa paa". Arne Garborg gav ut romanar og skodespel i denne perioden, til dømes "Bondestudentar", "Trætte mænd" og "Ein fritenkjar. Ibsen skreiv drama, "Gengangere", "Villanden" og "Et dukkehjem". Sistnemnde skal eg sjå nærare på seinare i artikkelen. Naturalismen var ei slags vidareføring av realismen. Tanken bak var å gå eit hakk lengre enn dei realistiske forfattarane hadde gjort. Naturalistane ville studera mennesket og trenga djupare inn i problema for å finna den eigentlege årsaka til alle problema og alt som var galt i samfunnet. Dei såg menneske som eit produkt av arv og miljø, det som skulle hende ein var meir eller mindre bestemt på førehand. Med andre ord var litteraturen deterministisk. Litteraturen vart prega av forsking, og ein skulle la fakta få tala for seg sjølve. Og dette blei som regel ganske tragiske saker.

 

For å sei noe om forskjellen mellom realismen og naturalisme kan ein bruka dette bilete. Ein realist vil skriva om møkka i rennesteinen, og håpa at nokon vil plukka han opp, medan ein naturalist ville grave seg djupt ned og helst ikkje komma opp att. Ein naturalist ville ikkje ha noko håp om at møkka skulle bli fjerna. Valet av emne er stort sett det same som i realismen. Naturalismen går berre litt lengre. Her får vi absolutt ingen "happy endings", tonen i litteraturen er mørk og dyster. Karakterane lid ofte av ein eller annan sjukdom, helst av den sorten som er mogleg å overføra seksuelt, dei tek sine eigne liv, frys i hel eller drikk seg til daudes. Det kunne komma eit flyktig lyspunkt i personane sine liv, men desse lyspunkta blei berre brukt for å, om mogleg, få liva deira endå meir deprimerande enn før.

 

Naturalistane meinte at individet ikkje hadde nokon påverknadskraft i sine eigne liv, lagnaden deira var allereie bestemt, og prøvde ein å bryta lagnaden gjekk det som regel endå verre enn det elles ville ha gjort. For å ta eit døme, eit menneske som aldri har hatt pengar, men har vore fattig heile sitt liv, får av ein eller annan grunn pengar i nevene. Vil han då klare å ta kontroll over sitt eige liv? Nei, meinte naturalistane. Han ville mest sannsynleg drikke eller spele dei opp, eller på anna måte kasta vekk pengane. Om han ikkje tok sitt eige liv før pengane var brukt opp, då.

 

Kvinnene i naturalistisk litteratur leid ofte same lagnad som menn, dei var berre så mykje meir tragiske. Eit døme på slik tragedie finn vi i "Karins jul", ei novelle av Amalie Skram. Karin er gravid, og føder eit lite barn. Problemet er at ho er åleine, barnet sin far har stukke av, og ho har ingen stad å bu, og dessutan er det julekvelden. Ein politimann som sikkert meiner det vel, let ho få vara i ei brakke ved hamna julekvelden berre fordi han blir litt sentimental, og så har ho jo ein liten baby. Når han kjem attende for å inspisera brakkene annan juledag finn han Karin og babyen, men då har dei frose i hel.

 

Det var dette som var rota til alle problema, individet sin lagnad var sett fast av det miljøet borgarskapet hadde "plassert" dei fattige inn i, og det var ingen veg ut av dette. Ibsen vart født i 1828, og døde i 1906. Han vaks opp i skien, men flytta tidleg til Grimstad. Der ville han bli apotekerlærling, han var då berre femten år. Ibsen fekk sitt litterære gjennombrot i 1866 med dramaet "Brand". I dag er han rekna som ein av dei fire store, saman med Kielland, Bjørnson og Lie.

 

"Et dukkehjem" er skriven i 1879, og er i tre akter. Dramaet handler om Nora Helmer som er gift med Torvald. Dei har tre born saman og lever ganske så godt. Plottet er at Nora for ei tid tilbake tok opp eit lån i faren sitt namn, etter at faren var død. Årsaka til at Nora tar opp lånet er at Torvald er sjuk og treng ei reise for å bli frisk Signaturen på lånepapiret er altså falsk. Torvald lever i den tro at pengane har kome frå faren hennar. Torvald veit altså ikkje om lånet, og Nora strever for å betala ned lånet sitt. Sakførar Krogstad, som gav lånet til Nora i si tid står i fare for å bli sparka av Torvald. Dermed legg han press på Nora for å få ho til å overtala mannen sin til ikkje å kvitta seg med han. Dette klarar ikkje Nora, og Torvald får vita om lånet. Det er då Nora "vaknar" og finn ut at ho ikkje lenger vil leva saman med Torvald i det samlivet ho talar om som eit "dukkehjem". I løpet av dramaet blir hendingane rulla opp, Ibsen sin teknikk er kalla retrospektiv. Det vil seie at ein del av handlinga har skjedd for ei tid tilbake, men kommer fram gjennom dialogen i dramaet.

 

Noko skjer med Nora i løpet av dramaet. Ho verker veltilpassa og lykkeleg i starten. Torvald er nedlatande overfor henne, men ho synest det berre er festleg at Torvald kallar henne sin "lille lerkefugl" og "slikmunn". På overflata verker det som om ho ikkje har eit problem i verda. I det heile er ho litt naiv. Ho gjer som mannen seier, for det meste. Den store lasten hennar er makronar, noko som mannen ikkje liker. Det er under ein samtale med venninna hennar at ho avslører "forbrytelsen", eller "den store hemmeligheten". Nora er eit resultat av miljøet sitt. I andre akt, etter at Krogstad har trua ho, er ho ennå litt naiv. Hennes største bekymring er kva Torvald vil seie om han fann ut av det med lånet, og ho vart ein smule desperat. Torvald på si side er ein typisk mann av si tid. Han er svært konservativ, og lever etter faste tradisjonar. Kona har ingenting å seie over økonomien i ein heim, ho skal ta seg av borna og elles vera til pynt når han treng til det. Etter det grunnleggjande synet på denne tida er kona mannen sin eigedom. Han er nedlatande overfor kona si, og snakkar til ho son om ho var eit barn. Han er ikkje mykje saman med borna sine, det let han som sagt kona ta seg av. Det viktigaste for han ser ut til å vera å ta seg ut i selskap, ha høg sosial status, og at andre synest vel om han. Det skjer ikkje noko særleg med ham i løpet av dramaet, han er like konservativ i slutten som han var til å byrja med. Men ein kan jo håpa at noko skjer med han etter at Nora går i frå han.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil