Eg klassifiserer min holdning til turliv som supert, ja eg vil til og med gå så langt som til å kalle det perfekt. Likevel om dei einaste formane for turliv eg opplever er å observere en skjønn flokk med villrein som slitar seg over en forblåst haug midtvinters, sett igjennom et bilvindauge mens vi, dvs ein tre barnsfamilie, suser langs landevegen i en altfor liten Fiat Punto kor varmeaparatet har gått amok.
Det hender av og til at eg og et par venner tar oss en tur i skogen rundt Fagerhaugane i surt og bittert regn, dette pleier vi å gjøre i de kalle høstmånadane ei stund etter skolen har begynt på igjen. Dette eigentleg sjeldne fenomenet, men absolutt ikkje sjeldne nok, opptrer alltid de to siste timane på fredag. Årsakene til dette er at da blir vi, det vil si en gjeng gutar i for små fotballshortsar og et par jenter, rævkøyrd rundt ei lysløype for å nyte friluftslivet og sjølvsagt trene kondis.
For å seie det rett ut meiner eg at no tidas forhold til tur- og friluftsliv er enormt overdrive. Vi slitar og jobbar heile veka og som om at det ikkje er nok, så skal vi springe rundt i fjellet på jakt og tindebestigningar heile helga med. Dette her gjeld bare for dei som ønskjer og kalle seg "frilufts folk" eller "jegerar", men du må huske at har du ein slik tittel i dagens samfunn, får du svært mykje respekt og kan kalle deg sporty, så derfor slitar vi alle for å få desse titlane. Denne galskapen byrjar i det små, med f.eks kven som har namna sine i bøkene på Grønnsletta og Flaggnuten, men så blir det bare verre og verre og til slutt så døyr vi i tapre forsøk på å bestige K2 eller gå på ski over Sørpolen. Det er allereie eit par som ikkje synast det er sportsleg nok å kjøyre med hundeslede over Sørpolen så dei stadig finn opp nye og "barskare" måtar å ta seg over det isaude der nede i sør.