Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Volvo XC90 T6

Volvo XC90 T6

0-100 på 8,8 sekunder! Er ein reportasje (test av Volvo XC90) som vi hadde i 9. klasse.

Karakter: 5

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
16.11.2004
Tema
Bil


Med nye Volvo XC90, vil Volvo no heva seg enda eit hakk. Denne bilen er luksusseriøs, har kraft og slår dei fleste konkurrentane på design. Sikkerheita til bilen er også bra. Dette er fordi Volvo gjennom mange år har arbeida med akkurat sikkerheita i bilane sine. Det som trekk ned er prisen. Den startar nemlig på rundt 700000,- kroner.

<bilde>

 

Eg kjem køyrande inn til Volvo sin testbane i Sverige i min gamle Ford Fiesta. Det som eg merkar mest er at folka som skulle møte meg med bilen ser rart på meg.

 - Kven for ein er det som kan køyra noko slikt? tenker eg at dei tenker om meg som køyrer ein slik bil. Det er jo ikkje alle som har så lave avgifter på bilar, at prisen blir nesten det ”halve” av det den ville blitt for ein ny Volvo XC90 i Noreg. Her misunnar vi svenskane godt!!

Eg parkerer bilen min, og går bort til mennene som ventar.


 

Dei følgjer meg bort til bilen eg skal prøva. Ein heilt ny Volvo XC90 T6 rett frå fabrikken. Eg har gleda meg til denne testen i lengre tid no, sidan bilen nett er komen i produksjon. Eg er òg den første i Noreg som køyrer bilen med ein T6-ar på 272 hestekrefter!

 

Med i denne testen har eg fått med meg ein fagmann, Petter Solberg, til å sei si meining om bilen. Kanskje han merkar noko ikkje eg merka med bilen?

 

Coupeen

Det første som slår meg når eg stig inn i bilen er at arbeidet er gjort med gjennomført eleganse!

På dashbordet er det ein storfront radio som har 13 høgtalarar, integrert telefon ved sida av og eit automatisk og elektronisk klimaanlegg som held din fastsette temperatur. Alt dette er laga med eleganse, samtidig som sikkerheita er sett som punkt nummer ein.

 

Setene er av mjukt, mørkt skinn og dei er elektrisk styrte i alle retningar. Her trur eg at kven som hels kan finna seg til rette. Til og med rattet kan justerast i høgde og lengde, noko som forsterkar denne påstanden.

 

Når eg vrir om nøkkelen, kjem det fram ein Volvo-logo på radioen, før motoren gir frå seg ein brummande lyd. Inne i coupeen høyrer du så vidt motoren, noko som tyder på at Volvo designerane har gjort ein utmerka jobb med isoleringa av bilen.

 

Denne bilen er utstyrt med automatgir, og eit system dei kallar Tiptronic. Dette systemet fungerar slik at du kan gira både opp å ned, berre ved å trekkja spaken til deg eller skyva ifrå deg. Smart!

 

Motoren

Eg set girspaken i D (Drive), og køyrer ut på banen. Det som eg merkar godt, er at med ein gong du trykker på gasspedalen, jobbar motoren med det same. Motoren som sit i denne bilen er ein T6-ar på 272 hestekrefter. Det T6 betyr, er at motoren har Turbo (T) og er utstyrt med seks sylindrar (6). Men sidan dette er ein bensin motor, frå du ikkje full effekt på motoren før du har passert 5200 omdreiingar i minuttet.

 

Denne motoren er den kraftigaste Volvo har laga, og står no i to av Volvo sine modellar. I denne XC90`en og i flaggskipet Volvo S80.

 

Volvo har og mindre motorar i T- serien. Eg kan for eksempel nemna T5 (på 250 hestekrefter) og T4 (på 200 hestekrefter). Altså noko for ein kvar smak og pengepung. For desse motorane er ikkje billige. T4-en startar nemlig på 400000,- kroner.

 

Det som også er ei økonomisk fare med desse bilane er at bensin forbruket blir veldig høgt. Fabrikken har sjølv målt at forbruket ligg på 1,0 liter på mila på blanda køyring med ein T6. Noko som er høgt med bensinprisane vi har i Noreg.

 

Elektroniske hjelpemiddel

I likskap med alle andre bilar, er også XC90-en proppa med slike hjelpemiddel, som oftast er forkorta med tre bokstavar. Desse hjelpemidla er laga med tanke på sikkerheta til folka som køyrer bilen. Eg kan nemna ABS (blokkeringsfrie bremser), TCS (antispinnsystem), ROPS (Roll over protection system, som er eit system som fungere slik at viss du må ta ein brå unnamanøver, vil systemet halda deg på vegen, og bilen vil ikkje velta uansett). Saman med dette har den også firehjulsprogrammet AWD, som er eit system som gjer at alle fire hjula driv samtidig.

Du kan også få navigasjonssystem, som hjelper deg med å finna fram.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil