Boka om Gunnlaug Ormstunge er ei soge. Det som kjenneteiknar ei soge er at ho er autorital og refererande. Det vil seie at forfattaren skildrar det som skjer frå ein ytre synsvinkel. Når Gunnlaug døyr, står det til dømes bare at Helga ikkje kunne gløyme Gunnlaug, og at ho døyde av sorg. Men verken hennar tankar eller følelesar blir skildra. I sagaen blir bare vesentlige ting nemnt, utan pompøse skildringar. Handlinga går føre seg på Island omkring 1000- tallet. Grunnen til at me kan tidfesta sagaen til denne perioden, er at det i sagaen blir fortalt at kristendommen blir innført på Island og dette skjedde nemlig på 1000- tallet, då blei kristendommen innført på alltinget.
Sagaen er bygget opp rundt ein draum. Denne draumen representerer handlinga i soga i symbolsk form. Det er ein mann som heitar Torstein som drøymer. Han drøymer om ei svane som er så ven og fager. Så drøymer han at det kommer ei ørn og setter seg ved svana. Denne ørna har svarte augo og jernklør. Deretter draumar han at det kommer ei ørn til, men denne ørna kommer flygande frå sør. Så blir ørnene usamde og begynner å sloss, i denne kampen kommer ingen av ørnene frå med livet i behald. Det siste som skjer er at det kommer ein falk å setter seg ved sida av svana og er god mot henne.