Ein gjennomsnittleg ungdom tenkjer berre på ein ting når han er i 17-18 årsalderen: å ta lappen. Skulearbeid, prøvar, vener og forpliktingar heime må vike plass for denne livsviktige tillatinga det er å føre ein blikkboks på fire hjul.
Det er ikkje nokon løyndom at det er eit valdsamt strev å ta sertifikatet. Ein skal kome seg gjennom køyretimar, mørkekøyring, langkøyring, glattkøyring og enorme mengder teori før ein i det heile tatt kan byrje å tenkje på teoriprøve og oppkøyring. Dette går sjølvsagt ut over skulearbeidet. For ungdomar er det nemleg utenkjeleg å prioritere utdanninga som bestemmer resten av livet deira, framfor ei tillating dei mest sannsynleg ikkje får på verken fyrste eller andre forsøk, eller mistar etter kort tid uansett. Dessutan trenger dei han; ei utdanning kan ein jo alltids skaffe seg seinare.
Eg er sikker på at dersom det var umogleg for skuleungdomar å ta sertifikatet, ville karakterane deira ha stige radikalt. Det seier seg sjølv at om elevane ikkje hadde brukt all den tida det trengst å gå til nyskaffing av den velkjende lappen på nettopp dette, ville dei heller brukt denne tida på skulearbeid og diverse andre nyttige ting. Reknestykket er opplagt: dess meir tid ein bruker på skulen og alt som høyrer til, dess betre karakterar får ein.