Kvart år arrangeres Operasjon Dagsverk i dei vidaregåande skulane i Noreg. Dei innebær at elevane tar seg arbeid ein dag, og gir 300 kroner til eit u-land ein eller annen plass i verda. Fleirtalet av elevane deltar, men det finnast dei som ikkje vil bruke ein dag til å jobbe for at andre skal få ein betre kvardag. Kvifor er det slik at nokre ikkje vil ta i eit tak for å hjelpe menneska i den tredje verda? Er dagens ungdom rett og slett for giddelause? Sjøl trur eg ikkje det er det at dei ikkje gidd. Det er heller det at dei sjår problemer på nasjonalt og lokalt plan, og derfor velger å ikkje gjere noko for andre.
Mitt inntrykk er at dei som ikkje ønskjer å arbeide på OD-dagen, blir sett ned på av andre elevar. Majoritetene av elevane har ikkje noka problem med å arbeide ein dag i året. Elevane føler eit visst press fra venner og samfunnet generelt om å ta i eit tak for fellesskapet. I år samla OD i Noreg inn heile 500 millioner kronar til det asiatiske landet Sri Lanka. Dette er ufatteleg mykje pengar for eit land som er krigsherja etter mange år med borgarkrig og enorme øydeleggelsar. Kvifor skal vi bruke så mykje av pengane på Sri Lanka? Kvifor ikkje benytte desse midla på vår eiga skule? Men det er eit spørsmål om noka heilt anna enn pengar. Spørsmål om nestekjærleik, omtanke for dei som ikkje har det like bra som oss som bur i nord. For norsk ungdom er fullstendig klar over at vi er svært privilegerte som kan gå trygt til skulen kvar einaste dag, ikkje kostar det noko, vi har gratis skyss til og fra skulen. OD er også eit arrangement som er styrt av elevane, utan innblanding ifrå lærarane. Dette visar at elevar ikkje er giddelause, men snarare flinke verdsborgarar som tek ansvar for ein urettferdig verd, prega av krig, sult og sott.