Johan var på veg mot Kristiansand. Han hadde kjøyrd i fleire dager no. Og alt dette gjorde han berre for å møte ei han hadde snakka med ein gong på telefonen. Cecilie heit hun, og var 29 år, noko meir enn dette visste han ikkje. Han hadde funne henne i ein avis der hun hadde hatt ein kontaktannonse inne.
For å komme litt tidlegare fram tok Johan sin ombygde Volvo 240,78 modell med 12 sylindra motor, dobbel oil injektion og effektpotte og la seg ut i ytterfila på motorveien. Deretter tråkka han pedalen ned i gulvet så Wonderbaumen lå flat bakover i bilen. Volvoen drog bortover vegen mens den nysmurte kassettspelaren spela Hanson på full guffe. "Lite harry da", ville nok dei fleste ha sagt, men for ein 34 år gammal same på veg til å skaffe seg dame var det ein opplevelse for livet. Mens Johan passerte 120 på speedometeret tenkte han på korleis Cecilie såg ut. Feit, tynn, fin, stygg, ekkel eller deilig, han håpa eigentleg på ein blanding slek at det ikkje vart for mykje av verken det gode eller dårlege. "Nei, det er ikkje noka vits i å tenkje på slikt no", tenkte Johan for han viste at han fekk væta det imorra. Etter å ha holdt ein gjennomsnittsfart på 120 resten av vegen i eit par timar var han framme i Kristiansand, ca ein time før han eigentleg skulle ha vore der. Han fekk da god tid til å utforske byen på eigen hånd fordi han skulle ikkje møte Cecilie før dagen etterpå.