Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Er Noreg På Veg Mot Republikk?

Er Noreg På Veg Mot Republikk?

Om tradisjoner, kongelig frigjøring og giftemål.

Sjanger
Resonnerende
Språkform
Nynorsk
Tema
Styreform

Mange menneske i landet vårt stiller seg i dag spørsmålet om Noreg verkeleg skal fortsette å kalle seg eit land med monarki. Kvifor så mange undrar seg over dette, er nok blant anna fordi kongefamilien i det siste har blitt meir og meir ”vanna ut”. Med det meiner eg at dei kongeleg stadig giftar seg med ei som ikkje er kongeleg, og derfor kjem fleire, som eigentleg berre er vanlege norske statsborgarar, inn i kongeleg samfunn.

 

Dronning Sonja er eit godt eksempel på at ”vanlege” folk giftar seg med ein kongeleg og blir dermed sjølv kongeleg. Som Jan Askelund skriv, blei det til og med gjort eit svare strev for å gjere Dronning Sonja kongeleg etter upåviselege slektsgranskingsgissingar. Sjølv om dei har kome fram til at ho kunne setjast på linje etter ein eller annan småkonge austpå ein gong, reknar vi Dronning Sonja for å vere ei ”vanleg” person som ikkje var kongeleg før ho gifta seg med Kong Harald, men som blei det da. Og det er tydelegvis slik det kjem til å fortsett. Haakon Magnus vil nok mest sannsynleg gifte seg av kjærleik, som eg sjølvsagd meiner han burde, og ikkje tenkje for mykje på kva det eigentleg gjer med kongefamilien.

 

Eg synest at viss denne utviklinga med at kongefamilien blir meir og meir vanna ut framhald, burde kanskje enda fleire i Noreg begynne å tenkje på at det kanskje er tid for eit slags skifte i ”toppen”. Eg meiner at Noreg kanskje er moden nok til å starte å tenkje på ein ny måte når det gjeld monarki og republikk, og kva som er best for landet, innbyggarane og korleis styre vi skal ha, enten det er monarki eller republikk!

 

Sjølv om Noreg mest sannsynleg ikkje kjem til å bli ein republikk med det første, ser eg ikkje bort i frå at det kan kome til å bli endringar etter kvart. Spesielt etter Haakon Magnus, viss han ikkje giftar seg med ei kongeleg, er det kanskje eit godt tidspunkt på å få innført republikk her i landet. Men vi er jo alle litt redd for å bryte med dei tradisjonane vi har her i Noreg, og det som derfor kanskje må til, er at Sverige innfører republikk, og at vi her i Noreg, som i mange andre tilfelle, følgjer etter når vi har sett korleis det gjekk føre seg i Sverige…

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil