Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Fridom (17. mai-tale)

Fridom (17. mai-tale)

17. mai-tale.

Sjanger
Annet
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
01.06.2004
Tema
17. mai

I dag er det 17.mai og vi feirer noko som skjedde i Noreg for 190 år sidan. Sjølv om vi ikkje fekk vår fullstendige fridom før unionsoppløysinga med Sverige i 1905, så fekk vi vår eigen grunnlov. Vi fekk vært eige storting og gleda blant det norske folket var formidabel. Etter fleire hundre års påverknad frå unionen med Danmark fekk vi endelig rett til å styre vårt land sjølve. Det er denne fridomen vi feirar kvart år den 17.mai.

 

Det er viktig at vi tek vare på opplevinga vi har på ein slik dag som denne, og fører han vidare til neste gjenrasjoner. Vi har vår fridom, men slik er det ikkje overalt i verda. Det er mange konfliktar overalt. Sjå for eksempel på konflikten i Midtausten. Der lengtar israelarane og palestinarane etter fridomen som vi har her heime i Noreg. La oss her heime i Noreg vere gode eksemplar for andre nasjonar. Kanskje dei ein dag retter blikket sitt nordover for å lære av oss. La oss derfor ta vare på demokratiet. Vi må sette vår lit til at stortinget og regjeringa gjer alt til det beste for landets innbyggarar.

 

Som eg har nemnt tidligare angåande unionane med Danmark og Sverige så må eg til slutt seie noko om okkupasjonen av Noreg under andre verdskrig. Vi har lang tradisjon hos oss til å skape fridom og leve side om side med våre innbyggjarar. Derfor var gleda stor då vi feira 17.mai 1945, etter 5 år med diktatoriske styreformer utført av tyskermaktens hitlermedløpere. Aldri har vel fridomsgleda vore større enn desse dagar.

 

Så kjære landsmenn og medborgarar. La oss ta vare på den fridomen som våre forfedre har kjempa så hardt for. La oss ta vare på kvar andre i by og på land. Kjære landsmenn, gratulere med dagen!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil