Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Frost

Frost

Om å gå frå å vere barn til å bli ungdom, og litt om kjærleik.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
31.05.2004
Tema
Oppvekst


Nysnøen knirkar under skosolane mine. Den kalde, kvite massen blir pressa saman i fine mønster der eg trør. Minusgradane glefsar etter kinna og kryp inn under kleda mine. Eg hutrar. Himmelen er kald og svart over meg. Eg kan skimte ei og anna stjerne der oppe mellom skyene. Det grelle, gule lyset frå lyktestolpane skin ned på vegen, på dei tjukke trea med dei kviskrande greinene, på meg. Eg går med bøygd nakke og tenkjer. Tenkjer på alle tinga eg skyv frå meg til vanleg. Ein augeblink ser eg opp. Der framme skimtar eg nokon, eit svart omrisse. Eit menneske. Ein lang, svart jakke. Langt hår? Eg trur det. Ikkje noko huve. Det minnar meg om nokon. Nokon eg tenkte mykje på ei stund. Tenkjer eg mykje på ho enno?

 

Vi var så små, den gongen. Den gongen for lenge sia. Vi leika, og utan at eg visste det da, skjønte eg kva kjærleik var. Vi leika, slik ungar gjer. Og vi elska kvarandre, slik berre ungar kan gjere før dei veit kva det vil seie å elske nokon. Det er mørkare her. Ein av lyktestolpane er slokke. Når forandra det seg? Då vi var for gamle til å leike, men for unge til å elske? Då foreldra våre ikkje lenger skjønte kjærleiken vår. Då vi ikkje lenger fikk lov å overnatte hos kvarandre, fordi dei ikkje likte at vi låg i same seng. Då dei ikkje ville la oss dusje i lag etter å ha spilt fotball ute som sumaren. Då dei rynka på dei lange nasane sine då vi spurte om å få fare på telttur i lag. Dei skjønte det nok, men eg trur ikkje vi gjorde det. For oss var det ikkje rart, ikkje flaut, ikkje unormalt. Men dei heldt fram å rynke på nasane og legge armane i kors. Sakte men sikkert byrja dei å riste på hovudet. Ikkje normalt, sa dei. Ikkje normalt. Orda vaks seg store som fjell. Ikkje normalt. Kva er ikkje normalt? Orda svulma opp til store feite trykkbokstavar. Ikkje normalt. Dei dukka opp overalt, i rosa, rødt og oransje. Store, feite og skrikande sate dei spørsmålsteikn ved alt eg elska. Alt det fine, vare, og skjøre eg hadde. Alt vi hadde. Ikkje normalt, sa dei.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil