Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Hjelp! Kva ska eg bli? Veterinær?

Hjelp! Kva ska eg bli? Veterinær?

Denne teksten inneholder fakta om yrket veterinær. om hva man må gjøre for å bli det, hvilke skolen man må gå og hva det innebærer å være veterinær.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
25.05.2004

Kva skal du bli når du blir stor? Ein dag er du ferdig på skulen og må bestemm deg for kva du skal gjere vidare. Kva skule, linje og fag skal du velje? Tilboda er mange. Som 15-16-åring er det ikkje lett å vite kva du skal satse på. Kanskje veit du ikkje ein gong kva du har lyst til. Vi har snakka med 16 år gamle Linda Steffensen som er godt i gang med framtidas planlegging om utdanning og yrke.

 

- Kva er ditt draumeyrke, og kvifor?

 

- Eg har bestandig ønska å jobbe med dyr, heilt sia eg var lita. Dyr har vore eit vesen eg synast er fasinerande og har stor respekt for. Eg har allereie begynt å tenkje på utdanning og håper på eit yrke som veterinær. Veterinær er eit spennande og variert yrke, men som også har ei lang og dyr utdanning.

 

- Kva gjer du i dag, og korleis tenkjer du framover mot utdanninga di som veterinær?

 

- Akkurat no går eg i tiande klasse på Bangsund skule. Eg begynner på Vidaregåande skule til neste år, og eg håper på ein plass på allmenne fag. Allmenne fag er den studieretninga som først og fremst gir meg grunnlag for meir teoretisk utdanning etter vidaregåande opplæring. Med tre år frå denne studieretninga og bestått eksamen, kan eg komme inn på høgskuler og universitet, dersom eg har gode nok karakterar. For å komme inn på Noregs veterinærhøgskule krev det at ein har generell studiekompetanse og i tillegg tilfredsstiller visse særkrav  innanfor realfaga. Alle må ha kjemi i tillegg til matematikk (2MX eller 2MY og 3KJ). Disse faga kan eg få tatt på allmenne fag. Det neste, håper eg blir veterinærskulen i Oslo. Skulen varer i 5 1/2 - 6 år. Studiet er yrkesretta, med eit strukturert studieprogram kor det er mykje obligatorisk undervisning i form av kurs og klinisk teneste i tillegg til vanlege førelesningar. Undervisninga består av teoretiske førelesningar med demonstrasjonar samt praktisk klinikk- og laboratorieteneste.

 

- Kva inneberer det å vere veterinær?

 

- Det er i dag omtrent 1500 yrkesaktive veterinærar i Noreg og omkring halvparten av dei, ein tradisjonelt kallar dyrlegar, arbeider med behandling av dyr. Nokon behandlar hovudsakeleg produksjonsdyr, som ku, gris, sau osv, mens andre arbeider med smådyr som hund og katt. Hestepraksis har også auka i omfang, og mange veterinærar er engasjert i å kjempe mot sjukdom i fiskeoppdrettsanlegg. Ellers er veterinærane engasjert i undervisning og forsking, i organisasjonar, industri, i administrasjon, innan forsvaret og i U-landsteneste.

 

- Kva er inntektnivået til veterinærar generelt sett?

 

- Inntekta for veterinærar kan ein sjå på som rimeleg god. Ein fast tilsett veterinær har som regel 300-350.000.- i startlønn, og stig raskt etter å ha vore nokon år i arbeid. Som praktiserande veterinær og sjølvstendig næringsdrivande vil inntekta i stor grad avhengig av innsats og tilgang på arbeid.   

 

- Kva for nokre muligheita har ein utdanna veterinær?

 

- Med sin breie biologiske bakgrunn har ein veterinær mange arbeidsoppgåver i samfunnet, og det er relativt lett å finne arbeid. Mangel på arbeidsplassar har hittil vore eit ukjent begrep for denne yrkesgruppa, men ein ser no eit stort tilbod på arbeidskraft i smådyrpraksis, mens det innanfor næringsmiddelkontroll er mangel på arbeidskraft.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil