Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Pondus - ei kvalitetsteikneserie?

Pondus - ei kvalitetsteikneserie?

Tekst som forklarar kvifor Pondus er kvalitetsteikneserie.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
18.05.2004
Tema
Tegneserie

Pondusbladet sel 100 000 eksemplar i månaden, og dette til tross for at mesteparten av Pondus-stripene har vore publisert før. Berre Donald Duck & Co er dei einaste som sel meir enn Pondus, men Donald-bladet har jo vore i Noreg sida 1940-talet og dei sel fire gongar så mange blad som Pondus i månaden.

 

Kvifor har Pondus vorte så populær på så kort tid, medan andre norske seriar som har eksistert i mangfaldige fleire år kanskje berre er halvparten så populære?

 

Kva er det som er så spesielt med serien at folk i alle aldrar, ungdommar, pensjonistar og bygningsarbeidarar les den? Er det på grunn av dei detaljerte teikningane, pubhumoren eller les folk det rett og slett for å hengje seg på det som er in.

 

Frode Øverli, teiknaren, seier at han ville lage noko han sjølv ville likt å lese, så han laga ein slags familieserie der han fekk inn mann og kone, born, hund, trygdesnyltarar og pensjonistar. Han laga serien ut frå forholda i kvardagen rundt omkring i Noreg, for han hadde ei aning om at nordmenn heller ville like å lese om norske forhold i staden for å lese for eksempel om livet i ein amerikansk militærleir.

 

Kanskje grunnen til populariteten er at folk kjenner seg igjen i dei forskjellige rollane som dei forskjellige figurane, det er sikkert mange nordmenn som òg brukar fritida si på heftige diskusjonar om fotball og rock.

 

Stripene er vel stort sett innblikk frå daglege hendingar; Påsan prøver å overleve skulen, Sneipen er i barnehagen, Beate på jobben på sjukehuset, Pondus køyrer buss og blir somme tider utsett for mildt senile og sterkt sexfikserte kvinnelege minstepensjonistar, og Jokke sit på den lokale puben og brukar opp trygdepengane på tipping og ”voksenbrus”. Alt dette er hendingar som folk ofte kan oppleve i dag. Kven har ikkje blitt antasta av minstepensjonistar eller har drukke seg sveiseblind med god hjelp av den månadslege løna frå trygdekontoret.

 

Det er derfor Pondus er blitt så populær, det er fordi Pondus er verkeleg ein teikneserie ein kan kjenne seg igjen i. Babygulp, trøytte morgningar og seige, lange arbeids- og –skuledagar, og endelaus tipping kvar helg utan å vinne så mykje som eit rødt øre!

 

Ein annan ting er teikningane. Frode Øverli er ein mann med sans for detaljar og eleganse, for kva ville vel Pondus vore utan dei flotte teikningane, og merk dykk at det er berre éin som teiknar! I Donald Duck & Co er det mangfaldige teiknarar som byter på å teikne og lage historiar, men Pondus-teiknargruppa består av berre ein mann, og han finn på utallige gode historiar kvar gong, og det skal han ha ros for.

 

Med dette kan vi då konkludere at Pondus er ein kvalitetsteikneserie.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil