Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Motorsykkelen!

Motorsykkelen!

Novelle om en motorsykkelulykke

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
18.05.2000


Hei. Eg heiter Janne og eg er 17 år. Eg bur på Østlandet. Eg har ein bror på 21 og ei syster på 24. Mine foreldre er skilt. Dei beste venane er Heidi og Ola, dei er kjærestar. Eg går no på videregåande skule og trivst der. Eg har ein kjærast som er 3 år eldre enn meg. Han heiter Jens og er ein ekte drømmeprins. Han har mørkt hår, brune auge og DEN kroppen.Vi har vore saman i nesten 2 år, dei beste åra i mitt liv.

 

For nokre år sidan hadde eg hest, men interessa dabba av etter kvart. No er det meist motorsykler som står i hovudet mitt. Jens har ein Suzuki og vi køyrar så ofte vi kan. Jens køyrar og eg sit på. Det er det meist morosame eg veit. Det er så deilig å sitte der og holde rundt ham.

 

Nokre gongar kunne han ta med mat og vi kunne dra til eit lite vatn. Vi kunne legge oss ned på gresset, ete mat og sjå på solnedgangen. Han er berre superromantisk, og alle venane mine synast eg er heldig som har ein slik kjærast. Nokre gongar lurer eg på kvifor han vil væra saman med meg. Det finst jo mange penare jenter på skulen. " Personligheiten har så mykje å seie, Janne. Og det er deg eg elskar. ", pleide han å si mens han kyssa meg. Han er og blir den beste synast eg.

 

Det eg no skal fortelje om hendte 14 juli 1996. Det var sol og sumar, og vi hadde bestemt at vi skulle køyre til det vatnet vi likte best, å bade. Mamma køyrde meg heim til Jens, og vi avtalde at Jens skulle køyre meg heim etter turen. Mamma er ikkje særleg glad i at vi køyrer motorsykkel, men ho seier heldigvis ingenting.

 

Eg sa " ha det " til mamma og gjekk inn. Der blei eg møtt av ein smilande Jens med badetøy og tepper i handa.

 

" Klar for ein litan tur i varmen ? ", spurde han mens han kyste meg. " OK supermann. ( han ser ut som ein ) Skal vi fly eller gå ?", spurde eg lattermild. " Vi får nok nøye oss med motorsykkelen ", sa han og tok meg i handa.

 

" Søren. Eg glemde hjelmen min heime ", sa eg fortvila. " Ingen grunn til å vere lei ", sa han," ta min du. Eg greier meg." Først ville eg ikkje, men når han insisterte, tok eg han på.

 

Vi hadde avtalt med Heidi og Ola å møte dem ved det koslege vatnet, så vi måtte forte oss litt, for det var nesten eitt kvarter å køyre før vi kom fram.

 

Han la seg på gassen, og vi fòr av gårde. Først syntast eg det var litt fort å køyre i 110 km/t med motorsykkel, men eg blei van med det etter kvart. Eg heldt rundt han og la hovudet mitt mot bakhovudet hans og kyste ham i nakken. " Eg elskar deg ", nesten ropte eg slik at han skulle høyre det. " Eg elskar deg også ", sa han. Det var det siste Jens sa til meg.

 

Plutseleg kom det ein trailer mot oss. Traileren køyrde i vår køyrebane, og Jens klarte ikkje å unngå han, og eg husker at eg skrek. Så blei alt svart. Neste gong eg vakna var eg på eitt sjukehus. Eg låg visst på overvakninga, for det var berre kvite gardinar og nokre glassrutar der eg såg folk. Straks dei ensa at eg var vaken, løp dei til og begynte å undersøkje meg. " Kva hende? ", kviskra eg fram. Eg visste eigentleg kva svaret ville vere, men eg trengte nokon til å bekrefte det. " Du og kjærasten din var utfor ei ulykke med motorsykkel. Du er enda svak, så no må du kvile deg. Mor din kjem i ettermiddag for å sjå til deg, og ho blir nok glad over å sjå deg og at du har vakna ", sa den eine sjukesystra. Eg var utslitt, så eg sovna nesten med det same, og eg vakna ikkje før mamma satt på sengjekantan med tårer i auga.

 

" Korleis går det med deg, venen? ", spurde ho. " Bra trur eg. Kva dag er det i dag? og kor er Jens? " Eg var full av spørsmål. " Det er fredag 21.juli ", sa ho. " 21.juli!? Det kan da ikkje vere sant? Har eg ligget i koma? ", spurde eg fortvila. " Ja, sa mor. Eg følte at ho vegra seg for å svare på det siste spørsmålet mitt om Jens, men eg måtte få vite kor han var. Eg måtte vite det! " Kvar er Jens? Eg vil snakke med han!", sa eg igjen. Mor bøyde hovudet og eg såg at ho gret. " Jens er død, vennen min ", sa ho mens ho gret stille, " han blei begravd i går."

 

Eg var lamslått. Var Jens død? Min Jens? Eg følde meg hjelpeslaus. Det var skylda mi, tenkte eg. Hadde det ikkje vore for meg, hadde vi ikkje reist på tur, og mest av alt: Hadde ikkje eg gløymt hjelmen heime, hadde han sutte på sengekanten min no, og holdt meg i handa. At eg kunne vere så dum!?! Det var jo opplagt mi skuld at han var død. Tårane byrja å renne nedover andletet mitt, og eg byrja å hulke. Mamma forsøkte å trøste meg, men eg skjøv henne bort. Til slutt gjekk ho ut, og det var eg glad før.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil