Då dei fyrste mobiltelefonane blei introdusert på slutten av 1980 –talla, var dei upraktiske og tunge, og dermed lite populære. I dei siste tiåra har vi sett eitt enormt framskritt i teknologi, og i dag kan ein få ein mobiltelefon som veier rundt 60 – 70 gram og dessutan har ei rekkje fiffige funksjonar utanom å kunne sende tekstmeldingar og ringje! Mobilbruk i dagens samfunn har utvida seg til å inkludere alle aldersgrupper og samfunnsgrupper, frå småbarn til godt vaksne folk og frå businessfolk til heimeverande. Mange lurer ofte på om alle desse såkalla gruppene burde ha eller treng mobiltelefon, og om den stadige integrasjonen av mobiltelefonen og manien som følgjer med, er positiv eller negativ. Kva skiljar dei ulike brukargruppene frå kvarandre? Kva for nokre forhold har vi i dag til mobil og kvifor?
Det var gjerne forretningsfolk og folk som reiste mykje som brukte mobiltelefon mest i byrja av mobiltelefonens utvikling. Då var dei ofte dyre og litt upraktiske i forhold til storleik. No har mobilane fått tøft utsjåande, nye moderne funksjonar, fargedisplay, er lette og er mykje billigare. (pris er relativt da men…) Dessutan kan ein ”pynte” på mobilen sin og få spesielle ringjetonar, logoar, bakgrunnsbilde og liknande. Desse nye tilboda og funksjonane har inkludert fleire brukargrupper enn nokosinne. Kvar gruppe brukar mobilen på forskjellig måte, så korleis brukar dei han?
Noko heilt nytt, og uakseptabelt i enkeltes augo, er at småbarn ned i 8-års alderen har mobil. Denne nye brukargruppa blir truleg trekte til ”leiketøysaspektet” av mobiltelefonen. Skifte deksel, spille spill, ha artige bildar på mobilen, sende vitse - tekstmeldingar og liknande. Nokre syns det er heilt ok at barn i den alderen har mobil, og vil påstå at det fins andre ”leiketøy” på marknaden for barn som er mykje verre enn å ha ein mobiltelefon. Mens andre ikkje skjønner i det heile tatt kva ein åtteåring har med ein mobiltelefon å gjere… Samtidig må ein huske at med mobiltelefonar følgjar det med eit kontantkort eller abonnement, og begge kostar pengar! Å lære ein åtteåring om omgrepet pengar og at tekstmeldingar og ringjetid kostar pengar, er å ta på seg ein stor, om ikkje umogleg oppgåve.
Vaksne og gamle folk nytter seg også av mobil nå. Dei har sjølvsagt forskjellig behov. Eldre folk bruker gjerne mobil fordi dei kan ha lagra nummera og knytt dei til ein hurtigtast, og ha telefonen i nærleiken i tilfelle dei opplever noko kritisk eller kjem i ei ulykke og må ha hjelp. Familiar syns ofte det er kjekt når barna og foreldra har mobil, slik at dei kan få tak i kvarandre og kanskje avtale middag eller når ein skal køyre ungane til trening. Det er ikkje lenger så stor forskjell på bruken av mobiltelefon hos forskjellige sosiale grupper, sjølv om ein kan seie at det er meir essensielt for ein businessmann å eie mobiltelefon til jobben, enn det er for ein frisør.
Det er veldig praktisk for blinde og hørselshemja folk å ha mobiltelefon. Mobilindustrien har utvikla spesielle mobilar som hjelper dei med å lettare få kontakt med andre og å få hjelp. Mobilane har også ein rekke andre funksjonar som hjelper dei med andre småting som var mykje vanskeligare då dei ikkje hadde mobiltelefon. Den einaste ulempa med denne spesialutvikla telefonen, er at han kostar mykje meir å lage enn vanlege mobiltelefonar. Det burde ha vore ei støtte for dei som verkelig treng mobil, slik at det ikkje hadde vore så dyrt for dei i forhold til oss andre. Dei må ut med ein del tusen kronar meir berre fordi dei har ei hemning.
Den største brukargruppa er kanskje tenåringar og ungdom. Såkalla ”sms – tommel” har jo blitt kjent som ein landsdekkande sjukdom, og teleoperatørar som Telenor og Netcom tener grovare enn nokosinne på ungdommen sitt mobilforbruk. Det er mange som aldri går frå mobilen sin, og viss dei gjer det, då er det krise og full ståhei for å få han tilbake. I ein nylig utgitt etterrøking, blei det faktisk fastslått at nordmenn skriver meir sms enn noen andre i Europa. Forskarar påstår at ungdom lider av avhengigskap til sin mobiltelefon, og at han har blitt eit naudsyn.
Den eigentlege største fordelen ved å eie ein mobiltelefon, er å kunne kontakte og bli kontakta av omverda. Med andre ord å tilgjengelig-gjere oss sjølv og andre. Men i strebenen mot å bli så tilgjengeliggjorte, har vi kanskje blitt meir usosiale og avgrensa enn nokosinne? Når ein for eksempel er på besøk hos nokon eller er på eit selskap, er mobiltelefon fast følgjesvenn for mange og den får kanskje meir merksemd enn vertsskapet… Det kan også verke svært upassande og sitte å trykke på mobilen i ei gravferd eller eit bryllaup, og ikkje følgje med på dei som eigentleg skal ha merksemda . Er dette ein positiv og veldig sosial utvikling…?