Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Korleis blei verda til?

Korleis blei verda til?

Stil om ein forvirra ungdom som har mange spørsmål om verda og korleis den vart til.

Karakter: 5 (heildagsprøve)

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
26.04.2004
Tema
Naturfag

Eg rusla nedover vegen medan regnet piska over mitt raude kinn. Eg såg på dei einsame trena som felte sine klede. Det var blitt haust og alt var grått og kjedelig. Eg var så forvirra. Alle tankane strømma gjennom hovudet mitt. Eg hadde så mange ting som eg ikkje hadde svar på. Korleis verda blei til, og kvifor det bur ein skapar i himmelen som har namnet Gud?

 

Det er mange som seier at det er Gud som har skapt denne verda, og at det var Adam og Eva som kom først her til jorda. Korleis kan eg vite at det er sant? Eg gjekk og funderte på dette. Vist det var Adam og Eva som kom først til verda så måtte jo dei fått barn i lag, og deretter deira barn fekk barn med kvarandre igjen. Det er jo ikkje heilt rett. Du skal jo ikkje få barn med nokon som du er i slekt med så nære. Då kan det bli noko feil med barnet, pga det er så mange like gen.

 

Det er ein anna ting eg og har lurt på, korleis har det seg til at det blitt så mange folkeslag her i verda? Kvite, mørke osv. Det går ikkje an at Adam var lys i huda og Eva var mørk, pga. då hadde barnet deira blitt mulatt. Kvifor er eg då lys huda? Det er ein teori som seier at dei lys huda har ikkje vert så mykje i sola, men kor mykje skal me tru på det.

 

Korleis kan det ha seg at det er ein skapar som heiter Gud som bur i himmelen? Menneska påstår det at det er Gud som har skapt denne verda, at det er han som har skapt fjellet og havet, menneske og dyra. Men kvifor skapte han denne verda og deretter forlot den. Reiste i staden opp til himmelen og busette seg der. Er det noko poeng med det da. Kva er det som er der oppe i himmelen? For oss her nede på jorda ser det ut som eit enormt stort tomrom. Du kan reise rett opp heile livet, men likevel kjem du ikkje fram til noko. Eg lurar på om det er ein ”verdsende”.

 

Ein anna ting som er litt skummelt å tenkje på. Kva skjer når me døyr? Eg lurar på om me fortsatt kan tenkje å føle, eller om me berre ”dett” ut frå denne verda. Når du ligg i ei kiste, føler du deg innestengd eller er du heilt ”vekke”? Kanskje me kjem opp til himmelen, men korleis kjem me opp der? Det er eit ganske stort spørsmål.

 

På himmelen pressa sola seg gjennom regnskya, og det vert danna ein nydeleg regnboge. Korleis kan det gå an? Mange nydelege fargar som dekkar ein stor del av himmelen. Det synest eg er heilt fantastisk.

 

Det er jo mykje forskjellige religionar me kan tru på og forholda oss til. Men det som er felles for alle religionar, er at de som trur på den enkelte, trur at det er det som er rett. At det er deira tru som er den verkelege sanning. Det som er så gale med religion og tru er at vist foreldra trur på ein ting, så dreg dei barna deira med på det same. Det synest ikkje eg er rett. Dei får ikkje tru på det dei sjølv vil.

 

Eg lurar sterkt på kor lenge me menneske kommer til å leve her på jorda. Kanskje astronautane finn ut at det er liv på mars. Kanskje marsboarane tek over verda, eller at menneska og marsboarane kan samarbeide slik at menneska ein gong kan flytte til mars.

 

Det er nokon som meiner at verda går under etter den 3. verdskrigen. Vist dette kommer til å skje, kva som då kjem etter oss? Det var dinosaurar som herska over denne jorda ei tid tilbake, men dei blei utrydda. Då er det vell ei meining at me menneske og skal forlate denne verda ein gong. Kanskje det skjer med ei stor bombe, eller at det blir tørke og ingen klara å leve lengre.

 

Eg sett meg ned på ein benk ved sjøhuset. Eg set der og prøvar å samle tankane mine medan eg ser utover det store vide havet. Det er så mykje eg ikkje har svar på. Eg håpar at ein klok person, som har alle svar, kjem ein gong i framtida.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil