Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Han

Han

Fortelling om det å miste nokon.

Karakter: 5+ (heildagsprøve)

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
26.04.2004

Før. Då var alt annleis, me var to. Då var det eg og han som sprang på enga, eg og min beste venn, menneskets bestevenn.

 

Det var sommar, det var sol. Det var eg og min beste venn som sprang på enga som var fullt med kvitveis og krokusar. Sola stod høgt på den skyfrie himmelen medan den skinna i den lyse pelsen hans. Det var ein nydelig dag. Det var berre eg og han som var der i graset. Me var der heile dagen og nøyt livets gleder. Me såg på fluene som sirkla rundt oss, og insekta som tok seg sitt ettermiddagsbad i det litle vannet. Alt virka så perfekt.

 

Dagane gikk og alt gikk sin gang, men han begynte å sjå sliten ut. Han har aldri sett så slakk ut. Han har aldri sett han sånn som dette. Eg bestemte meg for å gå til veterinæren.

 

Me kom til eit stort gult hus med ei mørkeblå dør. Det var flotte blomster i eit bedd ved sia. Yndlingsblomstane min var der og, krokus og kvitveis. Me gjekk inn døra og kom til eit venterommet som var lyst og ukoselig. Det var berre eg og han som var der. Det var mange dører der som førte til forskjellige rom. Ei mørk dame i rød frakk kom ut frå den grøne døra. Ho tok godt i mot oss.

 

Rommet som var fullt av sterke lamper. Eg måtte leggje han oppå eit bord. Ho sjekka han nøye, tilslutt kom ho fram til kva som feila han. Han hadde svulst i magen. Hjerta mitt banka fortare og fortare. Ho sa det måtte skje ein operasjon straks. Eg såg han djupt inn i dei store blanke augo før eg måtte forlate rommet.

 

Eg sette meg på det lyse venterommet igjen. Der satt eg og tenkte på alt det kjekke me hadde opplevd. Alle dei opplevingane me hadde delt. Dette var den vanskeligaste stunda eg nokon gong har opplevd. Kvart sekund føltes ut som fleire timar. Tida gjekk sakte men sikkert. Eg gjekk utfor døra og henta meg ein krokus. Eg tenkte at det kanskje kom til å få meg på andre tankar, men det gjorde det ikkje. Eg tenkte berre på han som var der inne på operasjonsbordet. Eg satt å stira på den grøne døra. Plutselig gjekk dørhandtaket ned. Dama med den raude frakken kom ut. Eg gjekk sakte inn til han medan pulsen steig. Der såg eg han liggande på operasjonsbordet. Eg kjende tårene pressa seg fram. Han var heilt stille. Eg la krokusen ved sia av han, medan ei blank tåre trilla nedover kinnet mitt og datt nedi den blanke pelsen hans.

 

Eg var åleine. Min beste venn var ikkje her lenger med meg.

Eg gjekk ut på enga åleine no. Såg opp mot den blå himmelen og tenkte på han.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil