Boka handler om Isak Sellanrå, ein stor og kraftig mann med rødt skjegg og ein svær kropp. Isak ryddar mark oppe i skogen, milevis frå folk og den vesle bygda som ligg nedanfor. Isak søker kvinnfolkhjelp og etter ei stund kjem Ingrid. Ingrid kjem i frå den andre sia av fjella. Ho har hareskår og er ikkje så vakker. Etter ei stund kjem dei godt overeins. Ingrid er svært hjelpsam og kjem med dei rikdommane ho har i frå sett folk.
Han Isak
bygg og bygg. Han bryt mark, får seg sauar, kyr og tel og med hest. Han
bygg stue, fjøs og fleire andre bygningar. Han er full av energi og garden
blir berre større og større. Ingrid og Isak får barn saman. Det første
barnet drep Ingrid fordi barnet har hareskår og Ingrid vil ikkje at det
skal gjennomgå det same som ho har gjennomgått. Ho gravlegg barnet i
skogen. Isak får ikkje vite dette før seinar og da fortel Ingrid at ho
Oline, ei kone i frå det gamle folket, hadde sendt bud på ein same som
hadde komme og vist Ingrid ein hare. Dette bragte ulykke og førte tel at
ungen hennar fekk hareskår, meinte ho Ingrid.