Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Julie" (A. K. Elstad)

"Julie" (A. K. Elstad)

Romananalyse av Anne Karin Elstads "Julie".

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
27.03.2004
Tema
Julie


Julie er ein roman av Anne Karin Elstad, utgitt i 1993. Romanen er ein historisk roman, frå tida etter første verdskrig. Romanen handlar om Julie på 18 år og livet hennar to år framover, på landsbygda i Romsdal og på Nordmøre.

 

Vi møter Julie som kombinert tenestejente og butikkdame hjå kjøpmann Fuglevik, eit stykke utanfor Kristiansund. I det første møtet med henne, sit ho på den vesle hybelen sin, som ho så fint kallar det vesle rommet sitt, og skriv heim til foreldra.

 

22.september 1918 har ho bursdag og fyller 18 år, og denne dagen er hennar første fridag i perioden hjå kjøpmann Fuglevik. Ho er bedt på dans, men takka nei. Ho går heller på den vesle plassen ho har funne, der ho kan sitte og sjå utover havet. På heimvegen møter ho barndomsvenen Inge. Han er i bygda for å levere ein pakke frå foreldra til Julie, og for å besøke ein skulekamerat. Han tek henne med på dansen, som ho eigentleg hadde takka nei til. Då Inge reiser frå bygda, får ho ei brystnål av han, ei nål som ho skal ha som minne, dersom det ikkje blir noko mellom dei.


 

Spanskesjuka, ein dødeleg pest, når bygda, og rammar også familien Fuglevik. Julie, som framleis er frisk, må jobbe ekstra mykje denne månaden, i butikken, men også må ho ta seg av alt husstellet.

Etter mykje brevveksling, kjem Synna på besøk til Julie. Dei gjer alt saman og nettene blir lange og fylte av prat. Ikkje veit Julie at dette er det siste ho får sjå av Synna. For etter Synna har reist heim att, blir ho sjuk, og døyr. Julie får telegram heimanfrå med melding om at ho må kome heim. Synna er sjuk. Tid til sorg er det svært lite av, og livet må gå vidare. Julie trengs i heimen, og må flytte frå Fuglevik.

 

I juletidene blir Julie heime, medan resten av familien reiser på eit tradisjonelt besøk til slektningar i Molde. Julie får besøk av Inge, eit besøk som endar i kaos og på kanten til valdtekt. Midt inn i dette kjem ein vekkingspredikant til bygda, og Julie lar seg rive med. I lang tid prøvar ho å finne att den guden som ho trur har forlate henne. I sorga over Synna, og søking etter nærleik, har mora til Julie blitt gravid, og føder etter ni månadar, ei syster til Julie, som får namnet Ingrid. Eit lyspunkt blir til for Julie, då ho får brev frå ein ung mann frå ei bygd utanfor Kristiansund. Eit brev som skal forandre Julie sitt liv. Alt går veldig fort, med besøk og framvisning for familien, og snart er Julie og Jørgen blitt eit forlova par.

 

Historia blir fortald kronologisk, altså rett fram i tid. Handlinga føregår i notid, men hoppar ein del framover i tid. Ting byrjar forfra og utviklar seg undervegs.

 

Elstad brukar ein personal synsvinkel. Det meste blir fortalt ut ein han/ho/det-synsvinkel, som får boka til å verke svært knytt til hovudpersonane. Med det meiner eg, at synsvinkelen gjer det slik at, vi får historia rett ut frå personane. Men synsvinkelen kan også minne om ein autoral allvitande synsvinkel, der forfattaren ser alt som skjer og alle tankar som personane i boka har. Eg vil seie at synsvinkelen er litt vekslande. Forfattaren har tilgang til veldig mykje i tankane til personane, samstundes som det kan verke litt avgrensa.

 

Når det gjeld hovudpersonar i boka, så vil eg velje å seie det slik at dei personane som er viktige for Julie, er også viktige i romanen. Eg har valt å skrive om Julie - som så klart er hovudpersonen i romanen(alt handlar ut i frå Julie), mora – som Julie har eit litt vanskeleg og stridt forhold til, og Jørgen – som er den som skal forandre resten av Julie sitt liv. Dei to sistnemnde personane, har kvart sitt forhold til Julie – på kvar si side av det gode og vonde.

 

Julie Rød er ei kvinne på 18 år, som jobbar som hushjelp og butikkdame hjå kjøpmann Fuglevik. Julie lever eit tilfredsstillande liv, med lette forelskingar og med eit sinn fylt av dikt og draum. Alle draumane hennar gjer at ho ikkje vil binde seg enda, trass mange og villige kjekkasar. Men Julie sitt liv i denne tida, består også av tvil og grubleri. Ho har så mange usvarte spørsmål, frå heilt konkrete til meir djuptgåande problem. Sorga etter Synna og nesten-valdtekta av Inge, gjer ikkje livet hennar enklare. Ho blir inneslutta og ser inga glede. Julie har mange forventningar til korleis ting skal vere og lengtar etter det. Men inne i dette, er Julie også ganske naiv. Ho er så uforbeholdt i forventningane sine. Forventingane hennar kan verke som på kanten til ikkje realistiske. Men likevel drømmer ho.

 

Vi blir kjende med Julie på grunnlag av det ho tenker, men også på det ho seier og gjer. Noko som kjenneteiknar Julie og som ofte blir tatt opp i boka, er den raudninga som kjem når og kvar som helst, noko som enno viser barnet og uskyldigheita i henne.

 

Mora til Julie, Helga Rød er ei kvinne i sin beste alder. Ho er arbeidsam, og har ei spesiell omsorg og ømheit for borna sine, sjølv om det sjeldan kjem fram. Det som opptek Helga mykje, er bygda og snakk. Ho er oppteken av sitt eige og familien sitt rykte, og berre det gode skal bli snakk av på bygda. Men det som er med denne bygda er at det det blir snakk av er berre det som er avvik frå normene. Så Helga er svært opptatt av at det som er innanfor familien ikkje skal kome ut. Det ytre av familien skal berre vise velstand og rederligheit. Helga kan verke som ei stram og harm kvinne, og det heng att frå den tida ho var ung og gifteklar. Ho var kjærast med ein frå ein annan gard, og på ein eller annan måte kunne ikkje dette bli noko av, og ho gifta seg med far til Julie, Johannes Rød. I boka kjem det fram at han var ein slags reserve.

 

Jørgen Storvik er ein kar frå ei bygd utanfor Kristiansund, med slekt i Kristiansund. Han bur på garden til foreldra og er odelsgut på garden. Han lever under foreldra sitt ”regime”, og alt han bruker og tener av pengar er under kontroll av foreldra. Såleis er han lite sjølvstendig, men har mange meiningar om korleis ting skal vere. Men å trasse foreldra med meiningar og gjeremål, det gjer han ikkje. Der er han svært svak.

 

Jørgen og Julie er to personligdomar som er relativt like, men likevel svært ulike. Kanskje det er derfor Jørgen er så ustyrteleg forelska i Julie. Han tok pennen fatt, og skreiv til Julie, og fekk god kontakt med henne. Han var ganske frampå, og fekk såleis hjartet hennar. Jørgen viser med det, stor viljestyrke. Han viser at han torer vere frampå og fekk gjennomført det største han ville.

 

Handlinga går føre seg i tida etter første verdskrig, nærmare bestemt frå 1918 til 1920. Vi får høre ein del frå bygdene i Romsdal, med avstikkarar til Kristiansund og bygdene utanfor. Vi får nokre skildringar om korleis plassane er, men berre dei plassane som vedkjem Julie og som ho bryr seg om. Elstad skildrar godt det sosiale miljøet i heimbygda til Julie, med mykje alvor, bygdesnakk og kvardagsvondskap. Mykje i bygda er slit, og folk må oppføre seg skikkeleg, elles er det snakk med ein gong. Kva bygda meiner, fører ofte til at den einskilde personen veljer deretter. Dette fører til at folka går og vaktar på dei einskilde gardane.

 

Elstad fortel om kvardagslege folk i tilsynelatande kvardagslege forhold, men dei er likevel midt oppe i dramaet. Og ho skildrar det så godt. Folk kan kjenne seg att, for det ho skriv om, er ting som gjeld alle til alle tider – fødsel og død, kjærleik og samliv. Elles blir tida og utviklinga framover skildra godt. Det verkar som om Elstad har lagt mykje vekt på tida og korleis det var den tida. Ho skildrar med stor innleving eit miljø og ei tid som ho har gode og solide kunnskapar om. Det er berre heilt flott å høyre om.

 

Elstad skriv på bokmål og ved replikkar skriv ho den dialekten som passar bygda personen er frå. Elstad skildrar mykje og skriv slik at romanen blir levande. Dikta som er i romanen er skrivne forholdsvis på norsk og dansk. Språket er delvis ganske daglegdags, men eg har også fått ei kjensle av poesi i setningsoppbygginga. Av og til tykkjer eg setningane blir til dels litt lange og uforståelege. T.d. ” Jeg elsker dig, skriver han, skriver hun til ham”


 

Eg vil seie at romanen går stort sett i ei linje, med oppturar og nedturar. Romanen inneheld lite ”action” og vendepunkt. Men nokre vendepunkt er der, som forandrar livet til Julie. Når Synna døyr må Julie reise heim att og vere der, fordi ho trengs heime. Ho må slutte i jobben hjå Fuglevik, og dette skapar frustrasjonar hjå Julie. Alt var så tilfredsstillande. No føler ho berre sorg og svik. Etter Inge sitt besøk, vert Julie enda meir nedbroten og stenger seg sjølv inne. Eit større vendepunkt kjem, då ho får brevet frå Jørgen. Dette brevet skal forandre livet hennar, og om ikkje lenge er ho ei forlova kvinne, der ho har funne kjærleiken. Ho føler ei enorm glede over tilværet og livet. Endeleg er det hennar tur.

 

Romanen handlar om livet og livets gang, og dei sentrale tinga i livet. Elstad skriv om ting som dei fleste menneske går gjennom før eller seinare. Sorg og glede – forventingar og lengslar – kjærleik og svik.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil