Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Beatles

Beatles

Bokanalyse av Lars Saabye Lars Saabye Christensens bok 'Beatles'.

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Bokmål
Tema
Beatles


:Forfattaren

 

Lars Saabye Christensen er blant Noregs mest populære samtidsforfattarar, og vart født 21. september 1953. Dei fyrste åra av forfatterskapet hans vart finansiert gjennom Statens lånekasse for utdanning. Han debuterte i 1976 med diktsamlinga "Historien om Gly", og har sidan gjeve ut fleire samlingar; "Kamelen i mitt hjerte" (1978), "Jaktmarker" (1979), "Paraply" (1981) og "Åsteder" (1986). Lars Saabye Christensen fekk Tarjei Vesaas’ debutpris for "Historien om Gly".

 

Men det er som romanforfattar han er best kjend. Det gjeld bøker som "Amatøren" (1977), "Billettene" (1980), "Jokeren" (1981) og "Blodets bånd" (1985), alle bøker med eit spenningspreg. Romanane hans utspelar seg i Oslo sine ungdomsmiljø, og "helten" er som oftast ein nokså mislykka individualist.

 

"Beatles" (1984) er hans mest kjente bok, og gir ei bra skildring av gutar sin oppvekst i 1960-åra. Boka gjev eit godt innblikk i 1960-åras Oslo og i ein heil generasjon sine idealer. "Beatles" er blitt omsett til mange språk, og er seld i meir enn 100.000 eksemplar. Oppfølgjaren til "Beatles" heiter "Bly", men skal visst ikkje være på lang nær så bra som "Beatles." Boka "Herman" har også blitt filmatisert. Dette skjedde i 1988. Filmen fekk Kritikarprisen for 1988. Lars Saabye Christensen har også gjeve ut ei bok om grafitti og gjendikta rockesangaren Jim Morrison sine tekstar. Han har også skrive stykkjer for radio og fjernsyn.


 

Dei utmerkelsane som Saabye Christensen har fått, som ikkje er nemnt ovanfor er Riverton-prisen og Cappelen-prisen.

 

:Handlinga

 

"Beatles" handlar om fire gutar av årgangen 1951 som er ungdommar i Oslo frå våren 1965 til hausten 1972. Det heile byrjar med dei fire gutane sine morsomheiter med å stele bilmerke frå bilane rundt omkring i Oslo. Det vert grundig forklart at alt ein treng å gjere er berre å vri Mercedes-merket tre gongar rundt, og merket er ditt!

 

Gjennom desse sju åra av Oslogutane sine liv får vi oppleve mykje rart. Kim Karlsen som fér rundt med to damer (Nina og Cecilie), flippar fullstendig ut i fylla, og hamnar delvis på køyret. Det vert liksom aldri noko ut av livet til Kim. Gjennom desse sju åra, er det popgruppa "The Beatles" som held dei saman. Dei har nemleg planar om å starte eit eige band som skal heite "The Snafus." Men dette vert det ikkje noko av. Alle fire hadde rekna med at dei skulle få pengar til instrument i konfirmasjonsgåve, men det måtte dei sjå lenge etter. Sebastian hadde også kutta ut heile konfirmasjons-køyret tidleg i boka.

 

Kvar gong dei fekk ei ny "Beatles"-plate var alle samla for å høyre gjennom plata ein åtte til ti ganger i løpet av ein og same kveld. Og eg skal love deg at det vart diskusjonar og leven, når det gjekk rykte om at "Beatles" skulle oppløysast og at Paul McCartney var daud.

 

Ei anna kvinne i Kim Karlsens liv var Henny, venninna til onkelen hans, Hubert. Dette var ikkje eit forhold som med Cecilie og Nina, men ein særs god venn av Kim som også klarte å få Hubert til å tenkje klarare og løyse opp "knutane" i livet hans. Henny og Hubert flytta etterkvart til Paris, men dette gjekk ikkje lenge, då dei fant ut at dei ikkje passa i lag. Hubert flytta då for seg sjølv.

 

Då Sebastian flytta ut av huset sitt, etter at mora hadde fått ein ny type, gjekk det fullstendig rett på trynet for Sebastian. Han hamna på køyret, inntil han skulle møte faren i Paris. Faren venta og venta, men såg aldri noko til sonen sin, Sebastian, og måtte difor reise uten sonen sin. Ingen hadde ein tokke om kvar Sebastian oppheldt seg, og Kim, Ola og Gunnar jobba nesten ein heil sommar for å tene pengar til å kome til Paris. Dei leita på kryss og tvers over heile Paris, og skulle til å gje opp då dei tilfeldigvis traff på Sebastian som spelte munnspel for å tene pengar til dagens opphald.

 

Han hadde hamna skikkeleg på køyret. Det såg nesten ut som ein tatovering alle dei sprøytestikka han hadde på armen. Dei fekk drege han med heim etter eit rømmingsforsøk, og fekk han til å slutte med denne narkotikaen. Då dei alle var samla att, og hadde fått noko å gjere att, fekk Ola plutseleg brev frå Kirsten i Trondheim om at ho var fire månader på veg med sonen til Ola. Han hadde vorte far! Difor vart dei splitta att, og spreidd for alle vinder.

 

Etter mange dårlege forsøk på å få dagane til å gå, enda Kim Karlsen opp på Gaustad Sykehus etter eit mentalt samanbrot i Oslo sine gater.

 

:Overblikk

 

Kim Karlsen blomsterbudet, med tilnamn "Paul McCartney", "Karlsen på

 

Taket", "Karlsens lim" osv. er en rappkjefta fyr som ingen kan målbinde. Kim Karlsen er ein som har en finger med i det meste. Synsvinkelen ligg nemleg hos den munrappe Kim Karlsen. Han hamner til slutt på Gaustad Sykehus etter eit mentalt samanbrot uten at boka gir nokon særleg tilfredsstillande forklaring på det.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil