Ved Rundarne

Tolkning av diktet: «Ved Rundarne»
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2000.05.15

Dette diktet, «Ved Rundarne», vart truleg skrive ned ikring 1700-1800 -talet av dikteren Aasmund Olavsson Vinje. Diktets handling er frå Rondane, sjølve diktet handlar om ein eg-person som drøymer tilbake på då han var ungdom. Det kan ein sjå utifrå denne setninga; «Med ungdomsminni er den tala blanda: Det strøymer på meg, so eg knapt kann anda». Setninga fortel korleis alderdomen strøymer på han, og at han lengtar tilbake til ungdommen. Eg-personen drøymer om fjella i Rondane og korleis fjella likner og minner han om dei i sin «fyrste ungdom såg». Setninga som fortel noko av lengselen til naturen er; «No ser eg atter slike fjøll og dalar, som deim eg i min fyrste ungdom såg, og sama vind den heite panna svalar, og gullet ligg på snjo, som fyrr det låg». Eg-personen i diktet lengtar truleg etter ungdommen, fordi han har byrja å verte gamal no, og han vil truleg døy snart. Setninga som får meg til å tru noko slikt er «Alt minner meg, det minner, og det minner, til soli ned i snjoen sloknar ut». Sagt på ein annan måte, eg-personen vil slokna ut. Diktet er ganske realistisk, fordi når ein vert gamal, saknar ein ofte det å vere ung. Så eg vil tru dette er hovudhandlingen i sjølve diktet, «Ved Rundarne», i alle fall slik eg ser det.

 

Miljøet i sjølve diktet utspelar seg i den vakre naturen i Rondane, med fjell og dalar, snø, sol og vind - noko som er eit godt kjenneteikn på Noregs natur. Miljøet som diktet har er med på å skape ein vakker stemning, ein stemning som får ein til å kjenne seg fri, fri i naturen. Naturen gir ein fridom som får folk til å lengte etter han.

 

Diktet har truleg ei glad og ei trist side, glad fordi eg-personen lengtar tilbake til ungdomstida som var ei fin tid, ei fridomstid. Trist fordi eg-personen er blitt gamal, og truleg skal døy snart. Men dette triste og glade gjer at det skapast ein realitet i det heile, og det gjer diktet mykje meir levande.

 

Diktet «Ved Rundarne» er relativt tradisjonelt, det er bygd opp av åtte verselinjer i kvar av dei fire strofene. Dette er med på å gi diktet ei form. Formen på diktet skapar eit haldepunkt, ein identitet. Den grafiske utforminga på diktet er i dei fire strofene hovudsakleg bygd opp av fem, til ti ord i kvar verselinje. Men åtte ord i kvar verselinje går igjen ein god del gonger. Den grafiske utforminga av diktet vil sjå omlag slik ut:
-------
---------
------
----------

 

I diktet «Ved Rundarne» bruker forfattaren Vinje ikkje noko som tilseier at han snakker direkte til oss. Med det meiner eg at han ikkje bruker ord som til dømes, «du». Vinje bruker eg-og meg-forma. Noko som skapar ei kjensle av at lesaren er hovudpersonen i det han les diktet. Det er ikkje noko mangel på rim i dette diktet, Vinje har teke i bruk enderim, og kryssrim, dømes på det er dalar og svalar, strøymde og drøymde, husa og lusa. Han har teke i bruk både kvinnelege og mannlege rim, dømes på kvinnelege rim er strøymde og drøymde, dømes på mannlege rim er såg og låg. Vinjes bruk av rim skapar ein rytme i sjølve diktet, noko som gjer diktet mykje meir spanande, og meir livleg.

 

Forfattaren Vinje har teke i bruk ein del teiknsetjing, noko som ikkje er vanleg hos alle diktarar. Men denne bruken av alle desse teikna skapar truleg ei slags form for rytme.

 

Vinjes ordval i diktet inneheld sjølvsagt ein god del verb, noko som er vanleg i dei fleste setninger. Men han har også teke i bruk adjektiv, som til dømes blå og svart. Desse adjektiva har evnen til å skape stemningar i diktet. Til dømes svart som kan uttrykkje død og andre mindre gode ting. Difor vil eg tru at Vinje har teke i bruk adjektiv med vilje, for å skape stemninger i diktet. Adjektiva vil truleg verke som kontrastar, saman med moglege andre kontrastar. Eit døme i dette diktet er «Ja, livet strøymer på meg, som det strøymde, når under snjo eg såg det grøne strå». Dette fortel at eg-personen byrjer å verte gamal, at alderdomen strøymer på. Farge-kontrastane kan uttrykkje sorg, glede, fridom, død, og liknande. I dette diktet blir truleg sorg og glede dei mest sentrale.

 

Eg vil tru at Vinje brukar allusjonar i dette diktet, men eg veit ikkje sjølv kor han har fått allusjonane frå. Men motivet til Vinje er truleg sorg, glede og kjærleik til barndomsheimen. Dette diktet har ikkje nokon form for dialog, replikkkar og liknande.

 

Tema i diktet «Ved Rundarne» er at når ein vart gamal, så bør ein setje seg ned og minnast ungdommen og barndommen. Dette for å hugse kor fint alt var i dei gamle dagane, på naturen, korleis han er no, og på miljøendringane.

 

Vurdert av læreren Kåre Thorsen

 

PS! Jeg fikk 5- på denne stilen, men det var før jeg rettet den. Men det er ingen garanti for at du får det samme, så vær forberedt på alt.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst