Slanking har alltid vore eit alternativ for ungdommar. Mange meinar at dei sjølve er feite, og har eit behov for å bli tynnare. Men ikkje alle slankemetodar er like gjennomtenkt og trygg. Ved alle former for diettar som skillar seg frå eit normalt, godt kosthald må ein vere særleg på vakt. Men nokon diettar kan verke sunne og balansert, men ein kjennar det i lengda. No skal vi sjå litt nærmare på dette emnet.
Kva må ein gjere for å slanke seg? For å utføre ei slik handling krev det vilje. Ein må klare å motstå visse mattypa, som godteri og liknande. Det kan ofte virke vanskeleg, når du stend der med ei kaloribombe i handa som berre skrik etter at du skal ete ho. Men før du gjer det, må du tenke konsekvensar. Er du villig til å få i deg hundrevis av fleire kaloriar, berre for ein god smak på tunga i 10 sekund? Sjølv prøver eg å ha dette i bakhovudet kvar gong eg fer lyst på noko godt. Men det er ikkje nok med og berre legge frå seg snopen sin. Om du har eit ganske stort behov for alt søtt, bør du vurdere å få i deg stoffet selen. Det er eit stoff som på ein eller ein anna måte klarer å forminske behovet ditt for søtt! Du må óg mosjonere deg meir, kvar dag for å vere nøyaktig. Gå turar, drive med sportar og ver i aktivitet hjelp ein god del. Det kan virke slitsamt med all treninga, og det er der vilja kjem inn. Skal eg klare å forsette, eller skal eg slenge meg ned på sofaen med potetgull og brus i handa?